Kommentar

Og vinnaren blei: bilistane i USA

Donald Trump synte seg som ein like dårleg militær planleggjar som Vladimir Putin. Men i motsetnad til Putin vert Trump truga av eit komande val.

Publisert Sist oppdatert

Når alt kjem til alt, var det dei amerikanske bilistane som vann denne runden av den lange krigen mellom USA og Israel på den eine sida og Iran på den andre: Om prisen på bensin hadde vore seks, sju eller åtte dollar per gallon ved mellomvalet i november, ville partiet til Donald Trump ha blitt feia ut av Kongressen.

Dei siste par vekene, og ikkje minst gjennom påskeveka, sat strategane i Det kvite huset og såg dette koma. Om Hormuzsundet heldt fram med å vera stengt når me kom fram til sommaren, ville prisen på olje og gass gå i vêret. Når den nye demokratisk-dominerte kongressen kom saman rundt nyåret 2027, ville Donald Trump vera ein skadeskoten president. Resten av presidentperioden ville han bli bombardert med søksmål om riksrett frå kongressfleirtalet. Fram til han gjekk av, den 20. januar 2029, ville han vera ein såkalla lame duck, ei vaklande, halt and.

Netanyahu kom

Desse framtidsutsiktene var ikkje til å halda ut. Trump og regjeringa hans var tvinga til å koma fram til ei løysing med Iran. Onsdag kom den mellombels våpenkvila. Om det blir ei snarleg gjenopptaking av krigen, er tvilsamt. Både Trump-regjeringa i USA og ikkje minst mullaregimet i Iran er så skadeskotne at dei treng fred i alle fall i nokre år. Ei anna sak er sjølvsagt kva israelarane gjer. Dei held fram med å bomba Libanon og kan setja våpenkvila i fare.

I tida som kjem, vil me få vita meir om korleis det kunne ha seg at Donald Trump gjekk til krig mot Iran den 28. februar i år. I The New York Times tysdag denne veka kunne ein lesa ei lang og detaljert forteljing om kva som skjedde då den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu kom til Det kvite huset den 11. februar. Artikkelen fortel neppe heile historia, og som vanleg i slike høve kan ikkje journalistane namngje nokon kjelder. Men det dei fortel, heng godt saman med måten me har sett krigen utfalda seg på dei siste vekene.

Til Washington hadde Netanyahu med seg mellom anna David Barnea, sjefen for Mossad. Israelarane streka opp ein plan for den amerikanske presidenten:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement