JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Smoothie

Framleis litt rusk i fruktdrikkmaskineriet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frisk frukt i fine fargar er flott i ferien.   Foto: pxhere.com

Foto: pxhere.com

4070
20220715
4070
20220715

Byrjar ismaset å tære på no etter kvart? Ja, det er jo ferie, og då skal ein ikkje seie nei, nei, då skal ein unne seg alt – uendeleg med vere opp seint om kvelden, sove lenge om morgonen, og is, is, is så lenge frysedisken rekk.

Så kva gjer ein då, om ein eigentleg syns det får halde med tre ispinnar om dagen, men klokka berre er to og mini truleg ikkje kjem til å ete middag i dag heller? Jau, ein kjem sjølvsagt dragande med smoothie-flaskene.

For at fruktmos på flaske, med fine fargar og frisk smak som faktisk kjem frå frukt og bær, er ein liten genistrek, det er det ikkje særleg tvil om. Men er dei alle like geniale – og kor ærlege er smoothieprodusentane eigentleg om kva som er på flaskene deira?

Dominerande bananer

Det er nokre år sidan spørsmålet vart stilt fyrste gong: Om ein smoothie inneheld førti prosent eplejuice, tolv prosent banan og seks prosent mango, kan han då kalle seg ein mangosmoothie? Åra går fort – det var i 2013, altså for ni år sidan, at Mattilsynet i rapporten «Villedende merking – kampanje 2013» gav ni av ni testa smoothiar raude strekar i boka.

For sjølv om regelverket er basert på ei lov og femten ulike forskrifter, er det temmeleg enkelt og klart: Presentasjon og framstilling på etikett og i namneval skal spegle innhaldslista. Verre er det ikkje.

Framleis kan det likevel synast for vanskeleg for enkelte. Både Bendit og Cevita snik seg nok kring regelverket ved å skrive «Mest smak av» med lita skrift før råvarene dei ynskjer å skrive kjem med stor skrift – ta Bendit sin Bringebær og jordbær, til dømes, som framleis inneheld mest eplejuice (førti prosent), og som har dei nærast obligatoriske tolv prosentane med banan. Denne banana er veldig dominerande i smaken, det er ikkje til å kome i frå, men får likevel berre nemning med lita skrift under dei meir ettertrakta salsfruktene.

Froosh sin smoothie er annonsert med ananas, raudbete, aloe vera og ingefær, men har i røynda ni ingrediensar, og raudbeten har ikkje fått lov å bidra med meir enn tre prosent. Froosh lagar og ein energismoothie – eller Up Beat Smoothie, som dei seier sjølve – med mango, guarana og kaffiekstrakt – som eg litt usikker på om bør gjevast til born i det heile: Han inneheld ved alle høve 26 milligram koffein per 100 milliliter drikke, og det er nesten like mykje som ein Redbull, utan at det vert nemnt andre stadar enn med lita skrift på baksida.

For lite pasjonsfrukt

Den frukta som det vert juksa mest med, er nok likevel ei gul, smilete og frøete ei som kjem frå mykje varmare strøk. Pasjonsfrukt blant dei mest nytta ord i namneval, medan frukta vert skubba langt nedover på ingredienslista. Froosh lagar Peach & Pashion Fruit med fem prosent pasjonsfrukt, Synnøves Påfyll på farten yoghurtsmoothie Mango & Pasjonsfrukt inneheld det same, medan Cevitas Mango/Pasjonsfrukt berre har fått plass til tre prosent.

Nokre frukter høver jo best i små mengder – som sitron og lime, til dømes, som vert alt for sure om dei får utgjere femti prosent av smoothien.

Men er pasjonsfrukt ei slik frukt? Nei, på ingen måte. Noko av det beste du kan gjere i Brasil, til dømes, er å stoppe i ein juicekiosk på eit gatehjørne og kjøpe deg ein suco de maracujà – ein rein pasjonsfruktjuice. Heilt personleg må eg innrømme at det er det beste eg veit, og difor vert eg alltid så skuffa kvar gong eg vågar meg på eitt eller anna som heiter noko med pasjonsfrukt her heime – fordi det ikkje smakar pasjonsfrukt i det heile. Misbruk av ei glimrande råvare, spør du meg.

Så. Kva har vi av ærlege smoothieprodusentar? Coops EMV-serie som går under merkenamnet Coop peiker seg ut: Her er namnet på drikken rett og slett alle råvarene som er oppi, i same rekkefølge som på innhaldslista. Designet er enkelt, oversiktleg og likevel langt frå stygt.

Kjøper eg smoothie frå Bendit, Cevita eller Froosh som ikkje held det han lovar i overskrifta? Nei takk, eg held meg til Coop som droppar heile tittelen og puttar innhaldslista på framsida.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Misbruk av
ei glimrande råvare, spør du meg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis