Teknologi

Elektriske ferjereiser

Det skjer ein stille revolusjon i maskinromma. For ti år sidan var MF «Ampere» verdas første bilferje med batteridrift. No har Noreg 83 elektriske ferjer.

Etter ti år med lading leverer batteria framleis kraft til ferja. Maskinist Torbjørn Hatlelid syter for at luftkjølinga fungerer og held dei kalde.
Publisert

– Eg tek av ladinga, seier kaptein John Grainger på sambandet.

Han noterer at det er 23 passasjerar om bord.

– Me kan gå, er kapteinens beskjed til karane på bildekket.

MF «Ampere» glir frå kai i Oppedal. Ved første blikk ser ho ut som ei vanleg, sliten ferje på fjorden. Men eit lite imponerande ytre skjuler ein verdssensasjon. Som eit kinderegg på kjøl har verdas første heilelektriske bilferje gitt tre gode: ei maritim klimaløysing, norske arbeidsplassar og sist, men ikkje minst ei innsparing på rundt 150 millionar kroner. Vi kjem tilbake til alt dette. Først skal vi ut i rom sjø.

I styrehuset er det stilt. Ingen dieseldur eller vibrasjon, berre eit sus og sporadiske, harde bølgjeslag mot aluminiumsskroget. Sognefjorden ligg blåsvart mot Lavik. «Ampere» går på batteri. Denne biten av E39 blir nett no trafikkert med vasskraft.

Austavinden står beinhardt ut den store fjorden. Han piskar bølgjene kvite. Grainger slår fast at farten nett no er 8,8 knop og batterikapasiteten 67 prosent. Utan vind og straum kan ferja gå over ti knop. Lite er det likevel å gjera med farten midtfjords. Det er når ferja skal til kai, det gjeld. Det er då kapteinen må vera lett på labben og justera vinkel og fart perfekt. Det er her straum kan sparast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement