Kunnskap

Den fargerike ungkarsfinken

Med skiferblå kalott, raudt hovud og bryst, brun og lysegrøn rygg og svartkvite vengjer er bokfinkhannen ekstremt fargerik. Hoa og ungfuglar fram til nokre månaders alder er brungrøne. Slik fjørdrakt har synt seg å vere god kamuflasje.
Publisert Sist oppdatert

Det var morfar min frå Bretagne som gjorde meg merksam på bokfinksongen då eg var barn: «Pia pia pia pia pia skrrrrri». Sidan har eg hatt lett for å høyre når bokfinkar syng i nærleiken. Det var iallfall slik eg oppfatta det til eg flytta til Noreg.

Dei fyrste åra her, tidleg på våren, pla eg høyre ein song som ikkje verka ukjend, utan at eg klarte å setje namn på han. Det skulle snart syne seg å vere nettopp bokfinken. Han song berre annleis, mindre strukturert, meir vaklande enn det eg var van med. Kvifor, lurte eg på ei stund. Var høyrselen min vorten så rusten?

Med åra har også bokfinksongen vorte til eit av dei fyrste vårboda for meg: I Noreg er han ein trekkfugl og tel blant dei som kjem tidleg tilbake. Han er også svært talrik frå sør til nord: Talet på hekkande par skal liggje mellom to og fire millionar.

Slik får vi ta del i røystoppvarminga, som skjer i takt med den aukande daglengda: Tidleg om våren lagar bokfinken ei eiga type ytring som vert kalla for «subsong», ein ikkje fullt utvikla versjon av songen. Han vert ofte tolka som øving i forkant av hekkesesongen, og det var dette som forvirra meg.

Også på seinsommaren kan det merksame øyret fange opp subsong, då ungfuglar av ulike artar alt øver på å tileigne seg sitt eige artsspesifikke uttrykk. Hos eldre fuglar kan subsong om våren også vitne om at seksuelle hormon, som er viktige for songytring, er på veg opp i kroppen under stimulering av dagslys.

I år høyrde eg plutseleg bokfinken syngje for fyrste gong medan eg gjekk gjennom Kampen park i Oslo 12. mars. Det var ganske tidleg, og songen slo meg også som fullenda. Data frå ringmerkingsstasjonane syner at framkomsten til trekkfuglane har vorte skuva fram med 4,1 dagar mellom 1990 og 2025.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement