JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Caroline Albertine Minor debuterte med ein roman i 2013.

Foto: Privat

1698
20181026
1698
20181026

Må bruke meir pengar

Åtte universitet og høgskular er bedne om å bruke meir pengar om dei ikkje vil risikere at Kunnskapsdepartementet kuttar i løyvingane deira. Det melder nettavisa Khrono, som vert gjeven ut av Oslomet – storbyuniversitetet. Dei åtte utdanningsinstitusjonane som ifølgje departementet har for mykje uteståande midlar, er Universitetet i Agder, Noregs musikkhøgskole, Universitetet i Tromsø, Høgskolen i Østfold, Norges Handelshøyskole, Høgskolen i Molde, Høgskulen på Vestlandet og Nord universitet. Alle har ubrukte midlar som utgjer meir enn 10 prosent av samla løyvingar.

Pris til Caroline Albertine Minor

Danske Caroline Albertine Minor mottok denne veka P.O. Enquists pris, som vart delt ut i Noreg for fyrste gong. Litteraturprisen skal gå til «ein yngre forfattar på veg ut i Europa», og inneber ein månads opphald i ein valfri europeisk hovudstad.

Minor debuterte i 2013 med romanen Pura vida, og gav i fjor ut novellesamlinga Velsignelser. I grunngjevinga frå juryen heiter det at Minor alt i si andre bok syner eit internasjonalt format.

Minor er òg nominert til Nordisk råds litteraturpris, som vert delt ut seinare i haust.

Filmfestival protesterer

Det kjem ikkje til å verte synt filmar om transpersonar under Mix Copenhagen LGBTQ Film Festival, som blir arrangert i perioden 26. oktober–4. november. Festivalen har vedteke å boikotte filmar der det ikkje er transpersonar sjølv som spelar transpersonar. Det melder Danmarks Radio.

– Vi er ein etter måten liten festival, men vi kan likevel sende eit signal. Dersom du gjerne vil ha filmen din synt, må du la transkjønna personar få spele si eiga historie, skriv festivalen i ei pressemelding.

eva@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis