Kunnskap
Virtuosen i gråvêret
Måltrasten er ein liten trast, med mørke flekker som minner om omsnudde hjarte på lyst bryst. Vengjene og ryggen er rustbrune. Kjønna er uskiljande på fjørdrakta.
Foto: Sveinung Lindaas
Eg er på vitjing i barndomstraktene ved byen Blois i Loire-dalen og går ein tur i parken som ligg nokre hundre meter frå huset. Det har regna mykje denne februarmånaden, elva er særs høg. Område med piknikbord og grøne hesteenger er overfløymde.
Temperaturane ligg godt over normalen for sesongen. Fuglar eg aldri såg for femten–tjue år sidan, synest å ha funne seg til rette, cettisongar, kuhegre og svartehavsmåse, som på engelsk heiter Mediterranean gull, «middelhavsmåse». Namna på denne arten er talande: Fuglar som har hatt tilhaldet sitt sør i Europa, har no kome så langt nord som til Loire, her 180 kilometer sør for Paris.
Lufta er fuktig, det har regna i nesten to veker, og flokken med kuhegrar vekkjer assosiasjonar til sørlege strøk. Det er på tide å gå heim. Eg set kursen mot utgangen av den utstrekte parken, og brått høyrer eg han føre meg – ein virtuos, eksotisk song utført med kraftfull røyst høgt oppe i eit tre i det mørke gråvêret.
Fyrst etter ei stund maktar hjernen min å setje namn på det varierte uttrykket, der songaren gjentek kvart motiv éin eller fleire gonger, i moderat tempo: Dette vert for meg årets fyrste måltrast. Samanlikna med kuhegrane har denne songaren med samansett song ei nordleg utbreiing. I Frankrike er han både stand- og vinterfugl. Datoen er 19. februar. Langs desse breiddegradane byrjar måltrasten gjerne å syngje i januar–februar, denne er her for å bli. I Noreg må ein vente til månadsskiftet mars–april for å høyre han.
Dei som hekkar i Nord-Europa, er trekkfuglar, og framkomsten varar ut mai – då er måltrastane på plass i Varanger også. Den norske hekkebestanden er vurdert til å liggje mellom to og tre millionar individ, og ringmerking har synt at dei trekkjer mellom Vest-Europa og Nord-Afrika, med bukkehoppmønster: Dei som held til lengst nord, dreg lengst sør. Mesteparten av gjenfunna er fuglar som vart skotne i jakt. Måltrasten er med sine 60 til 100 gram eit ettertrakta småvilt.
Eg nærmar meg songen som kjem frå eit lite skogholt i ei skråning der dei høge trea bognar med misteltein. På sida går ei brei steintrapp i skuggen av to rader med buskar som veks innover på skrå og møtest med greinene på toppen. I denne tunnelen er det mørkt og løyndomsfullt. Over hovudet på meg syng måltrasten ivrig og usynleg. Her og der kjem hermingar etter andre fuglar: dei korte plystrelydane til tjelden, som ikkje finst her, eller dei lange alarmropa til den familiære svarttrasten, og mykje meir.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.