Kulturkommentar

Er teater ei fisefin kulturgrein?

Teaterinstitusjonar får rett som det er høyre at dei berre er til for fiffen og kultureliten.
Men er det verkeleg sant?
  

Tolv barn frå Barne- og ungdomsteatret i Stavanger vert hersa med av rektor Trunchbull (Espen Hana) i teaterstykket Matilda.
Publisert Sist oppdatert

Då Dag Mossige frå Arbeidarpartiet i Stavanger for ein månad sidan vart intervjua om partiet hans ville støtte ei storstilt oppussing av Rogaland Teater, (sjå kulturkommentaren min frå 28. januar, «Tenk visjonært for Akropolis i Stavanger»), svara han at Ap enno sat på gjerdet. Skulle dei gå inn for saka, måtte dei verte overtydde om at teateret ikkje berre er til for fiffen. Institusjonsteateret må syne at det er «relevant for langt flere enn dagens kjernepublikum», sa han til Stavanger Aftenblad. Partiet kunne ikkje gå inn for eit prestisjeprosjekt for dei få, altså for kultureliten «slik det ofte blir omtalt som i kommentarfelt», heldt han fram. Teateret må syne at det er eit bygg for folk flest, nett slik konserthuset i Stavanger har blitt folkeleg ved å skape breie møteplassar.

Eg skal kome attende til kva for avgjerd Mossige og partiet hans nokre veker seinare tok då dei klatra ned frå gjerdet i den politiske handsaminga av oppussingssaka. La meg først sjå nærare på det teatersynet som piplar fram i utsegnene til Mossige.

Mange fekk ikkje billett

Oppslutninga om scenekunst fekk, til liks med andre kunstgreiner, ein dramatisk nedgang under koronapandemien i 2021. Men Norsk kulturbarometer syner at andelen av befolkninga som på landsbasis besøkte teater eller såg musikalar, har stige igjen frå 16 prosent i 2021 til 38 prosent i 2023. Rett skal vere rett, tala har enno ikkje kome tilbake til 2020-nivå.

Likevel sit ein med kjensla av at det går så det grin ved Rogaland Teater. Institusjonen trefte publikum så til dei grader med oppsetjinga Matilda av Roald Dahl i mai 2024 at alle som ville sjå ho, ikkje fekk billett. No har stykket gått for fulle hus igjen etter jul. Eller ta Peer Gynt etter premieren sist i oktober. Eg møtte mange som var for seint ute til å få sett framsyninga, som gjekk i to månader.

Dei to stykka syner spennet i repertoar som Rogaland Teater forstår at dei må ha for å nå breitt ut: på den eine sida ei iscenesetjing av ei bok som mange barn har lese (Roald Dahl), på den andre sida ein norsk klassikar – eit av dei mest kjente skodespela til Henrik Ibsen.

Barn og unge lærer å spele

Eit av måla på om ei kulturgrein er for fleire enn fiffen, må vere om ein når ut til barn og unge. Rogaland Teater er det einaste institusjonsteateret i landet med eit eige barne- og ungdomsteater (BUT). Mens dei fleste andre teatera berre har éi barneframsyning i året, ofte med vaksne skodespelarar, har Rogaland Teater fire–seks framsyningar der barn og unge spelar.

Det starta med at Barneteatret vart stifta i 1957 av teatermannen Bjørn Endreson ved Rogaland Teater. Visjonen var at barn skulle få lære å stå på ein scene. Kulturtilbodet vart svært populært. Dansar og koreograf Elsa Nordvang tok over leiinga av Barneteatret i 1973 og dreiv det med stor entusiasme og autoritet i nesten 30 år.

Pia Tjelta lærte å bli skodespelar av å vere med i Barneteatret i Stavanger. Her ein scene i filmen Se meg.

Det sette spor: Pia Tjelta, Kristoffer Joner, Glenn André Kaada, Ole Christoffer Ertvaag med fleire starta karrieren som skodespelarar under hennar myndige opplæring. Mange av dei har gjort suksess også på filmlerretet. Då Nordvang døydde i 2014, kom det fram i Aftenbladet at nokre teatersjefar hadde forsøkt å leggje ned Barneteatret. Men Nordvang kjempa for å behalde det, og vann.

I 2002 vart Barneteatret utvida til å heite Barne- og ungdomsteatret (BUT), no under leiing av Bjørn Ravn Carlsen. 70–400 barn og unge har møtst kvar veke i ein teaterklubb der sjølvutvikling og kreativitet står i sentrum. BUT-klubben er eit estetisk fritidstilbod der medlemmane, frå 2. klasse i barneskulen til 3. klasse i vidaregåande, får teaterfagleg opplæring. Undervisninga er praktisk og prosessorientert.

Får stå på scenen

Nokre BUT-medlemmar er så heldige at dei blir tekne ut til å spele i framsyningar på ein av teateret sine fire ulike scenar. Eg har meldt fleire av dei i Dag og Tid for å vise kor seriøst dei arbeider. 26 barn fordelte på to spelelag deltok i Matilda, først i 2024, så nye lag no i 2026. For eitt år sidan fekk seks ungdommar frå Ungdomsteatret spele Hjemkomstene, eit stykke med svart humor om ein søskenflokk som må greie seg åleine når mamma svik dei. Åtte ungdommar spelte teaterversjonen av filmen Fucking Åmål.

I vinter har seksten unge tolka Kaos av den britiske dramatikaren Laura Lomas. Tolv ungdommar har i stykket møtt kvarandre og sett attende på si eiga framtid. Barn frå Barneteatret fyller dessutan den fiktive skulegarden i Teaterhallen når dei vaksne rollefigurane skal takle at ei elleve år gammal jente har teke livet sitt (stykket 11 år). To gutar vekslar på å ha rolla som den yngre broren til jenta.

Eg har vondt for å sjå korleis dette kan kallast teater for fiffen. Her får svært mange barn og unge bruke seg sjølve og framføre skodespel som handlar om deira eige liv og utfordringar. Ikkje alle ungar drøymer om å spele fotball.

Kø og loddtrekking

No har Barne- og ungdomsteatret i Stavanger 350 medlemmar. Det er så populært at Rogaland Teater ikkje har kapasitet til å ta inn alle som vil vere med. Ved siste fristen fekk dei inn 677 søknader. Kriteria er kjønn, søkaransiennitet og at det må vere ledige plassar på årstrinnet. Teateret brukar ikkje audition, men loddtrekking. Tanken er å gi barn og unge med ulike føresetnader sjansen til å søke medlemskap.

Ved siste inntak vart 78 nye medlemmar tekne inn. Dei ungane og ungdommane som fekk ja, vart jublande glade. Dei 599 som blei avviste, vart ordentleg triste. Det tykkjer teateret er skikkeleg dumt, skriv dei på heimesida si.

Kutt fiffen-snakket

Ikkje alle som deltek i BUT-klubben, vert skodespelarar som Tjelta og Joner. Men eg tenkjer at teatertreninga er verdfull på alle scenar i livet, anten ein får stå på ein scene, halde foredrag i klasserommet eller bli eit empatisk medmenneske, slik Rogaland Teater vonar.

Difor tykkjer eg Dag Mossiges populistiske bekymring i januar verka så uinformert og kunnskapslaus. Til all lukke må nokon ha kviskra han dette i øyret. For i februar kom Arbeidarpartiet i Stavanger på betre tankar. Dei hoppa ned frå gjerdet og stemde for å arbeide for at oppussingsplanane for teateret kan bli realiserte.

Då er det håp for at Rogaland Teater ein dag kan vidareutvikle barne- og ungdomsteateret sitt i betre lokale.