Monster er seld til USA
Det er første gong ein norskspråkleg serie vert seld til ein så stor amerikansk kabelkanal, seier dramasjefen i NRK.
Den norske krimserien Monster har premiere i Noreg i oktober.
Foto: NRK
TV-krim
mone@dagogtid.no
– Han er ein tidlegare dømd drapsmann og kan vere farleg, seier rollefiguren til Jakob Oftebro i traileren til den nye krimserien Monster, før han føreslår å ta ein prat med den mistenkte.
Vi er inne på eit typisk politikontor, og skal få følgje handlinga, innspelt i Finnmark, i sju episodar.
– Det er greitt, det, seier Bjørn Sundquists karakter.
Snart kan desse to visast på skjermar i over 31 millionar husstandar i USA. Fleire land har meldt seg interesserte, ifølgje dramasjef i NRK, Ivar Køhn. Monster har premiere i Noreg midt i oktober, og handlar om ei mordetterforsking i ei lita fiktiv bygd i Nord-Noreg. Politibetjent Hedda Gilbert, som er lokal, må etterforske det som viser seg å vere ei massegrav, saman med Jakob Oftebros karakter, Joel Dreyer.
Beste TV-fiksjon
Tidleg i september vart det kjent at den nye serien er nominert til den prestisjetunge prisen Prix Europa for beste TV-fiksjon.
– Juryen har svært faglege og kritiske diskusjonar før han kjem fram til ei avgjerd, så det er med litt skrekkblanda fryd, sa produsent Lasse Greve Alsos til NRK.
Han og teamet hans tevlar med endå ein norsk serie om prisen, nemleg Valkyrien med Sven Nordin, Ellen Birgitte Winther og Pål Sverre Hagen i hovudrollene.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
TV-krim
mone@dagogtid.no
– Han er ein tidlegare dømd drapsmann og kan vere farleg, seier rollefiguren til Jakob Oftebro i traileren til den nye krimserien Monster, før han føreslår å ta ein prat med den mistenkte.
Vi er inne på eit typisk politikontor, og skal få følgje handlinga, innspelt i Finnmark, i sju episodar.
– Det er greitt, det, seier Bjørn Sundquists karakter.
Snart kan desse to visast på skjermar i over 31 millionar husstandar i USA. Fleire land har meldt seg interesserte, ifølgje dramasjef i NRK, Ivar Køhn. Monster har premiere i Noreg midt i oktober, og handlar om ei mordetterforsking i ei lita fiktiv bygd i Nord-Noreg. Politibetjent Hedda Gilbert, som er lokal, må etterforske det som viser seg å vere ei massegrav, saman med Jakob Oftebros karakter, Joel Dreyer.
Beste TV-fiksjon
Tidleg i september vart det kjent at den nye serien er nominert til den prestisjetunge prisen Prix Europa for beste TV-fiksjon.
– Juryen har svært faglege og kritiske diskusjonar før han kjem fram til ei avgjerd, så det er med litt skrekkblanda fryd, sa produsent Lasse Greve Alsos til NRK.
Han og teamet hans tevlar med endå ein norsk serie om prisen, nemleg Valkyrien med Sven Nordin, Ellen Birgitte Winther og Pål Sverre Hagen i hovudrollene.
Fleire artiklar
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ragnar Bjerkreim har teke utgangspunkt i Josef-forteljinga i 1. Mosebok. Prosjektet tek for seg flukt, emigrasjon og folkevandring til ulike tider og på ulike kontinent.
Foto: Gry Monica Hellevik
Gjennom byar, under bru
Ragnar Bjerkreims Stjernesti famnar breitt, med mange røyster og opne landskap.