Fugleperspektiv
Tidevassforseinka til fuglefestival
Ringgåsdagar i Vadehavet, del 1
Ringgåsa er ei lita sjøgås som hekkar i Arktis. I april held store flokkar seg i Vadehavet, som her på Hallig Hooge i Schleswig-Holstein. Dei kjem frå overvintringsområda langs kysten av Vest-Europa og Dei britiske øyane og beitar blant anna på marskland før den lange reisa mot nord.
Foto: Naïd Mubalegh
Kystlina til Hallig Hooge, ei av dei få folkesette småøyane utan vernande dike i det tyske Vadehavet, trer fram og nærmar seg i den tynne skodda. I dag, laurdag 18. april, er det festdag; vi er ei gruppe på tretti menneske med bakgrunn i biologi, ornitologi, antropologi, naturvern og landbruk som har vorte henta av den vesle ferja MS «Seeadler» på granneøya Langeness, der vi har vore sidan torsdagskvelden.
Båten kom med tre kvarters forseinking, og vi har dårleg tid. Men etter eit par døgn på Hallig Langeness er ein vorten van med daglege avvik mellom rutetabellen for sesongen og dei faktiske avgangstidene. Ikkje éin einaste gong har ferjene kome når dei skulle: Her er det tidevatnet og månen som styrer.
Vi er venta på den 5,7 kvadratkilometer store Hallig Hooge, der blant andre miljøvernministeren for delstaten Schleswig-Holstein, Tobias Goldschmidt, alt har kome. «De skal få sjå», har den 74 år gamle ornitologen og naturvernaren Peter Prokosch varsla oss nyinnvigde i vadehavslandskapet, «her kjem ein veldig nært fuglane.» Slikt fredfullt samvær mellom ville dyr og menneske var det ikkje for seksti år sidan.
Kanskje ein kan lære av Hallig Hooge – det er til dels difor eg og fleire andre har kome hit på seminar om den austatlantiske flygeruta til trekkfuglane, som knyter stader så ulike som Mauritania, Marokko, den vesteuropeiske kystlina, Dei britiske øyane, Nord-Noreg og Sibir saman på godt og vondt. For trekkfuglane heng desse stadene saman som «perler på ei snor», som det vert kalla på engelsk, string of pearls.
Zoomar ein inn, syner desse perlene på kartet seg å vere store avgjerande «bensinstasjonar» for mange artar mellom overvintringsplassane i sør og hekkeområda i nord, anten dei er planteetarar som gjæsene eller livnærer seg på blautdyr som tjeld, snipe eller spove.
Frå ferjekaia skal ein reise ein kilometer til busetjinga på Hanswarft, der ei stor samling menneske ventar på oss tidevassforseinka for å setje i gang. Vegen, som denne festdagen vert brukt av både fotgjengarar, syklistar, bilar og lange hestevogner, strekkjer seg frå havet og inn i øya gjennom grøne enger og kanalar der hestar og fuglar beitar.
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste
månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.