Kulturkommentar
Popmusikk vert ikkje country av å tilføre slidegitar og cowboyhatt.
Musikk skal, som Lill Lindfors fortalde verda allereie i 1973, «byggas utav glädje». Og av glede byggjer ein musikk.
Då eg gjekk på vidaregåande, var det ei i klassa som hadde ei meir særskild forståing av musikk. Kort fortalt meinte ho at musikk handla om mengda gitar, altså om det var mykje eller lite gitar i musikken. Idéen var at ein kunne kvantifisere musikken langs ei linje, basert på i kva grad gitaren styrte musikken, og i kva grad denne gitaren var elektrisk og akustisk. Så ville mengda gitar gje svaret på om ein likte musikken eller ikkje.
Om eg hugsar rett, var det ingen andre enn opphavskvinna sjølv som eigentleg heilt skjønte denne tilnærminga.
Dei siste 15 åra, tida der Spotify og strøymetenester har tatt over korleis me lyttar og vel musikk, kan ein likevel seie at ho frå klassa har fått rett. Alle dei historiske sjangrane, om det er pop, rock, blues og jazz, har sklidd over i kvarandre. I alle fall for dei som meiner musikk har same funksjon som tapet og fargetempererande lys: Musikken skal fyrst og fremst byggjast ut av stemning, og stemninga skal vere god.
At dei fleste vel musikk på same vis som dei ber om vin som passar til kylling, bahn mi eller ostepop på Vinmonopolet, har gitt verda Spotify-skapte spelelister som «Morgenkaffe», «Coffee + chill», «Chill Morning Vinyasa Yoga Mix» og «Dinner with Friends». Eit kjapt søk syner minst tjue spelelister som er til ulike typar middag. Skapte av Spotify sjølv. Eller generert, det er jo ikkje nødvendigvis menneske som har sett saman desse listene.
Det er, så vidt eg veit, framleis menneske som set saman nominert-listene til Spellemannprisen, der dei nominerte for fjoråret nyleg vart offentleggjorde.
Mennesketilnærminga har i nominasjonane av 2025-musikken som vanleg skapt undring og vonbrot av typen «kvifor er ikkje den nominert der?», og «kvar er den plata?». Utan å spørje om vedkommande faktisk har sendt inn utgjevinga til vurdering. Det er ikkje alle som ser verdien av å bruke tid og pengar på det.
Nokon som uansett gjer det, er dei få store plateselskapa som er igjen, og då særleg Universal Music. Den store 2025-suksessen deira er stordabuen Tobias Sten, ein virvelvind av ein artist som har spelt seg inn i hjarte og øyre til så mange at han i skrivande stund har fire låtar på Spotify si topp 50-liste, og tre nominasjonar til prisen for årets låt på Spellemann. Eg finn han ikkje i nokon middagsspelelister, men han har fått publikum over heile landet til å syngje med på nynorsk. For ei dryg veke sidan vart det til og med slåstkamp og kaos på ein Tobias Sten-konsert i Etne. Politi og brannvesen stengde lokalet etter at Sten var gått av scena. Veka før selde han ut Sentrum scene i Oslo.
At noko er populært, treng ikkje tyde at det er godt skapt, skrive eller spelt.
22-åringen vart lansert som Noregs nye countrystjerne i 2024, som vinnar av ein konkurranse laga av Universal Music. Eg har ikkje fått med meg at det var nokon vinnar, eller konkurranse, i 2025. Likevel har ikkje juryen i Spellemann funne han god nok til å verte nominert til spellemannspris for country. Det kan tyde på fleire ting. Ein skal vere klar over at i motsetnad til kategoriar som «pop» og «årets låt» skal ikkje juryen i sjangerprisane ta høgde for kommersielt sal og popularitet. At noko er populært, treng ikkje tyde at det er godt skapt, skrive eller spelt. Salsinntekter er ein premie for seg.
Noko anna er om Universal Music faktisk har meldt Sten på i Spellemann som Country. Det ville vore veldig merkeleg om dei ikkje hadde gjort det. Tobias Sten har både kassegitar, slidegitar, cowboyhatt og tekstar om eit kjærleiksliv som ikkje alltid går på skjener. Forbildet er Zach Bryan, amerikanaren som skal spele for ein utseld Unity Arena i juni, og som vann fire Grammy-prisar for countrymusikk i 2024. Han leverte ikkje inn noko til Grammy for 2025-utdelinga. Han ville ikkje konkurrere i musikk. Dermed var det Beyoncé som vann Grammy-pris i 2025 for «Best Country Album» og «Best Country Duo/Group Performance» (dei har litt fleire sjangrar i USA).
Det var ikkje utan diskusjon. Altså om ho hadde vunne fordi ho var Beyoncé, og ikkje fordi Cowboy Carter var det beste countryalbumet. Då ignorerte kritikarane at til dømes Nashville-legenda Lowell Boland og Rhiannon Giddens speler på albumet. Eller at både Willie Nelson, Dolly Parton og Linda Martell er med.
Countrymusikk er bygd av røter. Og røter kan ein ikkje berre ta på seg. Slidegitar gjer deg ikkje til countryartist, like lite som ein cowboyhatt gjer deg til cowboy.
Det er utvilsamt at Tobias Sten byggjer glede. Det treng ikkje vere det same som country. Spellemann-juryen er inne på noko der.