Kommentar
Det store pyramidespelet
Om ikkje kunstig intelligens fører til verdas undergang, kan det i alle fall gje oss eit heidundrande børskrakk.
Investorar vil gjerne vere på lag med framtida. Difor fløymer det no ufatteleg mykje pengar til selskapa som utviklar kunstig intelligens (KI), og dei som lagar mikrobrikker for dei. Slike stemningsbølger blir gjerne sjølvforsterkande, sidan investorane er livredde for å gå glipp av den vidare oppturen. Desto større blir fallhøgda, og høgast er ho i USA.
Aksjane på New York-børsen har aldri vore dyrare enn no, målt opp mot innteninga i selskapa. Og investeringane har aldri før vore så konsentrerte. Dei sju største teknologiselskapa i USA utgjer no over ein tredjedel av den samla verdien i Standard&Poor-indeksen.
Alt er KI
Det er ikkje oppgangen i amerikansk realøkonomi generelt som har skapt børsfesten. BNP-veksten er venta å bli under 2 prosent i 2025, og det er venta ei vidare nedbremsing. Men det blir investert kolossalt i éin ting: datasenter for kunstig intelligens. Harvard-økonomen Jason Furman har rekna ut at USA knapt ville hatt BNP-vekst i det heile i år om det ikkje var for KI-investeringane. Dei siste tre åra er det brukt meir på datasenter for kunstig intelligens i USA enn det kosta å lage heile det føderale motorvegnettet, skreiv Wall Street Journal nyleg.
Dette har gjort databrikkeprodusenten Nvidia til verdas mest verdifulle selskap. Børsverdien har teke femtengongen på tre år. No er selskapet verdsett til 45 billionar kroner – altså 45.000 milliardar. Det er til dømes 90 gonger så mykje som ein stor europeisk bilprodusent som Volkswagen.
Entusiasmen har òg drive opp kursen på selskap som Microsoft, Google, Amazon og Meta, som òg investerer stort i kunstig intelligens. Dei samla KI-investeringane i USA ligg an til å bli på kring 2000 milliardar kroner i år. Om det er gode investeringar? For å seie det med Olav H. Hauge: «Kven spør etter leidi når ein har slik vind!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.