Dyr

Heipip, lerkeaktig erlefugl

Biletet syner godt den lange bakkloa, som er eit kjenneteikn for heipiplerka. Den gjer det lettare å få fotfeste på ulendt og mjukt terreng.
Publisert Sist oppdatert

Jæren i byrjinga av april: Eg bur i fyrmeisterbustaden på Obrestad. Alt fyrste morgonen vart det klart: Det 16 meter høge fyret og husa rundt er innlemma i eit songlerkerevir, og heile området er eit songlerkeland.

Etter nokre dagar byrjar øyra å ane skilnader mellom individa: Her hermar songlerka etter storspoven, der har ho integrert linerlerop i songen sin. Her har ho busett seg midt i ein åker, der ligg ein hageflekk langs bilvegen innlemma i reviret. Det er til å verte blind av når sola skin og blikket leitar etter den vesle prikken som syng høgt oppe.

Ein morgon medan det enno ikkje blæs, går eg ut og vert ståande ved den inngjerda heiflata som strekkjer seg ut rett bak fyret. Ho er ein del av eit landskapsvernområde, og kan verke stille med det same, men det tek ikkje lang tid før ho røper fugleliv. Her òg bur det songlerker. No stig ein fugl igjen opp, før han lèt seg falle ned frå himmelen i typisk lerkeflukt: som ei vengefrukt med full kontroll over kursen, syngjande.

Men songen og fluktspelet er annleis. Det heile varar kortare enn hjå songlerka, og songen følgjer tydelegare fluktrørsla: Han byggjer seg opp til stadig hastigare tempo og høyrest så ut som noko som fell på bakken og trillar. Songaren landar på ein av steinane som ligg spreidde i det grøne graset, og står stille ein kort augneblink. Eg får sjå han i kikkerten, og synet saman med songen røper arten: Det er ei heipiplerke.

Evolusjonært sett har piplerker lite med lerker å gjere. Dei høyrer til i erlefamilien og er altså i mykje nærmare slekt med linerla enn med songlerka. Det offisielle namnet for heipiplerka på engelsk er meadow pipit, «heipipit», der pipit skal vise til lydane denne arten og fleire andre i piplerkeslekta lagar. Piplerker er med andre ord fuglar frå erlefamilien som etter det som vert sagt, seier «pip» eller «pipit» og ter seg delvis som lerker.

Dei dannar ei talrik og kosmopolitisk slekt som på 1800-talet fekk eit vitskapleg namn, Anthus. Opphavet til ordet er å finne hos Plinius den eldre: I naturlæra hans er anthus namnet på ein liten fugl som går på grassletter. I dag er over 40 piplerkeartar anerkjende. Fire hekkar i Noreg. Heipiplerka, Anthus pratensis, er éi av dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement