Kunnskap
På sporet av hønsehauken
Hos hønsehauken har hoe og hanne lik fjørdrakt. Skilnaden ligg i storleik og vekt. Hannen er ca. 50 cm lang, hoa 60, med større vengjespenn, og hoa kan bli dobbelte så tung som hannen, opptil 2200 g. Variasjonen er stor.
Foto: Sveinung Lindaas
Det var tidleg om våren for nokre år sidan. Ein ven og mentor i feltornitologi, Eric Roualet frå Nittedal, skulle innom Oslo eit ærend og tok kontakt – om eg hadde tid til å møtast i Botanisk hage? Vi avtalte å treffast utanfor kafeen; den ligg i ein av dei gule bygningane som i gamle dagar var ein del av Tøyen gard.
Det var ikkje inn vi skulle. Då han kom, peikte feltornitologen bort frå kafeen og tunet, mot dei framleis islagde skråningane som vender mot nordvest, og spurde om ikkje vi skulle i den retning.
Eg følgde etter, og vi flytta oss nedover, halvvegs gåande, halvvegs skliande. Då vi hadde kome ned gjennom dei bratte skråningane og gjekk blant høge bartre, retta Eric blikket nedover. Fyrst stoppa han ved ferske fuglespor i det tynne snølaget, studerte dei ei stund og konkluderte: «Dette kan vere rugda, ho trekkjer innom her.»
Men det var ikkje henne han var ute etter, funnet hadde kome som ei lita overrasking på vegen. Vi heldt fram med å gå, så stansa Eric igjen. Ved foten av ei gran låg duefjører strøydde på bakken. Her hadde hønsehauken sete og fortært eit måltid.
Vi vart ståande og sjå på sporet etter det som må ha vore ein liten, men helst kvardagsleg fest for hønsehauken – som på dansk heiter duehøg. Også på fransk viser namnet autour des palombes til duer, medan goshawk, som han heiter på engelsk, viser til gjæser.
Både due, gås og høne kan verte tekne av denne rovfuglen, men også andre fuglar som kråke eller nettopp rugde, og små til mellomstore pattedyr, hare eller ekorn, til dømes: Hønsehauken er ein såkalla opportunist og fangar dei bytta han maktar å ta, i kraft av storleik og styrke. Som hos mange rovfuglar er hoa ein god del større enn hannen – opptil ein tredel hos hønsehauken, og ho vil også ta større dyr.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.