Teknologi
GBU-57
Korleis er det mogleg å få ei bombe til å trengja så djupt ned?
B2 er det einaste bombeflyet som kan frakta GBU-57-bomber. B2 kan ta med seg to bomber. Under åtaket mot Iran vart det brukt sju B2-fly med til saman 14 GBU-57-bomber.
Foto: Royal Air Force / Wikimedia Commons
– I kveld kan eg rapportera til verda at åtaka var ein spektakulær militær suksess.
President Donald Trump var særs nøgd 22. juni, då 14 penetrasjonsbomber av typen GBU-57 MOB (Massive Ordenance Penetrator) råka Irans atomfasilitetar Fordow og Natanz.
GBU-57 har ei vekt på 12.300 kilo, ei lengd på 6,2 meter og ein diameter på 0,8 meter. GBU-57 er den kraftigaste penetrasjonsbomba som er laga. Ho kan pløya seg 60 meter ned i bakken, avhengig av om det er fjell eller betong. Fordi bombene er store, er det berre USA, med B2-bombefly, som kan bruka dei. Ein B2 kan ha to slike bomber med som last.
Korleis er det mogleg å få ei bombe til å trengja så djupt ned? Ho treng stor rørsleenergi og ei avlang form med lite tverrsnitt. GBU-57 vert droppa frå ei høgd på 15 kilometer og treffer bakken med om lag same fart som lyden (1238 km/t). Rørsleenergien idet bomba treffer 1bakken, er 800–900 megajoule konsentrert på eit lite område.
Nasen til bomba er forma som ein spissboge – à la den ein finn i gotiske katedralar. Denne forma syter for at bomba kan trengja inn i tette materiale utan å mista for mykje av farten. Den ytste kappa i bomba er laga av eit stål som toler påkjenningane bomba vert utsett for på vegen mot målet.
Av den totale vekta til bomba er berre 2000 kilo eksplosiv. Bomba har eit tokomponent-eksplosiv, AFX-757/PBXN-114, der AFX-757 er eit plastsamansett eksplosiv, medan PBXN-114 er eit militært eksplosiv av nyare dato. Saman toler dei ferda til GBU-57 utan å sjølvantenna.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.