Intervju

Slår alarm om matberedskap

– Eg er heilt trygg på at vi ikkje er godt nok budde, og det gjer meg utrygg, seier Tor Jacob Solberg i Småbrukarlaget.

Tor Jacob Solberg er leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.
Publisert

– Norsk Bonde- og Småbrukarlag har lagt fram ei tiltakspakke for nasjonal beredskap i jordbruket. Kvifor meiner de det er naudsynt?

– Sjå på nyhendebiletet. Vi står i ein heilt ny situasjon, som starta med Ukraina-krigen. Vi ser åtak på infrastruktur. Matproduksjon, kornsiloar og forsyningsliner er utsette mål i krise og krig. Vi meiner vi må gjere meir enn i dag for å få matberedskapen opp på eit nivå som kan tole større belastning.

– Kan ein også lese tiltakspakka som kravliste framfor jordbruksoppgjeret?

– Eg ser tiltakspakka som ein meny av moglegheiter – ikkje først og fremst for bonden, men for samfunnet. Vi ønskjer å vise ein veg vi trur kan fungere. Derfor har vi gjort denne jobben.

– Norsk landbruk har vorte stadig meir effektivt. De foreslår å gjenopplive 5000 nedlagde bruk. Kor effektivt vil det vere?

– Det vil i alle fall vere god beredskapspolitikk. Noko av det vi har sett i Ukraina, er at dei små og mellomstore bruka er meir robuste i ei krise. Vi har bygd på reelle erfaringar og råd, som tydeleg viser at små gardar med lokal omsetjing er den beste standarden. Det er vegen å gå i ei usikker tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement