JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Ugreie minoritetar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tyske styrkar som rykte inn i Sudetlandet 9. oktober 1930, vart møtte med nazihelsingar og hakekrossar.

Foto: Bundesarchiv / Wikipedia

2988
20221014
2988
20221014

Russland har invadert Ukraina, ein sjølvstendig grannestat. Som mange andre land har Ukraina ein samansett folkesetnad. I Aust-Ukraina bur det mange som reknar seg som etniske russarar. Dei har røter langt tilbake i historia, og det har gjennom åra vore politisk spenning mellom dei og ukrainske styresmakter med sete i vest, i Kyiv.

Etter at Russland i mange år har pusta til og stimulert eit militært opprør mellom desse russiske ukrainarane og halde ein borgarkrig i gang, har dei no gått til regulær invasjon, med full militær styrke.

Motivet for invasjonen skal vere å verne russiske landsmenn i Ukraina mot overgrep og trakassering frå den nazistiske ukrainske sentralregjeringa i Kyiv. Det er det som blir sagt. Nazismen lever i Kyiv.

Kor truverdig denne forteljinga er heime i Russland, står att å sjå. Russland har vonde røynsler med nazismen. Framleis lever det folk som minnest Hitlers terror. Og minnet om den store fedrelandskrigen blir stendig halde blankt og skinande.

Mykje kan tyde på at denne redningsaksjonen for dei etniske russarane i Ukraina vart vanskelegare og farlegare enn Putin hadde tenkt seg. Krigen går sin gang. Menneske blir drepne. Samfunn blir øydelagde. Og krigen kan vekse. Slike redningsaksjonar har Europa sett før.

Sudetlandet er eit område som omfattar delar av Böhmen og Mähren. På 1100-talet slo tyskarar seg ned der. I fredsoppgjeret i 1918 vart Sudetlandet lagt under Tsjekkoslovakia. Det budde tre millionar sudettyskarar i området, og det oppstod ei skarp nasjonal motsetning. Mange av sudettyskarane ville ha Sudetlandet med folket der overført til Tyskland, Heim ins Reich. Dei skipa sitt eige parti, leidd av nazisten Konrad Henlein.

Dei nådde måla sine. Ved forhandlingane i München i 1938 vart Sudetlandet innlemma i Tyskland, det meste som Reichsgau Sudetenland. Så kom krigen.

I 1945 vart området tilbakeført til Tsjekkoslovakia. Og størsteparten av sudettyskarane vart utviste frå Tsjekkoslovakia. Så kom dei til den etniske heimen sin, Das Reich, det som var att av det, ein ruinert og utbomba ruin. I Tsjekkoslovakia hadde dei ingen heim lenger. Dei vart mellom taparane i eit lagnadstungt europeisk drama.

Etnisitet, dyrking av eige folkeslag og eiga stamme er ein sterk vind som kan få gamle glør til å flamme opp. Og det kan bli svært farleg. Det kan skape historie.

Dei opprøra vi har sett i vestlege land, som USA, England og Frankrike, blir utløyste av fattigdom og naud. Men dei har også sterke innslag av etnisitet, gruppetenking, vi mot dei og dei mot oss.

Putin tenkjer frå ei fallert stormakt. Han vil ha plass mellom stormaktene igjen, slik Sovjetunionen ein gong hadde det.

For å nå dette startar han ein krig der den viktigaste drivkrafta er å verne eigne landsmenn, russarane, mot det han meiner er overgrep frå den lokale regjeringa i landet dei bur i, Ukraina.

Det er eit farleg spel, vanskeleg å styre.

Sudettyskarane fekk viljen sin, i 1938.

Rekninga kom i 1945.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis