JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Mat med grønsaker

Grønsaker må ikkje vere grøne lenger.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Her er det er mange grønsaker ute og går. Men kva med dei som gøymer seg?

Foto: Pxhere.com

4143
20221021
4143
20221021

Om du er vegetarianar eller kjøtelskar, matentusiast eller ferdigpizzaforbrukar, kjem du ikkje unna: Grønsaker er ein essensiell del av kosthaldet ditt. Men kva er eigentleg ei grønsak? Grunnen til at eg lurer, er to nye produkt: eit sjokoladepålegg frå Mills med namnet Sjokao og ein kjøtdeig frå First Price som begge reklamerer med at dei inneheld 50 prosent grønsaker.

I Sjokao er det kvite bønner og søtpotet som er nytta, og kjøtdeigen har både kidneybønner og kikerter sentralt plasserte på innhaldslista, saman med raud paprika og gulrot. Men der dei to sistnemnde absolutt resonnerer med grønsaksnemninga i mitt hovud, er dei fyrstnemnde tre belgfrukter, medan søtpotet er potet, eit næringstett karbohydrattilskot på linje med ris og brødmat.

Frå urter til bønner

Men kva seier litteraturen? Mest truleg er eg for trongsynt. Store norske leksikon seier rett nok at grønsaker opphavleg var «betegnelse på grønne deler av urteaktige planter», men dei held fram med at det no vert brukt «også om andre plantedeler» – til dømes røter, lauk, blomsterstand (som blomkål og brokkoli), umodne frukter (som agurk, bønner og erter), modne frukter (som tomat) og modne frø (som andre typar bønner og erter). Avgrensinga vert gjort ved ekskludering: «De fruktene som defineres som grønnsaker, er i hovudsak frukter med et høyt vanninnhold som verken smaker surt eller søtt.»

Søte bananar, sure ripsbær og sursøte eple vert altså fort ekskluderte frå grønsaksgruppa. Korn vert kasta ut fordi det har for lågt vassinnhald. Ifylgje dei generelle kvalitetskrava til Felleskjøpet skal kveite, rug, bygg og havre ikkje ha høgre vassinnhald enn 15 prosent ved levering.

Men så er det grensetilfella: Det meste av sukkeret vi et i Noreg, kjem frå sukkerbete, og et ein denne beten rå, vil han, trass i det høge sukkerinnhaldet, fyrst og fremst smake bittert, og vassinnhaldet er om lag på nivå med gulrot. Likevel vil dei fleste vere samde i at foredla sukker ikkje er ei grønsak.

Hadde definisjonen vorte meir presis om han hadde sagt noko om foredlingsgrad? Både kaffi og sjokolade kjem frå bønner, men vert ikkje rekna som grønsaker i ferdigforedla form.

Ein slik definisjon vil sjølvsagt råke Toro og andre ferdigmatprodusentar hardt – og kanskje urettvist. Ei viss grad av foredling øydelegg jo ikkje nødvendigvis grønsaker – i nokre høve tvert om: Kokte gulrøter og hermetiserte tomatar inneheld til dømes meir tilgjengeleg næring per gram enn gulrot og tomat i si opphavlege form.

Skilnaden på ein hermetisk tomat og ei pulverisert tomatsuppe er likevel at ein i fyrstnemnde kan kjenne att råvara på både konsistens, smak og farge.

Bønner på brødskiva

Så. Kva med dei to produkta nemnde i andre avsnittet? Burde dei ha rett til å bruke det ettertrakta g-ordet?

Det er vanskeleg å nekte dei det. Grønsakene brukte i sjokoladepålegget Sjokao fortrenger òg næringstomt sukker: Sukkerinnhaldet i Sjokao er om lag ein tredjepart av sukkerinnhaldet i Nugatti. Det er ein god ting.

Skiftet er utført litt annleis i kjøtdeigen til First Price: Sjølv om for stort kjøtinntak nok er eit folkehelseproblem, spør eg meg kor store gevinsten eigentleg er ved å byte ut delar av næringsrikt kjøt i ein konkret kjøtdeigpakke med grønsaker. Dei grønsakene vi då får, er nemleg monaleg meir foredla enn dei hadde trunge å vere: Det er lite truleg at nokon av oss kjem til å legge kvite bønner oppå nugattiskiva, men det er fullt mogleg å tilsette kidneybønner, gulrot, paprika og kikerter til middagsretten på vårt eige kjøkken, og samstundes nytte litt mindre kjøtdeig.

Kvifor skulle vi gidde det, om First Price kan gjere det for oss? Jo, fordi dei grønsakene vi då ville nytte, ville byrje reisa i si råe, heile form, noko dei fleste etter kvart er samde om er sunnare enn ultraprosesserte alternativ.

Slik går det gjerne: Di meir komplisert eit produkt er, di vanskelegare er det for oss forbrukarane å ha kontroll med kva vi eigentleg kjøper. Difor løner det seg ofte å velje det enklaste. Og å hugse på at sjokolade, diverre, aldri vert ei grønsak.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mest truleg er eg for trongsynt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis