Reportasje

Kort og godt

Johan Kallevik frå Haugesund har selt postkort i 30 år. Enno har han ein million igjen.

Johan Kallevik har full oversikt over ein million postkort pluss mykje anna, til dømes teikneseriar, fotballkort, vekeblad, pins, brev, kart, fotografi, aksjar, fotballkort, telegram, notar, glansbilete og serviettar.
Publisert Sist oppdatert

Det ringlar i bjølla, Johan Kallevik står bak disken, han ser opp.

– Er det deg? Det passar ikkje i dag, Opedal, du må kome tilbake i neste veke, seier han.

Til å vere i servicebransjen kan postkortseljaren frå Haugesund vere overraskande sjølvrådig og brysk.

Jo, fyrste gong eg var innom Bærre Lækkert Postkort i Storgata 36 i Oslo, var ein iskald laurdag i januar 2025. Som mange andre blei også eg lokka inn av lettbeint jazzmusikk og skiltet: «Velkommen! 1 Million Postkort. Worlds largest Postkort Store». Straks eg sette føtene inne på det skeive tregolvet, stod han der med skyggelue og fleecegenser.

«Hei, kor er du frå?», sa han.11

«Kor eg er frå? Odda», svarte eg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement