Språkleg artisteri
Magisk realisme og den spanske borgarkrigen gir uvanleg stimulerande lesnad.
Juan Goytisolo døydde i Marrakech i 2017.
Foto: Wikipedia
Roman
Juan Goytisolo:
Ukene i hagen
Omsett av Christian Rugstad
Bokforlaget Zeno
Juan Goytisolo (1931–2017) er ein spansk forfattar som det meste av livet levde utanfor Spania: frå 1950-talet i Frankrike, tidvis i USA, og frå 1997 i Marrakech i Marokko, der han også døydde og er gravlagd.
Det anstrengde forholdet til heimlandet har med Franco-regimet å gjere. Fram til Franco døydde i 1975, var bøkene hans bannlyste i Spania fordi han gjekk rett i strupen på maktapparatet og det spanske borgarskapet og samtidig stilte spørsmål kring regimets folkerettslege legalitet. Eit par av bøkene hans kom i norsk omsetjing på 1960-talet. Så blei det stille kring Juan Goytisolo.
Ei av dei seinare bøkene hans, utgitt i 1997, er no omsett til norsk ved Christian Rugstad, som har eit vake auge for spanskspråkleg og portugisisk kvalitetslitteratur. Rugstad har fått fleire prisar for omsetjingane sine, blant anna Bastianprisen og Brageprisen i open klasse.
Original komposisjon
Ukene i hagen har ein djupt original komposisjon, forma kring bidraga frå 28 deltakarar i ein breitt samansett lesesirkel som møtest i ein hage for å finne ut kva som faktisk hende med ein spansk poet i krinsen kring Frederico Garcia Lorca.
Deltakarane har namn etter dei 28 teikna i det arabiske alfabetet, frå alef til ja, og samla blir dette ein nyansert og labyrintisk tekst i ulike variantar av same historie eller same utgangspunkt, der roller og identitetar dannar kjernen i det heile: Kven var eigentleg Eusebio*** eller Eugenio Asensio eller Alfonse van Worden som alle kan sporast til Marrakech? Var det same person med ulike identitetar? Det heile er prega av den magiske realismen og tydeleg inspirert av Jorge Louis Borges’ stil og stemme, men også av pikareskromanen representert ved Cervantes.
Juan Goytisolo blir noko motvillig vald som fiktiv forfattar av Ukene i hagen, og tidvis blir det opp til lesaren å legge brikkene i dette puslespelet eller orientere seg i dette kollektive forsøket på å finne ei slags sanning kring den svært dunkle personen Eusebio***.
Kvar for seg og samla peiker alle mot borgarkrigen og falangistane sin iver etter å reinske Spania for kommunistar, anarkistar og alle slags avvik frå den katolske trua. Når Eusebio*** blir fengsla og internert på eit sinnsjukehus og utsett for elektrosjokk og hardhendt tortur, blir diagnosen ein parodi på all slags medisinsk behandling: «Schizoid personlighetsforstyrrelse, påvirket av fysiske som psykiske patogene agenter, offer for sosial-kollektivistiske villelser og utopier samt feminine impulser kanalisert gjennom skadelig litteratur og usunt miljø mot en åpen seksuell inversjon.»
Stimulerande lesnad
Takk vere søstera, som er gift med ein offiser på høgresida, slepp han unna «dar el paseo», køyreturen til ein avsides stad der falangistane summarisk avretta fiendar eller uønskte element, slik Federico Garcia Lorca blei tatt av dage. I staden får han hjelp til å rømme frå fengselet og forsvinne, før han seinare dukkar opp i Marrakech som inneslutta einstøing eller som levemann, alt etter kven som fører ordet av dei 28 i lesesirkelen. Eller blir han omskolert til ein svulstig klakkør og talsmann for Franco-regimet?
Ukene i hagen er stimulerande lesnad prega av språkleg artisteri der kvar og ein av dei 28 forteljarane i sin underliggjande kritikk av Franco-regimet på alle vis overgår regimets eigne talsmenn, der det eindimensjonalt svulstige, aggressive og krigerske pregar den propagandaen dei støtta seg til.
Det blir gitt ut mange likegyldige og uviktige bøker her i landet. Dette er ei av dei viktige, hermed tilrådd på det varmaste.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ukene i hagen har ein original komposisjon.
Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.