Kunnskap

Den store, men diskré duetrasten har utvikla ein slitesterk kjærleik til misteltein.

Mistelteinelskaren med vengjer

Duetrasten set dei kvite bære til mistelteinen høgt. Til felles med måltrasten har han flekkar på brystet, men dei er rundare enn hos måltrasten. Duetrasten er også større, og han står ofte meir oppreist.
Publisert Sist oppdatert

For fyrste gong på lang tid tek eg turen innom Botanisk hage i Oslo ein sundag i januar. Når eg har kome fram til epletrea på nordvestsida, ser eg han: mistelteinen som heng på eit vinternakent epletre, i år som i fjor.

Han er full av bær. Med dei mjølkekvite perlene ser han ut som eit frodig smykke på dei krokete greinene.

I Oslo by er dette eit sjeldan syn. Utbreiinga til mistelteinen i Noreg har vore avgrensa til område rundt Oslofjorden og spreidde lokalitetar i Søraust-Noreg. I seinare år har også funn på Vestlandet vorte registrerte.

Planten er det fyrste vesenet som vart totalfreda her til lands, i 1956. I 1976 vart forskrifta oppdatert slik at ho også gjaldt trea mistelteinen veks i, det vil seie vertane hans: Det er forbode å felle dei. Formålet har vore «å bevare en art som både regionalt og i landsmålestokk er svært sjelden, og er av stor naturvitenskapelig interesse».

Trass i den sjeldne førekomsten i dagens Noreg var misteltein viktig i norrøn kultur, og han har fått plass i fellesminnet.

Mange har høyrt historia om då guden Balder vart drepen av den einaste veksten som ikkje hadde vorte beden om å skåne han ­– ein misteltein som Frigg, mor hans, meinte var for liten til å bli teken i eid om å ikkje drepe sonen hennar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement