Ungarn
Motbakke for Orbán
Kamp mot elitane var med på å gi Orbán statsministerposten. No kan hans eigen elite koste han makta.
I Debrecen i Aust-Ungarn lar styresmaktene det kinesiske selskapet CATL bygge ein enorm batterifabrikk. I den elles Orbán-venlege byen er mange skeptiske til at fabrikken har ført til auka arbeidsinnvandring.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Ved første blikk kan det verke som om Budapest har falle til ro etter at dei siste påsketuristane drog måndag ettermiddag. Slik er det ikkje. Alt på tysdag er store delar av byen sperra av. Trafikken er kaotisk, politibilane ular. Årsaka? Den amerikanske visepresidenten vitjar byen. Her skal han drive valkamp. Søndag skal ungararane røyste på eit nytt parlament, og for første gong på 16 år ligg statsminister Viktor Orbán an til å miste makta.
Valet er blitt omtalt som det viktigaste i Europa i år. Orbán er sjølve symbolet på den europeiske høgrepopulismen og har mektige allierte både i aust og i vest. I Washington D.C. vonar Donald Trump at hans næraste allierte i Europa skal vinne. I Beijing følger ein òg med. Ungarn er Kinas viktigaste samarbeidspartnar i Europa, og i 2023 gjekk 44 prosent av investeringane deira i EU dit, trass i at bruttonasjonalproduktet til Ungarn utgjer berre 1,1 prosent av økonomien i EU.
Og i Kreml? Der har Vladimir Putin sett i gang ein desinformasjonskampanje for å hjelpe Orbán med attval, etter at den ungarske statsministeren har brukt dei siste åra på å stogge europeiske hjelpepakker til Ukraina.
Rabulisten
På mange måtar er det eit paradoks at nett Orbán stør seg på den globale makteliten når han prøver å vinne attval. Då han blei vald til statsminister i 2010, var det fordi ungararane var leie av den dåverande eliten. Den gongen stod landet på randa av konkurs etter å ha blitt råka hardt av finanskrisa. Den sosialdemokratiske statsministeren hadde blitt tatt i å lyge for veljarane i den føregåande valkampen. Frustrasjonen med dei dåverande elitane var stor, og Orbán vann valet så overlegent at han fekk mandat til å endre grunnlova.
Den nye statsministeren var klar på at han nytte makta til å innføre ein ny samfunnskontrakt. NER, kalla han det – ei ungarsk forkorting for «det nasjonale samarbeidssystemet». Parlamentet sentraliserte makta, fylte høgsteretten med eigne dommarar og tok gradvis kontroll over media. Stadig fleire opposisjonelle aviser blei kjøpte opp av Orbáns allierte. Dette var med på å hjelpe Orbán med å dominere den offentlege samtalen og vinne val etter val. Nokre år seinare byrja han å snakke om det «illiberale demokratiet» som eit alternativ til dei pluralistiske samfunna vest i Europa. Illiberalt var i så måte eit honnørord: Det sosiale og kulturelle mangfaldet gjorde ikkje dei vestlege landa betre, argumenterte han, men meir ustabile og dekadente.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.