Teater

Blaff av håp i ei kaotisk verd

Stykket Kaos skapar eit kaleidoskop av scener der såre situasjonar rundt kjærleik, mental helse og vald i nære relasjonar tyngjer livet til unge menneske.
  

Seksten medlemmar frå Ungdomsteatret til Rogaland Teater framfører Kaos av Laura Lomas.
Publisert Sist oppdatert

Eg vert så imponert av kva Ungdomsteatret ved Rogaland Teater får til. Regissør Penda Faal har gjeve seksten ungdommar eit manus med tittelen Kaos, som verkeleg er kaotisk. Det inneheld lite logisk handling, berre ei perlekjede av korte scener som skildrar unge menneske i krevjande situasjonar. Manuset har få ferdige setningar, orda vert ofte klipte brutalt av før ein kjem til punktum. Det ligg mykje godt instruktørarbeid bak å få amatørskodespelarar til å framføre slik tale på naturleg vis. Men det greier dei.

Rogaland Teater, Kjellerteatret

Regi/omsetting: Penda Faal

Kaos

Av Laura Lomas

Lysdesign og scenografi: Kurt André Aase
Koreograf: Stine Lise Birkedal Dombeck
Kostyme: Ragnhild Anda Tengesdal
Maskør: Mio Eyfjörd

1 time 15 minutt utan pause

Sommarfugleffekten

Kaos av den britiske dramatikaren Laura Lomas er omsett av Faal. I botnen ligg kaosteorien til Edward Lorenz, ein forskar som i 1960 studerte enkle datamodellar for vêrfenomen. Han fann ut at tilsynelatande uviktige skilnadar i startvilkåra gav høgst ulike resultat etter noka tid. Dette vert kalla «sommarfugleffekten»: Ørsmå endringar – som vind frå sommarfuglvenger på eitt kontinent – kan føre til storm på eit anna.

Ein treng ikkje kunne kaosteori for å sjå Kaos, men det forklarar at teaterprogrammet er forma som ein sommarfugl, og at ein i stykket spør om blafringa frå venger i Brasil kan skape ein storm i Texas. Er «input alltid lik output»? Neppe.

I kaleidoskopet av scener som vert spela ut i høgt tempo, finst repetisjonar som held brokkane saman på ein god måte. I opninga står ungdommane i kø på ei togplattform. Ei kvinne med ein blomebukett ventar også. Alle trengjer seg mot inngangsdøra når toget kjem. Brått er kvinna borte, berre buketten ligg att på plattforma. Kasta hos seg utfor? Då ei liknande scene kjem att, vert dama redda av ein gut. Ørsmå endringar i handlemåte gjev eit heilt anna utfall.

Brotne venger

Festkledde tenåringsjenter sladrar høglydt om gutar og sjalusi. Ei vodkaflaske går på omgang. Svært bra spela. Ein gut vil be ein kamerat om orsaking for noko, men får ikkje respons frå den andre. For ein som er forelska, er det ikkje alltid mogleg å få den andre til å føle det same. Då ligg sommarfuglen att med brotne venger.

Kaos speglar ei forvirrande samtid prega av vald, krig, klimaøydelegging og rasisme. Enkle løysingar på problema finst ikkje. Men blaff av håp finst, som når ei jente insisterer på å halde handa til ein gut som vil klare seg åleine når faren blir hjarteoperert. Eller når eit mobbeoffer stryk mobbaren på kinnet i staden for å flytte seg frå setet i bussen. Det er ei ekkel historie om rasisme, drivande godt fortald, og med ei sterk avslutning.

Ikkje alle scenene i Kaos er like pregnante, men alt i alt har framsyninga blitt vellukka. Det skuldast også framifrå koreografi av Stine Lise Birkedal Dombeck.