Leiar
Blind høne
Eit batteri til ein elbil blir reparert.
Illustrasjonsfoto: Ole Berg-Rusten / NTB
I påsken greidde presidenten i USA noko ingen andre hadde fått til: Trass i varsel om snøfokk og kolonnekøyring i fjellet fekk den fossile Landcruiseren (1998) stå parkert i år. Eit paradoks der, altså, då grønt skifte for Trump er uamerikansk og woke. Aversjonen han har mot vindkraft, har som me veit torpedert den påbyrja havvindparken til Equinor utanfor New York.
Det påsketuristane fekk merka i år, var lova om utilsikta konsekvensar. Serendipitet er eit uttrykk (med persisk rot) for utilsikta positive konsekvensar. Som at kampen for å sikra Trump kontroll over all verdas olje ryddar rom for betre drivstoff enn olje. Det fanst ikkje under oljekrisa i 1973. Katalysator for nedtrapping av oljealderen er sjølvsagt prisen som Trump har drive opp og ut av kontroll, attåt at tilgangen kan bli uviss.
Det fell lett å omfamna alt som Donald Trump er imot, men vilkåra for grønt skifte er fyrst og fremst materielle, og viktigast er kanskje batteriteknologien, som vert utvikla i små, mest umerkelege steg. Til det vonleg kjem eit byks. Natriumbatteriet, saltbatteriet, er ikkje nytt. I 1990-åra tapte det – med knapp margin – kampen mot det litiumbatteriet som no driv alt frå telefonane og verktya til sparkesyklane og bilane våre (der vekt er avgjerande). Nyutvikla faststoffbatteri melder seg no på som konkurrentar i dette segmentet.
Litium er ein knapp og stadig meir kostesam ressurs som krev store og aukande naturinngrep, viser det seg. Skorten på litium har difor gjort det mindre aktuelt å bruka i stasjonære batteri til lager for større energimengder, som til dømes balansekraft for sol- og vindenergi. Og mangelen på balansekraft har på si side vore flaskehals for utvikling av vind- og solenergi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.