JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Godteri

At godteri ikkje er det det ein gong var, er vel ikkje noko nytt. Men det får vere grenser.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Er det godteri, eller er det plastleiker? Det er ikkje alltid så godt å seie lenger.

Foto: Pxhere.com

4324
20221202
4324
20221202

Eit av kronargumenta til Unge Høgre under EU-valkampen i 1994, skal ha vore at vi måtte verte med i EU for å få ete blått godteri – for det var berre her i Noreg vi var så bakstreverske at vi ikkje tillét dei syntetiske fargestoffa som må til for å farge noko blått.

I 2022 er Noreg ikkje med i EU, men vi kan ete blått godteri. Takka vere EØS-avtalen, som gjer at vi deler regelverk for tilsetjingsstoff med EU, fins både E131 Patentblå, E132 Indigokarmin og E133 Briljantblå å få kjøpt i norske daglegvarebutikkar. Nokre stader er det rett nok merkt med «må ikkje gjevast til hyperaktive born» eller «ikkje inntakast i store mengder», men det er ingen avgrensingar på kjøp verken i alder eller i mengde – og dei fleste er samde om at dei blå fargestoffa er kreftframkallande, men berre i store mengder.

Slik går verda – om ikkje framover, det kan eg ikkje få meg til å hevde – så i det minste vidare. Kor langt godteriverda var komen, var eg likevel ikkje klar over før eg for fyrste gong på årevis var innom ein leikebutikk.

Din eigen automat

Akkurat området der du – og borna dine – vert ståande og vente om det er litt kø i kassa, har eit monaleg godteriutval. Og for eit godteri. Slikt hadde vi ikkje då eg var barn.

Jau, vi hadde seig vingummi – men ikkje enkeltvingummiar som kvar veg hundre gram. Vi hadde bruspulver og skumputer på nittitalet, men ikkje produkt der skumputer kan dyppast i bruspulver i ein pakning med til saman seks lag med plast. Då var tyggegummiautomatar noko ein fann på tivoli – no kan du kjøpe din eigen til å ha heime for 99 kroner på Extra Leker.

Ja ja. At godterihylla vert stadig meir full av eingongsplast og syntetiske fargestoff, er vel berre i samsvar med det resten av samfunnet er på veg mot, og langt frå ulovleg. Men om produkta kan vere på kanten, er det dess større grunn til å halde merkinga av dei langt innanfor.

Paragraf 6 i forskrift om merking av næringsmiddel er heilt tydeleg: «Merkingen skal være på norsk eller et språk som i stavemåten ligner norsk.»

Candy Gangs – den tidlegare nemnde skumpinnen som skal dyppast i bruspulver – har fått klistra ein kvit merkelapp på den fargerike plastpakningen. På merkelappen står det ei ingrediensliste – men ho er på italiensk. Og det er ikkje fordi produktet er produsert i Italia – eg klarer å tyde meg fram til at produsenten er den polske godterifabrikken Sweet Mania. Vingummismultringen er produsert på den spanske godterifabrikken Candy Novelty Network, og merkinga er på engelsk. Heldigvis står det «gluten free» med store bokstavar på framsida – så treng vi ikkje uroe oss for det.

Palmeoljeland

Ja, er det eigentleg noko å uroe seg for i desse utanlandske innhaldslistene? Vel, den palmeoljefrie røyndommen vi i stor grad har oppnådd i vaksenbutikkar, har visst ikkje nådd fram til butikkane som rettar seg mot neste generasjon.

Eit glas så blått at det må få kvar Unge Høgre-medlem til å juble, har fått namnet Mad Science Mini Chews og er blant produkta som ikkje har klart – eller prøvd – å finne eit alternativ til regnskogverstingen palmeolje.

Om innhaldslista framleis er på engelsk, er ho i alle fall trykt. Det er ikkje tilfellet med produktet Strawnana Spray Candy – eit produkt eg endar med å kjøpe rett og slett fordi eg ikkje skjønar nokon ting av kva det er.

Ein lysegul plastbanan er stappa ned i eit klarare gult, halvskrella plastikkbananskal. Det einaste som står på pakningen utover det er «Hergestellt in China für: Alex Sweets B.V», etterfølgt av ei adresse i Nederland.

Knappast roande, men billeg: Det er ikkje mykje du får for ein tjuekroning lenger. Unntaket syner seg å vere ein godterispray. Som friskpustsprayane vi hadde på nittitalet – berre med smak av banan og bitte litt jordbær.

Eg googlar Alex Sweets og kjem til ei hovudsakleg tyskspråkleg nettside som bognar av godteri. «Liquid Candy» er ein heilt eigen kategori, syner det seg, og her finn eg att Strawnana Spray. Heller ikkje her er det innhaldsliste. Det einaste eg får stadfesta, er at produktet inneheld både sukker og søtstoff.

Det var inga overrasking. Eg veit ikkje om eg kan overraskast i godterihylla lenger. Sjølv Willy Wonka vert gamaldags og utdatert – og eg trur ikkje det er ein god ting.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis