JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Egg

Noko er rote i eggbransjen, og det er ikkje egga sjølve.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nok egg: Vi produserer meir enn nok egg i Noreg, og det har vorte eit problem.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

4255
20220930
4255
20220930

Kvart einaste vesle hønseegg inneheld alle næringsstoffa du treng bortsett frå C-vitamin. Det har du kanskje høyrt før? Likevel er det ganske fantastisk å tenkje på – og ganske sjølvsagt samstundes, sidan alle levande vesen jo er sette saman av dei same næringsstoffa, og eit egg inneheld alt som skal til for å lage eit nytt levande vesen – ein kylling.

Ser ein slik på det, kan det nesten vere meir utruleg at det kan lagast ein fiks ferdig kylling utan C-vitamin, sidan dette vitaminet er heilt naudsynt for å danne kollagen, bruskvev, beinvev og tannbein.

Uansett: Sjølv om egg inneheld mykje næringsstoff, bør vi ikkje gå over på ein diett av berre egg og appelsinjuice. Det ville truleg gje oss ei nokså ubehageleg fordøying, sidan dei to produkta ikkje inneheld særleg mykje fiber.

Ja, truleg et vi temmeleg passeleg med egg i Noreg. Likevel et vi langt frå nok til å ta unna eggproduksjonen norsk landbruk driv med.

Overproduksjon

I ti heile år har vi hatt overproduksjon av egg i Noreg. No ligg han på kring 3000 tonn i året. Om vi reknar at eit gjennomsnittsegg veg 60 gram, svarar det til 50 millionar egg kvart år som ingen vil ete. Det siste året har 400 tonn egg vorte til grisefôr, og like mykje er selt på billegsal til industrien.

Dette er ikkje berre katastrofalt for ressursrekneskap og sjølvberging. Vi importerer fôrråvarer av høg kvalitet, og så nærmast destruerer vi produkta. Det er også katastrofalt for økonomien til produsentane: Det er nemleg dei som betaler for overproduksjon, gjennom ei omsetningsavgift på 1,50 kroner per kilo. Til samanlikning ligg avrekningsprisen på egg på mellom 6 og 19 kroner per kilo, avhengig av storleik og kvalitet.

Kor lenge går dette bra? Så seint som i juli var produsentorganisasjonen Norsk Fjørfelag (NFL) ute og ynskte seg tiltak – dei ville ha etableringsstopp i næringa fram til produksjonen er i balanse.

No har Omsetningsrådet – Nortura, som er marknadsregulator for egg og kjøt i Noreg – kome med tiltak. Men ikkje nett det NFL ynskte seg. Tvert om har dei funne på noko heilt nytt: Dei vil betale eit utval eggprodusentar for å late vere å produsere egg i tolv månader frå 2023. Tiltaket skal redusere produksjonen med 1500 tonn – altså om lag halvparten av overproduksjonen – og kompensasjonen som skal betalast til produsentar som vel å sitte på gjerdet eitt år, er ein flat sum på 115 kroner per verpehøne.

Tid for eggerøre

Ikkje berre forpliktar produsentane seg til å halde opp med eggproduksjon i tolv månader – dei forpliktar seg òg til å starte opp att med eggproduksjon i om lag same skala som dei slutta med seinast åtte månader etter at dei tolv månadane er omme. I Noreg kan vi ha maksimalt 7500 verpehøner. Maksimal utbetaling til ein produsent kan difor verte drygt 850.000 kroner. Dette skal dekke tapt inntekt og faste utgifter som framleis vil kome i tillegg.

Og kor skal dei kronene kome frå? Jau, frå omsetningsavgifta som dei resterande produsentane framleis betaler. Det er ikkje varsla at den vil gå ned. Det er heller ikkje varsla verken etableringsstopp eller kva som skal gjerast når pauseprodusentane kjem attende i marknaden i 2024. Kva er det som hindrar ein ny overproduksjon då? Er den venta naturlege avgangen så stor? Men kva vert resultatet når ein ikkje hindrar nye produsentar å kome inn?

Kanskje håpar dei at nye produsentar ikkje vil ynskje å etablere seg i ei næring med dårleg økonomi. Det er i så fall ein temmeleg kortsiktig og ikkje minst pessimistisk tankegang.

Det ein derimot kunne tenke seg å gjere noko med, er importen: Kvart år importerer vi kring 700 tonn egg til Noreg. Få av dei vert selde rå i kartong, men mange gøymer seg i majones og andre foredla produkt, og ikkje minst hardkokte eller eggerørte på bagettar og rundstykke til sals i kioskar og kafear.

Forvirra? Eg òg. At eit egg er komplisert på innsida, er éin ting, men systemet for produksjon og omsetnad hadde knappast trunge vere så vanskeleg. Kanskje er det på tide å røre skikkeleg rundt og sjå om produksjon og omsetnad kan styrast betre på ein heilt annan måte – til dømes med kvotetak lik dei ein har i mjølkeproduksjon.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det siste året har 400 tonn egg vorte til grisefôr.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis