Kulturkommentar
U2 har for lengst vorte ein ufrivillig parodi på seg sjølv, nærast ein del av makta bandet ein gong kritiserte.
På ein ny EP er dei tilbake til utgangspunktet.
«Kven treng å høyre ny musikk frå oss?» spør U2-trommeslagar Larry Mullen jr. i eit intervju i Propaganda, magasinet til U2-fanklubben. Ein sjeldan, men korrekt refleksjon frå ein artist.
Éin ting er at det snart er ti år sidan irane gav ut eit heilt album. Etter Songs of Experience har dei laga musikk til teiknefilmen Sing 2, medan vokalisten Bono og gitaristen The Edge òg var med og kauka på den offisielle låten til fotball-EM i 2021.
Så sa dei ja til å halde konsertar i Las Vegas.
Alle som kan Elvis-historia, veit at ein då er på siste kapittel. Kjeldene i Helikon er tømde. Det er på tide å fylle opp bankkontoen for aller siste gong.
Det hjelpte ikkje at dei opna Vegas-opphaldet med «Atomic City». Ein låt bandet ikkje eingong klarte å skrive sitt eige refreng til, men måtte låne melodilinjer frå Blondie-låten «Call Me» for å få til.
Denne oskeonsdagen, den fyrste dagen i den kristne fastetida, kom U2 likevel, heilt uventa, med ein EP. Days of Ash er låtar om tida vi lever i. Låtar med ein tydeleg politisk bodskap og ein enkel, men effektiv dobbeltbotn i tittelen. Slik U2 gjorde på åttitalet, då det politiske ikkje alltid var eintydig.
Eg veit til dømes ikkje om alle som spelar «New Year’s Day» som aproposlåt 1. januar, tenkjer så mykje over at teksta handlar om det polske fagforbundet Solidaritet, starta av Lech Wałęsa.
På 1990-talet gjekk U2 over til ironisk samfunnskritikk. På turnéar hadde dei enorme mengder skjermar som tøysa med MTV-generasjonen, mellom anna med orda «Watch more TV». Seinare tøysa dei med reklame og merkevarer, slik som McDonald's-logoen. Men då dei flytta verksemda si frå Irland til Nederland for å spare skatt, forsvann alt aktivistisk truverd.
Grunngjevinga var direktør- og revisorfrasar som «verksemder søkjer ofte å minimere skattebyrda si», og at skatteforholda til bandet var deira eiga sak. Vokalisten Bono meinte dei ikkje berre følgde lova etter ordlyd, men etter ånd. Kva no det skulle tyde. Rock var det i alle fall ikkje.
Då hadde han alt mingla med politikarar, milliardærar og åndelege og religiøse leiarar ei god stund. Var Bono ein protestartist, eller hadde han blitt ein politisk aktør som såg på seg sjølv som viktigare enn bodskapen og målet?
I ein 2007-episode av South Park vert han framstilt som ein skit.
I ein 2007-episode av South Park vert han framstilt som ein skit. Ikkje som eit dårleg menneske, men som ein faktisk, levande skit. Ein tåpeleg, men presis metafor på det mange meiner han er full av.
Bandet vart sett på som direkte grådig då Apple installerte albumet Songs of Innocence på alle Apple-einingar i 2014. Etter det har ikkje U2 heilt fått ting til. Dei har kanskje ikkje mista fans, men dei har definitivt ikkje fått nokon nye.
For tre år sidan gav dei ut ei samling gamle låtar, spelte inn akustisk, som eit lydspor til Bonos sjølvbiografi, der han fortel om livet sitt gjennom dei same låtane. Etterpå spelte dei altså 40 konsertar i Las Vegas.
Her skulle det ha vore punktum for U2.
Så kjem denne EP-en. Seks låtar om den urolege tida vi lever i. Om Renée Macklin Good, som vart skoten i Minneapolis i januar. Om Jina Mahsa Amini, som vart drepen under uklare omstende i Teheran i september 2022, og om 16 år gamle Sarina Esmailzadeh, som ei knapp veke seinare vart drepen under demonstrasjonane etter drapet på Amini.
Om Awdah Hataleen, som var med på å skape den norske oscarvinnande dokumentaren No Other Land, og som vart drepen i Hebron i Palestina i juli. Og med Taras Topolia, ein ukrainsk artist som vart soldat då Russland gjekk til krig i 2022.
Dei har òg eit dikt av den israelske poeten Yehuda Amichai, lese av den nigerianske artisten Adeola Fayehun, og ein låt som er ein samtale mellom Michelangelo og David-statuen.
Brått og heilt uventa har U2 vorte seg sjølv igjen.
Dette er ikkje lenger symbolpolitikk, men namngitte menneske. Brått og heilt uventa har U2 vorte seg sjølv igjen.
Låtar med ein enkel, rå og nærast liveinnspelt studiokvalitet over seg. Slik kvartetten høyrdest ut for snart 50 år sidan. Energisk. Viljesterkt. Fullt av forbanning og von. Der spesielt «Song of the Future» stikk seg ut med eit refreng ein ikkje lett gløymer. Medan «Yours Eternally» er den mest produserte, nærast stadion-U2, med mykje The Edge-ekko på gitaren.
I magasinet Propaganda beklagar Bono at dei ikkje har med fleire konfliktar, som Sudan, og at dei til dømes ikkje nemner Doge (Departement of Government Efficiency). Så ironiserer han over kva den tidlegare manageren Paul McGuinness pleidde å seie: «Kva er det no? Meir rock mot fæle ting?»
You have the right to remain silent. Or not – Du har rett til å teie. Eller ikkje, opnar U2 Days of Ash med.
Det var visst litt kraft igjen i Helikon-kjeldene likevel.