JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Oreo

Oreo-kjeksen er ikkje prova å vere verre enn kokain enno, men han er større enn han har godt av.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Oreo kjem som kjeks, sjokolade og springesko – og no òg som frukostblanding.

Foto: Alex Brandon / AP / NTB

4253
20230317
4253
20230317

Du kjenner til Oreo-kjeksa, sant? Dei svarte dobbeltdekkarkjeksa som kallar seg sjokoladekjeks fordi det er bitte litt kakao i kakedeigen, og som er fylte med kvit fyllmasse, er nærast ein institusjon verda over – og då meiner eg verda over: Landet som sel nest mest Oreo-kjeks, altså etter USA, er Kina.

Så er ikkje Oreo-kjeks berre Oreo-kjeks lenger heller. Visste du at sjølv i Noreg har Oreo namnet sitt på minst 15 ulike produkt? At tre av dei – ei sjokoladeplate, eit sjokoladeegg og ein sjokoladekjeks fylt med Oreo-krem – er produsert av Freia, er ikkje så rart som det fyrst høyres ut som: Både Freia og Oreo er nemleg eigde av den globale godterigiganten Mondelez.

Oreo er meister i å gjenoppfinne seg sjølv. Vi har alt Oreo-kjeks i sjokolade og sjokolade i Oreo-kjeks. Vi har små Oreo-kjeks og knuste Oreo-kjeks, iskrem og ostekake med Oreo-kjeks og endåtil Oreo-kjeks dyppa i eit ekstra lag smelta sjokolade. Om vi fram til no har måtta vente til lunsj eller mellommåltid eller snackstid for å få ein støyt Oreo-smak, er dei tunge tidene endeleg over: Frå og med om lag no får vi kjøpt Oreo som frukostblanding.

«Sprø kakao-ringer kombinert med sprø kuler med vaniljesmak», om vi skal tru den norske importøren Jensen & Co, og som alt ein «stor salgssuksess» i Europa. Oreo O’s, som suksessen heiter, inneheld 27 prosent sukker, palmeolje, 2,8 prosent Oreo-bitar og, ikkje minst, den særs unøyaktige ingrediensen «smakstilsetninger».

Kva er det eigentleg med Oreo som gjer det til verdas mest selde kjeks – seld over tre gonger meir enn neste kjeks på lista?

Vanedannande

Sjølv kjenner eg meg tom for argument. Eg må google – og prøver meg på søkefrasen «why are oreos so good». Men når Google sjølv foreslår at eg i staden skal søke på «why are oreos so addictive», kan søkemotoren eit tidels sekund seinare fortelje meg at jammen finst det ei vitskapleg undersøking – publisert i Science Daily – frå 2013 som har tittelen «Are Oreos Addictive? Research says yes».

Forsøket, som er utført på mus, ikkje menneske, er sitert i alt frå Forbes til The Guardian. Ein professor og studentane hans ved Connecitcut College har gjeve Oreo-kjeks til mus og funne at kjeks tenner fleire lykkelampar i musehjernen enn sentralstimulerande narkotiske stoff gjer.

Men fyrst hjå The Guardian kjem vi til kjernen av det som faktisk står i artikkelen: Det handlar ikkje eigentleg om at Oreo-kjeks i seg sjølv gjer folk avhengige, men om at mat som inneheld mykje feitt og/eller mykje sukker, stimulerer hjernen på same måte som narkotika.

Med andre ord, attende til start i Oreo-mysteriet mitt. Eg prøver igjen, litt nærare denne gongen: Kva var det eigentleg Knudsen og Ludvigsen song om i «Eventyret om en melodi»? Du veit den songen der ein gut går langs ein landeveg og plystrar på ein melodi, og kort tid etter syng heile verda den same melodien. Eventyret har tre avslutningar, og svaret vårt ligg i den sannsynlege: «For når hele verden sang på den samme sangen samtidig, var det resultat av en dyktig og intens global markedsføring av musikk som forbruksvare», fortel dei to kloke og kreative trønderane i songen.

Spørsmålet

Slik er det nok, tenker eg. Oreo har brukt stordriftsfordelane sine til fulle og fortalt verda at fordi dei er store, er dei gode, og så har dei vorte endå større, og til slutt har vi slutta å lure på om det eigentleg trengst andre kjeks enn akkurat Oreo.

Med andre ord har vi hamna ved eit tusenkronersspørsmål: Finst det alternativ igjen? Kan vi ete sjokoladekjeks utan å dette ned i Oreo-gryta?

Vi kan det. Dei er færre enn eg trudde, og vert ikkje heilt som Oreo-kjeks, men det er jo heller ikkje poenget. Oreo lagar nok kopiar av seg sjølv, vi andre kan lage andre ting – som Orkla-eigde (og diverre Latvia- og Spania-produserte) Ballerina, som er sjokoladekjeks med sjokoladefyll, eller Safaris sjokoladekjeks med vaniljefyll.

Eller kvifor ikkje gå heilt attende til dei gode, gamle vaffelkjeksa – Sætres Gullvafler, til dømes. Ingen sjokolade her, men så smakar det heller ikkje så mykje sjokolade av ein Oreo-kjeks. Om du er ein global snackskategorivinnar, er smak tydelegvis ikkje så viktig.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis