JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Herskesjuke herrar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2368
20230519
2368
20230519

«Herremanns vilje kan snart venda seg», vert det sagt. Få veit meir om det enn tenarane. Og tenarar trengst visst, for «det kan ikkje alle herre vera; det lyt einkvan sekken bera». Om ein i tillegg har stelt seg slik at ein tener to herrar, kan det verta vel stridt. Ein kan elles leva herrens glade dagar utan å vera herre, men herregud so herleg det må vera å bu herskapleg og få herremåltid kvar dag.

 Herre kjem av eit germansk adjektiv som opphavleg tydde ‘grå, gråhåra’. Etter kvart vart adjektivet òg nytta i tydingane ‘gamal, fornem’. Me finn det mellom anna i norrønt (hárr ‘grå; gråhåra, gamal’), engelsk (hoar, hoary ‘grå, gråna av elde’) og tysk (hehr ‘opphøgd, vyrdeleg’). Substantivet herre er strengt teke komparativ av det nemnde adjektivet og tyder soleis ‘meir grå(håra), eldre, vyrdelegare’.

Det ser ut til at herre har fått tydingane ‘rangsperson, leiar’ etter påverknad frå latin senior (‘eldre’, komparativ av senex ‘gamal’). Senior vart nytta som substantiv med tydingane ‘eldre mann, herre’ (jf. t.d. italiensk signore og engelsk Sir). Herre skal ha kome inn i nordisk frå gamalsaksisk. Norrønt herra var mykje nytta som tittel, fyrst for kongar, prinsar, jarlar og bispar, sidan for lendmenn, riddarar og abbedar, og endå seinare for prostar og prestar. Herleg, herska og herskap er i ætt med herre. Det er uvisst om hersa og hersens er det. Hertug er det ikkje (det kjem av hær).

Nokre drøymer om å verta herre over eit land eller få verdsherredøme (jf. sigerherre). Høgda til «dei høge herrane» har med rang og makt å gjera. Éin herre har so mykje makt at me skal nytta stor førebokstav: «Mannen spår, og Vårherre rår.» Det er radt ikkje alle som likar at herre vert nytta forsterkande, men vanleg er det likevel: «Kva i herrens namn er dette?» «Det var for mange herrens år sidan.» Me har òg utrop som «herre min hatt», «herre jemini» og det førnemnde herregud.

Det er ikkje berre storkarar og leiarar som er herrar. Stundom tyder herre rett og slett ‘mann’, som i herrebesøk, herrefrisør og herrelag. Kvinner kan fint sykla på herresykkel og vera herre i eige hus, men merk at herre er eit av orda som får køyrt seg i Egalias døtre (1977) av Gerd Brantenberg. Der heiter det til dømes jomherr, herrentimmer og herken (for frøken).

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis