LESING
Møter lesekrise med nye krav
Den svenske regjeringa vil krevje at skulebarn får leseopplæring med lydmetoden. Ei gruppe norske lærarar etterlyser metodekrav også i norsk skule.
Læreboka Med a og b til Alababa 1 av Sigrun Vormeland vart brukt i norske grunnskular i 1970- og 1980-åra. Elevane skal terpe på bokstavlydar for å knekkje lesekoden.
Foto: Skjermbilete av Sigrun Vormelands "Med a og b til Alababa 1" henta frå Nasjonalbiblioteket
Alle som les denne artikkelen, har lært å lese ein gong. Og mange vil ha lært å lese via lydmetoden. Dei fyrste setningane kan ha sett slik ut: «ola lo», «le ola», «eli sa is».
Lydmetoden, altså at ein lærer kva lyd den enkelte bokstaven har, for så å trekkje lydane saman til ord – fyrst korte, så lengre – har opp gjennom historia stått sterkt i både den norske og den svenske skulen. Og metoden er effektiv for nybyrjarane. Men dei drastiske resultatfalla i internasjonale leseundersøkingar som PIRLS og PISA, i Sverige som i Noreg, har fått ein del svenske leseforskarar og politikarar til å stille spørsmålet om lydmetoden står sterkt nok.
Den svenske regjeringa har komme til at han ikkje gjer det. Nyleg foreslo kunnskapsministeren å redusere metodefridommen i leseundervisninga for dei yngste. Lærarane skal ikkje lenger kunne velje den metoden dei sjølv trur fungerer best. I staden har regjeringa lagt fram læreplanar som stadfester at leseundervisninga skal vere tufta på vitskap, og at strukturert lydmetode skal liggje til grunn for lese- og skriveopplæringa. Dei nye læreplanane vart lagde fram for Riksdagen i mars.
Ulike metodar i klasserommet
Sidan slutten av 1980-åra har lydmetoden (også kjend som phonics eller syntetisk lesemetode) i leseundervisninga fått selskap av andre undervisningsmetodar, som legg større vekt på meining og heile ord (også kjent som whole language eller analytisk lesemetode). Lydmetoden har vorte dels erstatta og dels kombinert med meir meiningsbaserte metodar. Kva metode den enkelte eleven har møtt i klasserommet, har dels vore opp til den enkelte læraren. Også metodefridommen har stått sterkt i norsk og svensk skule.
– Alle lærarar seier, når ein spør dei, at dei nyttar lydmetoden. Men skrapar ein litt i overflata, ser ein at dei ikkje nyttar metoden så strukturert som ein skulle ønskt, seier Linda Fälth, som er professor og fungerande viserektor ved lærarutdanninga ved Linnéuniversitetet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.