Teknologi

Korleis verkar ei symaskin?

Min første saum med symaskin.
Publisert

Det gjer vondt. Eg lyftar armane høgt over hovudet og kastar mors Pfaff 332-symaskin i herleg hammarlakk i elektrobosset. Maskinen har fylgt mor mi i meir enn femti år og jamleg gjeve ho elektrosjokk på grunn av vantande isolasjon hist og her. Far min var elektrikar, men han reparerte sjølvsagt ingenting i heimen. Det kunne han jo gjera neste veke når han fekk litt betre tid.

Mor byrja karrieren som syerske 14 år gamal hjå Helly Hansen. Ho var særs dugande og vart difor sett til å sy knapphol i regntøyet. Seinare drog ho til Sverige for å hjelpa dei med å byggja opp landet etter krigen.

Eg hugsar alle dei gode stundene ved respatexen på kjøkenet når mor sydde klede og eg hjelpte til. Ho var ein del av heimeindustrien på sekstitalet og sydde til både oss og andre.

Symaskinen er eit godt døme på såkalla kreativ destruksjon, der noko gamalt vert bytt ut med noko radikalt nytt som aukar produksjonen dramatisk. Symaskinen er ei av dei viktigaste oppfinningane frå den industrielle revolusjonen. Før hadde ein handsydd med nål og tråd. No tok maskinen over syjobben.

Dei fyrste forsøka på å laga ein symaskin vart gjorde på 1700-talet i England. Fyrst ute med ein fungerande symaskin var amerikanaren Elias Howe i 1846. Dei fyrste symaskinane vart drivne med hand- eller fotsveiv. Det tok ikkje lang tid før dei vart motoriserte.

Symaskinen starta som eit eksklusivt verktøy for menn som hovudsakleg jobba med mannemote. Kvinnemoten var på den tida altfor detaljert og måtte syast for hand. På byrjinga av 1900-talet vart kvinnemoten meir reinskoren, og symaskinane kunne brukast på kvinneklede òg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement