JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Jordbærdadlar

Nei, det finst ikkje, og det er heile poenget.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dadlar på ein daddelpalme liknar meir på druer enn jordbær, men er altså ingen av delane.

Foto: Vicharam / Wikimedia Commons

4229
20221014
4229
20221014

«Änglamark» heiter ein temmeleg kjend song av det svenske visekongen Evert Taube. I denne visa er det «jorden vi ärvde» som er Änglamarken, og her skal vi late fuglar fly, elver renne, born leike og rådyr springe. Kort sagt: respektere naturen for det han er.

Änglamark er òg ein av Coops seriar med eigne merkevarer, og det er vanskeleg å skjøne at dei kan ha henta inspirasjon til namnet andre stadar enn i nettopp Taubes vise. Ifylgje seljaren sjølv, altså Coop, er det nemleg ein produktserie med «økologiske, miljø- og allergivennlige varer».

At eit produkt er økologisk, vil seie at det er produsert på ein måte som fremjar helsa til jord, planter, dyr, menneske og jordkloden «som en udelelig helhet», ifylgje nettstaden til Stiftelsen Norsk Mat, Okologisk.no. Framleis heilt i tråd med Taubes visjonar, med andre ord.

Ein matproduksjon som tek jorda på alvor, er vel om lag akkurat det verda treng. Men kor høver ein pakke med plastpakka fruktbitar inn i biletet?

Eit anna produkt

Økologiske jordbær heiter produktet. Det er plassert i hylla ved sida av rosiner og diverse bakeprodukt. For 23 kroner og 90 øre får du ifylgje framsida av posen åtte små fruktbitar av jordbær, kvar på ti gram og altså individuelt pakka i plast. Om vi snur posen og les på baksida, oppdagar vi derimot eit heilt anna produkt: «økologiske daddelbiter med jordbærsmak», står det her. Og innhaldslista støttar dette sistnemnde biletet: Fruktbitane er produserte av 95 prosent dadlar frå Pakistan, rapsolje, 1 prosent jordbærpulver frå Polen og naturleg aroma.

Ein hundredel av dei små fruktbitane kjem altså frå jordbær. Sjølv om eit pulver kan ha konsentrert smak, er det nærliggande å anta at jordbærsmaken ikkje kjem frå jordbæra sjølv, men frå den såkalla naturlege aromaen. At ein aroma er naturleg, inneber ikkje at han kjem frå råvara han er skapt for å smake som – berre at smaken er framstilt av eit råstoff som er å finne i naturen, i motsetnad til ein syntetisk aroma bygd av råstoff i eit laboratorium. Ofte er slike aromaer skapte av smaklaus stivelse som får smak av ulike fermenteringsprosessar.

Forkleding

Dette er blant dei vanlegaste metodane for å smakssette produkt i industriell matproduksjon. Å nytte aromastoff er nemleg rimelegare enn å nytte råvara aromastoffet er skapt for å etterlikne. I nokre høve kan ein òg forsvare det både økologisk og berekraftig – dersom det gjer ei elles lite attraktiv matvare meir eteleg, til dømes, slik at ho slepp å gå til spille.

Men dadlar er ikkje ei slik matvare. Langt derifrå – dadlar er jo i seg sjølv ei delikatesse. Sjølv om frukta frå den ørkenglade daddelpalmen inneheld over 80 prosent sukker – til samanlikning inneheld mergsafta i sukkerrør ikkje meir enn 20 prosent sukker – inneheld dadlar såpass mange andre næringsstoff at det i avgrensa mengder nesten kan reknast som sunt. Mellom anna inneheld dadlar mykje kalium og er ei god kjelde til fiber.

I det minste om du et heile dadlar. I den prosesserte forma dadlane vert presenterte i Änglamarks fruktbitar, er det tvilsamt kor mykje fiber som sit att. Heile dadlar er jo til dømes litt klissete, men dei kan pakkast individuelt utan plast mellom – noko fruktbitane i denne posen tydelegvis ikkje kan: Det er få andre årsaker til at dei små fruktbitane skal pakkast kvar for seg i plast enn at dei elles ville klistra seg saman til ein uformeleg masse.

Det vil vi jo ikkje. Produkt må fungere. Spørsmålet er om eit produkt som Änglamarks fruktbitar kan forsvare all plastbruken – eller om det hadde vore meir berekraftig om det ikkje eksisterte i det heile tatt?

Spør du meg, er svaret på det spørsmålet eit rungande ja. Eit Änglamark som respekterer naturen for det han er, treng ikkje forkle dadlar som jordbær. Dei kunne heller vere stolte av dadlane dei faktisk sel som dadlar – i pose, utan at dei klistrar seg saman, utan aromastoff av noko som helst slag og til om lag halve kiloprisen (144 mot 298 kroner per kilo).

Kjøper eg forkledde fruktbitar frå Änglamark? Nei takk, eg lèt rådyra springe med heilt enkle dadlar frå same produsent – «de är ju så sköna».

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om vi snur posen og les på baksida, oppdagar vi eit heilt anna produkt.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis