Kulturkommentar

Darren Aronofsky trur KI kan skape god film. Dessverre er Time Magazine einig.


  

Benjamin Franklin i On This Day... 1776
Publisert Sist oppdatert

I år er det 250 år sidan dei tretten britiske koloniane i Nord-Amerika vedtok sjølvstendefråsegna og braut med det britiske imperiet. I høve jubileet har Time Magazine fått den Oscar-nominerte regissøren Darren Aronofsky til å dramatisere hendingane i eit kort filmformat dei har kalla On This Day… 1776.

Aronofskys røynsle med historiske drama er avgrensa til ein film om Noah, han med arken. Der tøygde han ein del grenser. Når han no skal lage korte YouTube-forteljingar om vegen til nordamerikansk sjølvstende, tøyer han fleire. Han nyttar ikkje skodespelarar, kamerafolk eller kostymedesignarar. Serien er i det store og heile laga med ein Google-KI.

Det er ein pinleg idé sjølv om ein heiter Coca-Cola og skal late som om kolsyrehaldig leskedrikk har noko som helst med feiring av jul å gjere. Når ein er Time Magazine og i over 100 år har sett internasjonal dagsorden, burde ein tenkje på om det verkeleg er skulefjernsyn som skal vere pioneren for ei KI-generert filmrøynd.

For å ta det positive: Dei to filmane som er ute, syner ganske greitt korleis George Washington, Benjamin Franklin og Thomas Paine gjorde sitt for amerikansk sjølvstende. Den KI-genererte Franklin er ikkje heilt ulik måleria av den pragmatiske statsmannen, om ein myser eller tek av seg brillene. Episodane er ganske korte.

Utfordringa er at dei er mildt sagt ubehagelege å sjå på. Andleta er uhyggjelege, nesten-ekte, rørslene lite menneskelege. Klippa er repetitive. Nokre scener ser ut til å vere inspirerte av, altså direkte KI-kopierte frå Stanley Kubrick-filmen Barry Lyndon.

Aronofsky nyttar KI som eit narrativt verktøy, men ignorerer at forteljinga, ikkje teknologien, må stå i sentrum for ei godt fortald historie.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement