Teknologi

Eg har vorte krona

Den intraoreale skannaren er ferdig med tennene mine og har funne forma på krateret i jekselen min.
Publisert Sist oppdatert

Kor langt er det mellom glede og sorg? Eitt tygg. Ein hard mandel knuste fyllinga og reiv med seg delar av tanna i nedre venstre jeksel. Jekselen har vore lappa dei siste fem åra.

No er det nok. Eg treng ei krone. Ho kostar ikkje ei krone, men eg får pepra tannlækjaren med spørsmål så eg får noko lærdom med på kjøpet.

– Skal du ha bedøving?

For eit spørsmål. Eg elskar smerte. Det er om å gjera at den fysiske smerta vert større enn den økonomiske. Boret sviv rundt i kjeften, og det vert pøsa på med vatn for å gjera friksjonen lågare slik at ikkje svilukta av brent jeksel fyller lokalet.

– Nei, no skal du bedøvast. Eg er nær tannkjøtet, og smerta vil verta ulideleg.

Før eg får tid til å protestera, set ho sprøyta med lidokain bak jekselen og gjer seg ferdig med boringa. Det fine med lidokain er at det for ei stund blokkerer natriumkanalar som sit i veggane til nerveceller. Det gjer at nerven ikkje kan sende nervesignal om smerte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement