Frå matfatet
Matsvinn versjon 2.0
Er matsvinn også ei folkehelseutfordring?
Boss: Denne maten er garantert ferdig. I kva grad han har gjort nytte for seg, er likevel eit ope spørsmål.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
«Et opp maten din.» Kor mange gongar har du fått høyre – eventuelt vore den som har sagt – noko slikt?
Å ete opp maten vi har kjøpt eller lagt på tallerkenen, er fyrste skanse for å hindre matsvinn. Ja, «tenk på dei svoltne borna i Afrika» var ei greie lenge før vi byrja å rekne på kor mykje mat som gjekk til spille i verda, i alle fall på den måten vi gjer no.
Men er den måten å tenkje matsvinn på – at det du har fått opp i handlekorga, gjennom kassen, inn på kjøkkenbenken, i handa og/eller på tallerkenen, må inn i munnen, etast, tyggast, svelgjast og fordøyast – eigentleg heilt riktig? Eller kan det vere han ikkje femnar om alt?
Eg tenkte på dette sist eg fekk ta føre meg av ein hotellfrukost. Mellom eggerøre og bacon, yoghurt og müslivariantar, små croissantar og store brødkorger stod det, som det sømmer seg, eit skilt med teksten: «Ta det du vil, men et opp det du tar.» Så då gjorde eg det, då. Og du og du så mett eg vart. Mett nok til at den fyrste delen av fjellturen som kom etterpå, var monaleg tyngre enn han hadde trunge å vere.
Tankane gjekk vidare då eg om lag samstundes såg at nettdaglegvarebutikken Oda reklamerer med prisfrys på hundre kvardagsvarer. På fryslista var ikkje berre havredrikk og magrare spekeskinke, men også energidrikkar, brus (utan sukker), kokosbollar (både med og utan sukker), gulrotkake, Oreo-kjeks, restitusjonsdrikkar og proteinbarar. Hm, tenkte eg. Vi seier at mat er dyrt. Men er vi eigentleg samde om kva vi meiner med mat?
Energi og ressurs
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.