Frå matfatet

Steikeost

Å grille ost er slett ikkje vanskeleg – for andre enn Tine.

Steikeost toler varme mykje betre enn eggekvitepulver og modifisert stivelse.
Publisert Sist oppdatert

Kva er det raskaste og enklaste du kan grille i sommar? Nei, svaret er ikkje pølser. Pølser, særleg dei ekstra gode pølsene som er rå og inneheld mykje kjøt, treng ganske lang tid på grillen, og dei bør helst få både direkte varme for å få steikeskorpe og indirekte varme for å verte gjennomsteikte utan å verte svidde.

Ei tjukk skive ost, derimot, klarer seg med eit lite minutt på kvar side over direkte varme for å verte seig, salt og knirkete på innsida og få utsida dekt av sprø grillsmak. Det er rett og slett vanskeleg å slå.

No kan det vere du ristar på hovudet, der du sit. Ost på grillen – vert ikkje det berre eit smelta, rennande griseri? Jo, det vil det verte med mange ostar. Men ikkje alle. Ikkje ein halloumi, til dømes – ein ost som snarare tvert om er skapt for å verte grilla.

Genial ysteteknikk

Halloumi er ei geografisk verna nemning. Nett denne osten kan berre ystast på Kypros, der han byrjar som mjølk frå både geit, sau og ku og har tradisjonar attende til tidleg bysantisk tid, kring år 400.

Framleis vert han ysta med dei same teknikkane: Osten vert bresta med løype utan å vere syrna for mykje – at halloumi er ein løypeost med temmeleg høg pH har sitt å seie for at han toler hard varmehandsaming. Der mykje syre og låg pH gjer proteina i ostestoffet ustabile, er det motsette målet når ein ystar halloumi. Viss ein varmar ostestoffet godt før ein samlar osten, og lèt den ferdig forma osten koke i mysa ein god halvtime etter at han er forma, endar ein opp med ein hard ost som berre vert seig om han vert steikt over høg grillvarme.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement