JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Bærums­terroristen

Ut frå eit sterkt ønske om å bidra til å hindre at fleire unge blir radikaliserte, har Anders Hammer skrive bok om Philip Manshaus.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Journalisten og forfattaren Anders Hammer har gjeve ut fire bøker og laga fleire dokumentarfilmar.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

8242
20220624
8242
20220624

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Med Terroristen fra Bærum går Anders Hammer inn i radikaliseringsprosessen Philip Manshaus gjekk gjennom, og syner korleis søking på nettstader og appar førte ein usikker ungdom inn i eit nynazistisk miljø.

– Han kunne skifte overtyding stadig vekk – og vere like overtydd kvar gong?

– Manshaus gjekk gjennom ei ekstrem søking etter identitet. Han var usikker på kven han var, og freista febrilsk å finne ein stad han kjende seg heime. Den staden fann han først då han blei nynazist. Han kasta seg med hud og hår inn i kvar ny identitet, det kan vere uttrykk for dårleg sjølvbilete og ekstrem trong til å vere del av ein fellesskap. Når han finn ei form for fridom i det ytterleggåande høgre, tek han det ut i det heilt ekstreme.

– Det mangla ikkje på motrøyster?

– Motrøystene fanst, men dei var spreidde og ikkje samkøyrde. Dei einskildpersonane og miljøa som talte Manshaus imot, visste knapt om kvarandre. Når ein som kjenner Manshaus godt, skriv eit svært detaljert varsel til PST, blir ikkje familien informert. Mange varsellampar lyste i ulike samanhengar, kameratgjengen kalla han «nynazisten», og radikaliseringa hans blei stadig tydelegare dei siste par åra. Men ikkje noko skjedde.

– Synest du at PST sjekka bekymringsmeldinga grundig nok?

– PST-sjefen hevda at dei ikkje såg nokon intensjon i varselet om å øve vald. Sjølv meiner eg at det er konkret, detaljert og inneheld svært mykje urovekkjande informasjon. Det vitnar om god forståing av radikalisering, og mykje burde fått politiet til å reagere. Eg trur det hadde vore smart å ta ei bekymringssamtale, men det blei ikkje gjort.

Anders Hammer (44) er kjend som dokumentarfilmskapar og forfattar, mellom anna med Oscar-nominasjon for dokumentarfilmen Do Not Split, om demokratidemonstrasjonane i Hongkong. Han har lenge interessert seg for ulike former for ekstremisme, terrorisme og radikalisering.

NRK synte i fjor dokumentarfilmen Philips vei til terror, om radikaliseringa av Manshaus. Boka som no ligg føre, er ingen prosaversjon av filmen, men ei framstilling som har gitt forfattaren høve til å arbeide med stoffet på anna vis og å gå djupare inn i nettradikaliseringa av Manshaus.

– Utan den tette kontakten med familien hans hadde det ikkje blitt noka bok. Særleg var Ellen Ihle-Hansen, stemor til Manshaus og adoptivmor til stesystera Johanne, til stor hjelp. Ho ønskjer å fortelje si historie ope og ærleg, slik at andre kan lære og kanskje reagere tidlegare enn ho og familien gjorde.

Intense fasar

– Er det noko som skil Manshaus’ radikaliseringprosess frå andre du kjenner?

– Noko av det spesielle er at Manshaus i stor grad blei radikalisert på nettet og via krypterte appar. Saka hans har mange likskapar med massedrap og skuleskyting i USA, utført i hovudsak av unge menn. Truleg har fleire av desse terroristane lese mykje av den same litteraturen på nettet.

– Kva for nettstader og appar oppsøkte Manshaus?

– Dei dekte eit vidt spekter, frå reine nynazistiske nettstader via googlesøk på massakrar og andre verdskrig til diskusjonsforum og hatprattaler og mange konspirasjonsteoriar.

– Er ikkje reaksjonane frå omgivnadene klassiske: Dei klarar ikkje heilt å tru på det dei høyrer og ser?

– Det er svært typisk for slike saker. Manshaus hadde vore inne i fleire intense fasar tidlegare, og dei kring han trudde nok at dette var endå ein. Dei høyrde at han ytra sterkt hatefulle utsegner, men ein vil jo gjerne tru det beste om menneske ein er glad i. Og så er det ei belastning å skulle slå alarm. Men lærdommen av denne saka er at det er viktig å reagere, det kan ikkje vere eit reint politiansvar.

Gjennom heile boka held forfattaren ein svært nøktern tone og lèt fakta tale for seg sjølv. Han fortel at skrivemåten var heilt medviten frå hans side, hendingane i seg sjølv er jo forferdelege nok. Dessutan blei han emosjonelt påverka av historia om Johanne, den 17 år gamle halvsystera Manshaus drap.

– Du vier Johanne mykje plass. Då er det vel helst mennesket, ikkje offeret, du vil ha fram?

– Ja, det har vore eit poeng for meg. Det er så alvorleg at ein syttenåring blei drepen fordi ho var adoptert frå Kina.

Manshaus lét etter seg eit brev til familien. Hammer meiner han skreiv det fordi han trudde han kunne døy i terroråtaket. Han har alltid kjent kjærleik til familien, bortsett frå systera dei siste åra, så han hadde nok behov for å forklare seg. Dessutan hadde han eit ønske om å overtyde familien om at det er han som eig sanninga, og at hans politiske analyse av verda er den rette.

Status

Så gjekk han til aksjon. Anders Hammer har sett nærare på politiarbeidet og er svært kritisk til det som skjedde:

– Det var skremmande å få innsyn i kor tregt dei reagerte. Etter 22. juli trudde eg det var eit høgare medvit i politiet som ville få dei til å reagere sporenstreks på meldinga om at det var løyst skot i Al-Noor-moskeen. Det tok lang tid før dei tok meldinga på alvor, og det er svært urovekkjande kor mykje rot det var frå politiets side.

Hammer seier at det til tider verkar som om dei på naudsentralen finn heile situasjonen underhaldande, med denne varslaren som ikkje snakkar så godt norsk.

– Ein som snakka krystallklart, kom til, men politiet omtalte dei lenge som éin person, ein innringjar som knapt kunne gjere greie for seg. Det tok lang tid før dei byrja skjøne alvoret i situasjonen.

Det har vore sagt at Manshaus ikkje lukkast med det han hadde sett seg føre, for han blei jo overmanna i moskeen. Men det er ikkje Hammer samd i. Han sådde frykt, klarte å drepe systera si, han øydela enormt mykje for dei som stod han nær, og han spreidde angst i eit trussamfunn som enno er prega av dette. 18-åringen som nyss skaut ti menneske, hovudsakeleg svarte, i Buffalo i USA, skreiv eit manifest der han viste til både Breivik og Manshaus, så også bærumsterroristen er i ferd med å få status i dei ytterleggåande miljøa.

Hammer vil ikkje peike ut ein einskildfaktor som avgjerande for radikaliseringa, men han meiner at ei barndomsoppleving har prega den litt forsiktige og kjenslevare guten.

– Det kan ikkje vere tvil om at det alvorlege traumet fireåringen opplevde då mor hans tok livet sitt, må ha påverka han. At det har lagt ein skugge over heile livet hans, verkar opplagt. Svært mange radikaliseringshistorier har innslag av born med vanskar i barndommen.

Hammer skriv at terroristen ei tid oppfatta seg som «sendebod». Forfattaren seier at ikkje alt Manshaus har skrive, er like lett å forstå, noko heng ikkje saman, anna er sjølvmotseiande, noko er faktisk feil og somt svært hatefullt og reint rasistisk, gjerne med oppmodingar om å ty til vald og skade andre menneske.

– Han har gått inn i ei førestilling om at han er del av ei rørsle og skal bidra til å akselerere endringa som vil føre til at det liberale demokratiet bryt fullstendig saman og blir erstatta av eit diktatur.

Ingen anger

– Det ser ut til at det har skjedd ei forsterking av radikaliseringa dei siste to–tre månadene før han oppsøkjer moskeen?

– Det trur eg er rett. Den perioden var endå meir intens. Det var då han var mest på nettet.

– Er Brenton Tarrant, Christchurch-terroristen, den som har inspirert Manshaus mest?

– Eg trur absolutt at han har påverka Manshaus. Men radikaliseringa var godt i gang før moskéåtaka på New Zealand. Dei har fått ein heilt spesiell status i det høgreekstremistiske miljøet, i kraft av alle dei han drap og skadde, men også på grunn av manifestet han la ut på nettet. Det er meir konkret og lettare å skjøne enn det Breivik lét etter seg.

– Du har hatt kontakt med Philip Manshaus etter at han blei dømd og fengsla. Kva er inntrykket sit du att med?

– Først såg eg han i retten, der han tydelegvis framleis var oppteken av å formidle propaganda. Det var mykje hatprat. I samtalene eg har hatt med han, syner han ingen anger, han er den same høgreekstremisten som ønskjer å oppmode andre til å følgje hans eksempel. Han uttrykkjer den same ekstreme politiske overtydinga som før.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er så alvorleg at ein syttenåring blei drepen fordi ho var adoptert frå Kina.

Anders Hammer, forfattar og journalist

Fleire artiklar

Det er nærare eitt år sidan klima- og miljøminister Espen Barth Eide fekk rapporten frå leiaren i Genteknologiutvalet, Anna Wargelius, men er vi noko nærare å skjøne kva han handlar om?

Foto: Javad Parsa / NTB

KommentarSamfunn

«Visste du at vi held på å tillate bruk og omsetning av genmodifiserte organismar i Noreg?»

Siri Helle

Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
JoelSelvakumar

Einsidig om seinfølger

Risikoen for seinfølger etter covid-19 har falle dramatisk, og det er ikkje grunn til å tru at han aukar med gjentatte infeksjonar

Ameline med den fyrstefødde, Symra, i 2018.

Foto: Svein Gjerdåker

LandbrukSamfunn
Svein Gjerdåker

Dag og Tid-kua Ameline er daud

Ein morgon i mars låg Ameline daud i fjøset til Hilde og Lars Selheim på Voss.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Sju menn fortel sju historier knytte saman av musikk og ein fellesskap om det å ikkje høyre til.

Foto: Den Nationale Scene

TeaterMeldingar

«Som få evnar Frode Grytten å skildre menn som av ymse grunnar fell utanfor.»

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis