I fillebitar
«Ein skal ikkje sjå fanten på fillene», seier eit ordtak. Og: «D’er ikkje alt fant, som går i filler.» I dag har folk flest fleire klede enn folk hadde då desse ordtaka vart laga. Det er ikkje berre velstand i dag heller, men folk i fillete klede var eit vanlegare syn før. Same korleis kleda ser ut, kan me (på skjemt) kalla dei filler: «Få på deg fillene!»
Om du slengjer på deg ei kledefille og dreg på fest, kan du få sjå litt av kvart. Kan henda seier ein festdeltakar til ein annan at dama hans er ei flyfille, og so slåst dei so fillene fyk. Då er det fyrst og fremst klede eller kledebitar som fyk, men stundom kjem ei hudfille eller skinnfille fykande. Og der har me sjølve ur-filla. Du skjønar ikkje filla, seier du?
Grunntydinga til fille er ‘skinn, hud’. I norrønt finst ordet berre i samansetjingar som hnakkafilla (‘nakkeskinn’) og kinnfilla (‘hud på kinnet’). Ordet er i ætt med film (eig. ‘hinne’). Tydinga ‘tøyremse, klut, flak’ er yngre, men ho har no teke heilt over. Dimed har me fått ord som skinnfille, som strengt teke er smør på flesk.
Det kan vera fint å le seg fillete, sjå på dalande snøfiller og gjera reint med ei god skurefille. Mange har òg røynt at filleryer kan gjeva heimen eit lyft. Likevel har filla eit imageproblem. Jau, ho er god å ha, men ofte vert ho kopla til det som er smått, låkt og lite staseleg. Om me vil målbera at noko er dårleg eller har lite å seia, kan me berre setja fille fremst i ordet: «Eg vil bort frå denne fillebyen.» «For eit fillevêr.» «Di fillebikkje!» «Det er ei fillesak.» Nedst på samfunnsstigen finn me filleproletariatet (sv. trasproletariat, da. pjalteproletariat).
Me veit ikkje kvar ord som filleonkel og filletante kjem frå. Å kalla dei filleord vert for strengt, men dei har ein litt lei svip. Me skal elles vera varsame med å rista levande skapningar slik me rister ei fille. Biletleg filleristing er naudsynt i nokre tilfelle, men utrop som «fy filler’n!» gjer òg susen. Filler’n er truleg laga av fille, etter mønster av fanker’n og liknande. Me plar òg gripa til fille når ein heilskap vert slegen sund eller øydelagd på anna vis: «Skjorta vart riven i filler.» Du kan sprengja noko i fillebitar, men so gjeld det å forsvinna som ei ånd i ein fillehaug (ljodlaust, sporlaust).
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.