Teknologi

Kvifor er vengja på flyet bøygd ytst?

Ein kan læra mykja av å sjå ut glaset.
Publisert Sist oppdatert

Frå min plass 24F kan verda verta delt i to. Dei som har slutta å leva og søv i midtgangen, og me andre som kikar nyfikne ut or flyet. For meg er det å flyga eit tilgjengeleg mirakel. Eg er på veg til Nice, og under meg ligg Tyskland.

Eg held telefonen med innebygd GPS mot vindauget, slik at eg kan sjå kva landsby me fer over. Samstundes googlar eg for å læra meir om desse småbyane. Det var slike geografitimar me skulle hatt som born.

Er det meir eg kan få veta? Eg tek eit bilete og tilkallar kopiloten. Ikkje han i cockpiten som snakkar usamanhengande i høgtalaren, men han i mobilen.

– Du ser blå himmel og ei flyvengje det står skrive SAS på. Eg kan diverre ikkje fortelja deg kva fly du sit i.

Det svaret finn eg i stolryggen: eit Embraer 190 frå Brasil.

Var det alt? Som ein spør, får ein svar. Eg prøver å vera litt meir presis og spør kvifor vengja er bøygd ytst.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement