Teater
Hjarteskjerande om 11-åring som tok livet sitt
Mobbing blant barn kan vere dødeleg. Det syner teaterstykket 11 år på ein måte som gjer svært vondt. Dei vaksne har gjort for lite for å verne offeret.
Einsemda som 11 år gamle Aina vart skoven ut i av andre jenter i klassen, stal livsmotet hennar.
Foto: Grethe Nygaard
Kva skjedde
då 11 år gamle Aina ikkje orka å leve lenger og tok livet sitt? Korleis taklar jentas
far, mor og veslebror ein slik katastrofe? Kva kunne vore gjort annleis for å
ha unngått at det fryktelege skjedde? Og korleis handterer rektor, læraren og
medelevane tragedien i ettertid?
Stykket til Toril
Goksøyr og Camilla Martens vart urframført ved Det Norske Teatret i 2017. Dei
byggjer på intervju og samtalar med foreldre og barn, lærarar, psykologar, skulefolk
og andre som kan noko om mobbing og sjølvmord. Likevel – av di emnet vekkjer
slik skrekk hjå oss – er det freistande å tenkje at teaterduoen har vore vel
dramatiske når dei lar tematikken utfalde seg på ein barneskule.
Men diverre
skjer slike forferdelege hendingar. Forfattar og regissør Dag Johan Haugerud
laga i 2019 filmen Barn med ei liknande problemstilling mellom
13-åringar. For tre år sidan vart ein livs levande familie i Rogaland ramma då
den 12 år gamle dottera tok livet sitt.
Originalt
grep
I mange år
har teaterverda bruka video som visuelt verkemiddel på scena. Å utnytte det
auditive er derimot sjeldan. Teaterduoen Goksøyr og Martens gjer det på ein
original måte i 11 år: Alle publikummarane må ta på seg høyretelefonar
der dei sit. Slik oppstår eit uvant dobbeltspel. Med augo ser vi ein skulegard
etablert på golvet i Teaterhallen, der opp mot tjue ungar frå Barneteatret utfaldar
seg i leikeapparata eller gjer lekser på bakken. Samtidig høyrer vi med øyra
korleis foreldra til Aina blir med rektor og læraren inn til foreldresamtale i
eit klasserom for å diskutere korleis ei minnesamling for Aina bør bli.
Samtalen går
verkeleg ikkje bra og er hjarteskjerande å høyre på. Rektor (Bahareh Razekh) går
i forsvarsposisjon og vil ikkje vedgå overfor mora at det var ho som fekk sendt
ut mail til alle foreldra om at Aina skulle ha kome på skulen med ei øks. Meldinga,
forstår vi snart, var teken fullstendig ut av proporsjonar. Ho fekk fatale
følgjer for skulejenta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.