JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Kostesam helsekost

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2362
20220708
2362
20220708

Mange har røynt at det kostar å vera kar. Me kan nok draga på endå meir og seia at det kostar å vera til, i alle fall no som bukostnader, levekostnader og ei rad andre kostnader stig til vêrs som ein påkosta luftballong. I slike tider må ein verkeleg driva kostnadseffektivt og ikkje fara gjennom kostnadstaket. Vitug drift kostar tid og krefter. Vonleg kostar det ikkje meir enn det smakar.

Kost og kosta er ikkje i ætt med spise (substantivet) og spisa, men dei to ordflokkane har liknande bakgrunn. Båe er runne av mellomalderlatinske substantiv med tydinga ‘utloge, kostnad’, høvesvis costus (m.), costa (f.) og spesa (sistnemnde av latin expensa ‘utloger’, eig. ‘utloger til mat’). Med andre ord: Spisa er skyldt engelsk expense (‘utloge, kostnad’) og expensive (‘dyr’). Til grunn for cost- og kost-orda ligg det latinske verbet constare (eig. ‘stå med’). Det er heilt rimeleg at kosta har hovudtydinga ‘stå i ein viss pris’.

Me kan framleis nytta kost i tydinga ‘utloge’, jamfør ord som sjølvkost og kostpris. Men som oftast nyttar me kost om fast og flytande føde og opphald med føde («ha nokon i kosten», «kost og losji», «gå på kostskule»). Det gjeld visst å ha eit variert kosthald, so her er det berre å køyra på med fiberkost, råkost, husmannskost, gjestebodskost, sikringskost og vegetarkost. Frukosten er òg viktig for mange. Nokre kostar på seg kosttilskot attpå.

Om ein ikkje er velsigna med dagstø kostgodtgjersle, kan det verta kostesamt, kostbart eller kostalt å leggja om kosthaldet. Kan henda lyt ein nøya seg med kvardagskost i helgane. Kosteleg i tydinga ‘morosamt’ er det som regel ikkje. Men somme gjer det likevel, kosta kva det kosta vil. Det må òg nemnast at kost, til liks med føde, kan nyttast om det me tek inn med augo og øyro («åndeleg føde»). Bøker og filmar kan vera hard eller tung kost.

Når me seier at noko kostar flesk (el. skjorta) eller ein slikk og ingenting, er det gjerne pengar me talar om. Men kostnader kjem i mange former. Ei einskild gjerning kan kosta oss dyrt. Ja, ho kan kosta oss jobben, livet eller noko anna me held høgt. Somme nyttar dessutan kosta om det å betala for eller bruka pengar på noko eller nokon: «Eg kostar reisa sjølv.» «Dei kosta skulegangen min.» «Ho kosta ut (øydde) alt ho åtte.»

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis