JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Blått blod blir berre bleikare og bleikare

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I 1961 gifte prinsesse Ragnhild seg borgarleg med Erling Lorentzen.

Foto: NTB

3454
20221007
3454
20221007

Dei som har blått blod i årene, ber med seg ein noblare arv enn folk flest. Tradisjonell språkbruk seier at dei kjem frå fint folk: adel, kongelege eller anna fornem slekt.

Nemninga kjem frå det mauriske Spania. Den gamle vestgotiske adelen hadde bleikare hud enn dei mørke maurarane og dei spanske bøndene som arbeidde ut i sol og vind og fekk farge av det. Hos adelen var blodårene synlege under den bleike huda. Blåfargen slo igjennom. Dei hadde sangre azul, blått blod.

Sidan er nemninga knytt til dei finaste av dei fine. Adelen er stort sett på nedtur rundt i verda, hos oss har han vore borte i over to hundre år. Det blå blodet er i dag stort sett reservert for dei kongelege, dei som framleis er att av dei.

Men også hos dei kongelege blir det blå blodet tynna ut, utspedd. Det kjem nytt blod inn i kongehusa, herifrå og derifrå.

Det er lenge sidan ein europeisk prins gifte seg med ei europeisk prinsesse og såleis sikra det reine blå blodet for framtida. For det er dei kongelege giftarmåla som avgjer framtida for det blå blodet og for kongehuset.

Dermed kan kongelege giftarmål trenge seg inn i politikken.

I England vart det politisk storm då kongen, Edvard 8. ville gifte seg med ei fråskild amerikansk kvinne. Det enda med at kongen måtte gå av, ei åtvaring til kongehuset om å trø varleg med giftarmål.

Det vart vist stor omtanke, og det vart lagt ned stort arbeid for å skaffe kronprins Charles ei høveleg dronning. Til slutt fall valet på den unge Diana Spencer. Det enda i tragedie.

I dag er Charles konge og gift med kjærasten sin, som no er blitt dronning Camilla. Ho er utan blått blod i årene.

Også den svenske dronninga, Silvia, fødd Sommerlath, er fri for blått blod. Far hennar var ein tysk forretningsmann. Det same gjeld vår eiga dronning, Sonja, fødd Haraldsen. Faren dreiv forretning.

Kong Olav motsette seg at kongeborna gifte seg borgarleg. Det slaget tapte han. Sonjas giftarmål med kronprins Harald var oppe i regjeringa som sak. Då bad kong Olav om at han måtte få informere partileiarane utanom regjeringa om avgjerda.

Ein morgon ringde telefonen heime hos Bratteli. Randi tok telefonen og ei røyst sa:

– Det er kongen. Kan eg få snakke med Tryggve Bratteli?

Randi gjekk til Tryggve, som var i dusjen, og fortalde om oppringinga.

– Eg skal ringje tilbake, sa Tryggve.

Den neste dronninga vår, Mette-Marit, er ei frisk sørlandskvinne, også ho utan blått blod å vise til.

Det moderne kongehuset vårt vart grunnlagt av ein dansk prins, Carl, kalla Charles i den engelske kongefamilien, som var gift med ein av dei mange etterkomarane av dronning Victoria, prinsesse Maud. Son deira, Olav, vart gift med den svenske prinsessa Märtha. Den nære kontakten mellom det engelske og det norske kongehuset vart sett på som politiske viktig i 1905.

Det blå blodet rann friskt i dei første generasjonane av kongehuset vårt før nytt blod kom til.

Gemalen til dronning Margrethe av Danmark, Henrik, var av fin fransk familie, men ikkje så fin at han hadde blått blod å vise til.

Det blå blodet er på veg ut av historia, både som fenomen og nemning.

Monarkane har lenge vore på politisk nedtur. Det er ikkje lenger så viktig kven dei deler seng med og lagar barn med.

Gevinsten med den politiske nedturen deira er at dei sjølv kan bestemme kven dei vil dele livet med – same retten som vi andre har.

Og vegane inn i kongehusa er blitt opna for fleire.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis