Kulturkommentar
Tenk visjonært for Akropolis i Stavanger
Ein vinnar er kåra i arkitektkonkurransen om nytt museums- og teaterbygg i Stavanger. No gjeld det at det flotte utkastet faktisk vert bygd.
Høgder finst i mange norske byar. Men dei færraste kan skilte med å ha gjort som Stavanger: plassert fire klassiske praktbygg på toppen, så vakre at tilnamnet «Akropolis-høgda» vart brukt om resultatet. Den einaste fagutdanna arkitekten i byen på slutten av 1800-talet, Hartvig Sverdrup Eckhoff, teikna teater, turnhall, museum og sjukehus i fire monumentalbygg i tyskinspirert nyrenessanse-stil. Også andre stilepokar spelte med, og fasadane vart laga i pussa murstein eller teglstein.
Styresmaktene tenkte visjonært om kultur, folkeopplysing, fysisk fostring og sjukepleie.
Klart det kosta den gongen å introdusere urbane, kontinentale bygg i skarp kontrast til trehusa som elles dominerte i byen. Trass i at Stavanger i 1880-åra gjekk gjennom eit krakk og ei nedgangstid på grunn av overgangen frå seglskuter til dampskip, tenkte styresmaktene visjonært om kultur, folkeopplysing, fysisk fostring og sjukepleie. Bygga til Eckhoff vart reiste på berre femten år, frå 1883 til 1897, i god tid før Oslo fekk sitt Nationaltheater (1899) og Bergen Den Nationale Scene (1909).
Ropar på oppussing
Nett slik Nationaltheatret i hovudstaden no ropar på oppussing og oppgradering, skrik bygga på Akropolis-høgda i Stavanger etter det same. Meir presist: Det gamle sjukehuset har vorte renovert og husar i dag Rogaland fylkeskommune. Verre er det på hi sida av Muségata. Der strevar Stavanger museum, Rogaland Teater og den gamle turnhallen, som for lengst er inkorporert i teaterverksemda, med nedslitne og altfor små lokale.
Dessutan: Det meste av dei klassiske linjene i Eckhoffs praktbygg har med åra vorte skjult av moderne tilbygg. Eit modernistisk betongbygg kalla Pennalet vart reist i 1964 og skuggar for fasaden til museet. Eit firkanta scenetårn, lagt til på 1980-talet, ragar slik at ein frå byens hjarte – nede ved Breiavatnet, katedralskulen og domkyrkja – knapt kan skimte dei staselege bygga som rettferdiggjorde namnet Akropolis-høgda.
Etter Eckhoff
No har Stavanger halde arkitektkonkurranse. På tampen av fjoråret vart utkastet «Etter Eckhoff – mellom trær, bygg og by» kåra til vinnar. Bak teikningane står arkitektar med solid røynsle frå moderne kulturbygg og ivaretaking av historisk kulturarv: det Oslo-baserte Lund Hagem som teikna Deichmanske bibliotek i hovudstaden og gav nytt liv til gamle Deichmanske; det britiske DRDH Architects som står bak Kulturkvartalet i Bodø; og det stavangerbaserte arkitektkontoret Jonas Thor i tillegg til landskapsarkitektane Edit og Arup.
Arkitektane syner stor omtanke for visjonane hjå Eckhoff.
Det gledelege med vinnarutkastet er at dei gamle siktlinjene er henta fram igjen. Det skuldast at arkitektane syner stor omtanke for visjonane hjå Eckhoff. Dei vil fjerne det som øydelegg for dei gamle fasadane: Vekk med det – etter mi meining – stygge betongbygget Pennalet. Flytt scenetårnet, ein naudsynt koloss for verksemda ved eit teater, men estetisk uheldig slik det no ligg.
For å lukkast med endringa vel arkitektane å leggje ei rekkje funksjonar ned under bakken. Løysinga gjev store gevinstar, meiner dei: Kulturarven etter Eckhoff vert respektert, og hagen med store almetre på austsida av museet kan stå fram att som midtpunkt i eit nytt, opent byrom for Stavanger.
Blir dette bygd, vil folk flest kunne sjå kor flott Akropolis-høgda faktisk er.
Åtgaum
Vinnarutkastet har vekt positiv åtgaum i Stavanger sidan det vart lagt fram sist desember.
Vinnarutkastet har vekt positiv åtgaum i Stavanger sidan det vart lagt fram sist desember. Rett nok skreiv nokre statsvitarar frå Oslo ein kronikk i Aftenbladet og hevda at vinnaren er prega av «et modernistisk uttrykk som står i skarp kontrast til omkringliggende arkitektur». Dei ser ikkje ut til å ha oppdaga nett kor venleg vinnaren er mot den klassiske Eckhoff-signaturen.
Langt meir interessant er det at byarkitekt Henrik Lundberg har snudd i saka. Han takka i fjor nei til å sitje i juryen for konkurransen av di han meinte høgda der museet og teateret ligg, er for lita til å få til eit godt resultat. Men når han no ser kva dei røynde arkitektane foreslår, har han snudd. Løysinga er så bra at han vonar politikarane vil gå vidare med prosjektet. Elles vil det raskt hamne i ei skuffe og verte liggjande der, har han uttalt til Stavanger Aftenblad.
Fleire detaljar i vinnarutkastet må arbeidast med slik at museum og teater vert nøgde med innvendige løysingar. No ventar mange på at eit politisk fleirtal i bystyret 16. februar stemmer for å løyve 10 millionar kroner til vidare handsaming av teikningane. Dei borgarlege partia (Høgre, Frp, KrF og Venstre) har i hovudsak vore positive og har signalisert at dei vil gå inn for saka. Også venstresida er truleg på veg til å gjere det same, men alle understrekar at budsjettramma på 3,5 milliardar kroner ikkje må sprengjast. Det krev at staten – den største eigaren av Rogaland Teater – fylket, kommunen og private aktørar blir med på ein dugnad for å finansiere det heile.
For nokre mindre parti er summen altfor stor. Når økonomien i kommunen er pressa, må ein først ta omsyn til lovpålagde oppgåver som skole, omsorg og helse, seier talsmenn frå Industri- og næringspartiet (INP) til Aftenbladet.
Tenk visjonært
Mens vi ventar på at politikarane skal våge å gå vidare i prosessen, gjeld det å oppmode dei til å tenkje like visjonært som då Eckhoff fekk sine teikningar bygde for snart 150 år sidan. Ein by skal ha ei domkyrkje, eit konserthus, eit fotballag, eit bryggjeri og sjølvsagt også eit tidsriktig teater og museum.
For å ta teateret åleine: Her burde ein leggje inn ei orkestergrav, slik at Stavanger by endeleg kan få ei scene der ein kan framføre opera og musikkteater. Nabobyen Sandnes hadde i mange år monopol i regionen på å setje opp musikalar i sitt kulturhus, men la ned satsinga. Stavanger symfoniorkester har no ansvar for operaframføringar i regionen, men Fartein Valen-salen i konserthuset er ikkje eigna til fullskala operaoppsetjingar.
Tenk stort, tenk visjonært. Så må ein arbeide hardt for å finne midlar til å realisere draumane.