JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Fisk

Ein gong var vi vikingar, men no vil vi berre ete rosa fisk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fiskedisk: Et du meir fisk om du har ein slik i nabolaget, enn om det einaste tilbodet er vakuumpakka og/eller frosen fisk?

Arkivfoto: NTB

4352
20220819
4352
20220819

Kvardagen nærmar seg. Eller kanskje er han her alt? Og kanskje er det heilt i orden? Kanskje byrjar vi å verte meir trøytte av alltid å måtte fylle dagane med noko nytt og spanande, noko meir spanande enn i går, men enno uvisst? Kanskje lengtar vi etter kvart attende til å vite kva måndagen, tysdagen og torsdagen har å by på? Kanskje er det heilt greitt at middagen er til same tid kvar dag, til dømes, og endåtil kan vere så keisam som fisk, potet og gulrot?

Eller – er det den nye unormalen? Fisk til middag, altså? Eg har nett lese noko som kan tyde på det, at 270.000 norske barn og unge nesten ikkje et fisk.

Undersøkinga som seier dette, er gjord for Noregs sjømatråd. Ho slår fast at det i Noreg finst kring 772.000 nordmenn mellom 8 og 18 år. 270.000 er altså over ein tredjedel. Og denne tredjedelen av komande vaksne, sjølvstendige nordmenn et fisk til middag sjeldnare enn éin gong i veka.

Altså et dei truleg under femti fiskemåltid kvart år – dei kjem ikkje i nærleiken av tusen fiskemiddagar før dei fyller 18. Og det finst born i Noreg som et fisk endå sjeldnare enn det: Eitt av sju born har ikkje eingong fisk til middag éin gong i månaden.

Kva er dette for noko? Noreg, ei av verdas fiskeristormakter, som stadig skryter av kor sunt og godt og berekraftig fiskeriet vårt er, klarer ikkje eingong å få våre eigne born til å ete råvara vår? Gjev undersøkinga svar på kvifor?

Kva er å få kjøpt?

Ikkje direkte. Men ho har nokre interessante funn av geografiske skilnader: Borna som et mest fisk, er ikkje dei som bur i fiskeriregionen Nord-Noreg. Dei et tvert imot minst fisk. Mest et born i Oslo og på det sentrale Austlandet.

Rapporten spekulerer ikkje på kvifor. Ikkje Sjømatrådet heller. Men eg kan gjere det – og eg trur det handlar mykje om kva som er tilgjengeleg i butikkdiskane.

Butikkjeda Meny er «størst på fersk fisk i Norge», ifylgje dei sjølve. Dei har 25 butikkar i Oslo, men berre éin butikk nord for Steinkjer. Han ligg i Tromsø. Coop Mega har òg gjerne gode ferskvarediskar. Dei har éin butikk mellom Steinkjer og Tromsø igjen. Han ligg i Bodø, men dei har ingenting i Harstad, Hammerfest eller Alta.

Så er sjølvsagt ikkje nordlendingane aleine om å ha lang reiseveg til ein ferskvaredisk, og det finst trass alt fisk i mange variantar i både kjøle- og ferskvarediskar i dei aller fleste butikkar. Men kanskje sit det endå litt lenger inne for ein nordlending å kjøpe Fiskemannens torskeloins til 218 kroner per kilo når ein veit at fiskaren rett utanfor stovedøra som kan ha fiska og levert torsken, berre fekk betalt ein tiandepart av den prisen, og at ingen har tatt seg råd til å late fisken verte filetert i Noreg – det er det eit litauisk anlegg som har fått ta seg av. Kanskje synest ein det er litt traurig når det einaste kundeavisa for Rema 1000 i området kring Hammerfest kan by på av fiskevarer i perioden 1.–13. august, er to typar laks, ein type aure, ein ferdigpakke fish and chips og to typar fiskekaker – den eine også med laks.

Laksen tar over

Ja, for korleis vart vi eit land av born som berre vil ete raud fisk? Få ugrunna sanningar held seg så godt som nett denne. Slik har det vore heilt sidan eg var lita – då oppdrettsbransjen var noko heilt annan enn han er i dag. Og når ungdommane i undersøkinga til Noregs sjømatråd får velje kva sjømatrett dei helst vil ete, så er dei mest populære svara steikt laks og sushi.

Laks har klart å fornye seg. Han har gått ut i verda og plukka opp rettar som sushi og sashimi, pokebowl og pate og omnsbaking med spanande krydder. Men det kunne vore historia for så mange av fiskeslaga våre. Kvifor et vi ikkje meir ceviche, til dømes, den peruanske fiskeretten med sitrusmarinert rå fisk er som skapt for norsk kveite, eller torsk, eller endåtil kamskjel eller blekksprut? Jau, grunnen er ganske enkel: Kven i alle dagar får tak i kveite eller torsk eller kamskjel av slik kvalitet på ein vanleg butikk ein vanleg dag?

Det er dei som bur aller mest sentralt, det. Og det må vi gjere noko med. Norske born fortener meir norsk fisk – både den raude og den kvite og alle variantane derimellom, og då må det vere mogleg å få tak i slik fisk i ein butikk i nærleiken.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Denne tredjedelen av komande vaksne, sjølvstendige nordmenn et fisk til middag sjeldnare enn éin gong i veka.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis