JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Sveve over Jyväskylä

«Livet er livet», sa skihopparen Matti Nykänen. I svevet kjende han seg fri, men kor lenge er eit menneske der? Jo, så litt om finske vikingar, arkitektur og det lengste ordet i det finske språket.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jyväskylä er heimbyen til skihopparen Matti Nykänen og arkitekten Alvar Aalto. Kven som har sett tydlegast sport etter seg, er ikkje godt å seie. Her er uansett ein av 29 bygnader i byen teikna av Aalto.   Alle foto: Hallgeir Opedal

Alle foto: Hallgeir Opedal

20029
20220923

Les også

På ein steinholme ligg borga Olavinlinna, eller Sankt Olofsborg, kalla opp etter Olav den heilage. I borggarden fekk eg i juli 1983 oppleve min første opera, Tryllefløyta. Det var ei openberring, og opera har sidan vore ein pasjon.

Foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Snaps ved reisas slutt

Les også

Slik var det å vakne på golvet i dette vesle Mummi-huset av ei hytte på Mansikkaharju Holiday Camp ein onsdags morgon i juni 2022. Neste gong vel eg spahotellet.

Norjalainen kryssar sitt spor

Les også

Så var det i Pirkkala eg skulle sleppe opp for straum. Nokre gonger er ulukka betre enn forstanden. Paavo på butikken Sale ordnar opp.

Feature

Straumlaus i Pirkkala

Les også

Eit av slaga under den finske borgarkrigen stod på kyrkjegarden Kalevankangas i Tampere. Fleire gravsteinar har merke etter kuler. Etter krigen oppretta dei kvite ein fangeleir her, og ein av fangane var den 15 år gamle Jussi Hietanen. Han laga monumentet som blei reist i 1941.

Det egentliga Finland

Les også

Året 1952 var eit vendepunkt i Finlands historie. Krigserstatninga til Sovjetunionen var nedbetalt, dei olympiske sommarleikane blei arrangerte i Helsinki, og den 17 år gamle Armi Kuusela frå Norra Österbotten blei verdas første miss Universe.

Turku i toppfart

Les også

Målet for reisa er Leppävirta, men eg skal gjennom mykje finsk historie og melankoli før eg kjem fram.

Illustrasjon: Nerliens Kjemisk-Tekniske Aktieselskap

Feature

Verdas lukkelegaste land

Verdas lukkelegaste land

Kven er desse finnane? Med buss, tog og el-sparkesykkelen Arja reiser Hallgeir Opedal tilbake til landet der han blei forløyst som menneske.

Den fyrste tanken som slår ned idet eg vaknar i det romslege rommet på hotellet Scandic Jyväskylä City, er: Kva pokker gjer eg her? På denne reisa har eg så langt vore i Turku, og eg har vore i Tampere, to historiske byar, og dei var mål i seg sjølve, eg visste kva eg ville og kvifor eg skulle dit, men kva har eg i Jyväskylä å gjere?

Eg må vedgå at Jyväskylä er meir av ein mellomstasjon mellom Tampere og Kuopio, ja, ein slik stein ein trakkar ned på for å kome over bekken. At det blei nettopp her, er tilfeldig. Eg kunne like gjerne valt jordbærbyen Suoenjoki som ligg lenger nordaust. Ja, kvifor reiste eg ikkje rett til Pieksämäki? Den byen ligg jo mykje nærare Leppävirta.

For finnar flest er han mest kjend fordi den fordrukne og kjederøykande rockelyrikaren Juhani «Juice» Leskinen skreiv ein 16 minutt lang blueslåt om kor stusseleg det var å vente på toget i Pieksämäki: «Det er ingen pølsekiosk, ingen kafé/ ingen restaurant, berre stasjonen/ for ei fortviling/ dette er korleis blues vert spelt på Pieksämäki stasjon.» Ein fasinerande låt som byrjar i det stille med gitar og song, før det aukar boleroaktig med stadig fleire instrument, ja, eit heilt dixielandorkester spelar opp, før det heile igjen ebbar ut.

Juice Leskinen var ingen kven som helst, og han er kalla både «hjørnesteinen i finsk pop» og «farsfiguren til finsk rock». Ifølgje Biografiskt lexikon för Finland gjekk han «den finska mentaliteten i sömmarna, inte sällan med bitande ironi». Då rikskringkastaren YLE i 2004 skulle kåra dei hundre viktigaste finnane gjennom tidene, fekk han ein heiderleg 38. plass. Øvst trona sjølvsagt Carl Gustaf Mannerheim.

Juhani «Juice» Leskinen døydde i 2006 av nyresvikt, skrumplever og diabetes. Han blei 56 år og er jordfesta på gravplassen i Tampere, faktisk tvers over grusgangen for Väinö Linna. Den store forfattaren er nummer 15 på lista.

Pieksämäki hadde vore noko å skrive heim om, men no har eg no eingong sett foten ned her i Jyväskylä og får nytte dei tilmålte timane godt. Dette er trass alt heimbyen til Matti Nykänen, og dessutan skal dei her ha eit museum vigt Alvar Aalto, arkitekten med tulipanvasane. Nykänen og Aalto blei høvesvis nummer 11 og 33 på lista.

Eg kom hit i kveldinga i går, og fordi sparkesykkelen var tom for straum, valde eg hotellet nærast jarnbanestasjonen. Etter å ha sett Arja til lading, gjekk eg ut for å finne noko ete. Eg hadde alt googla restaurantar i Jyväskylä, det var mykje pizza, sushi og kebab, men sidan eg skal ete finsk mat, merkte eg meg to som hadde reinsdyr på menyen. Den næraste låg i Kauppakatu, heitte Viikinkiravintola Harald og viste seg å vere ein restaurant utspjåka med vikingeffektar som hornhjelmar, sverd, skjold og skinn.

Har vi nokon gong høyrt om finske vikingar? Toivonen den Hardbalne eller Pekka Jorsalfar? Nei, medan danskar, svenskar og nordmenn reiste i viking, var finnane i stort heimfødingar som hausta rug og lauga seg i sauna. Sidan sørkysten låg i leia for tokta mot Austrvegr, sytte finnane for husly og mat til dei reisande, men ikkje tale om at dei ville hive seg med i båtane ned elvane mot Kiev og Miklagard.

Også den gongen var nok språket ein barriere. Det blir rett nok hevda at finske og kvenske leigesoldatar skal ha vore med i erobringa av England på 800-talet, men at deira bidrag skal vere grunn god nok til å starte opp ei landsdekkande vikingrestaurantkjede, er ei tilsniking.

Dei ymse trerettarane på menyen var naturleg nok ikkje kalla opp etter finnar, men etter Gorm den gamle (dansk), Harald Blåtann (son hans, altså dansk), Bjørn Jernside (svensk) og Eirik Raude (jærbu). Nei, alt på veg ned trappa skjøna eg at dette blei feil. Viikinkiravintola Harald var ei turistfelle.

Den andre restauranten som hadde reinskjøt på menyen, var Ravintola Kissanviikset, som tyder noko slikt som «kattens vêrhår». Jyväskyläs beste restaurant med ti–tolv duka og eksklusive bord. Eg bestilte reinsdyrfilet med rosmarinsaus, nypoteter og rotgrønsaker, og alt smaka himmelsk.

Ved eit firemannsbord sat tre støyande asiatar saman med ein blodlaus finne. Dei snapsa, skåla og knipsa til seg det eine glaset etter hitt. Sjefasiaten, som snakka godt amerikansk-engelsk, spurde til sist kelneren om han ikkje like gjerne kunne bringe heile flaska til bordet. Nei, det var dessverre ikkje lov i Finland.

– Eg kan kjøpe ei flaske til deg i morgon, sa den blodlause finnen.

What? sa asiaten.

– Eg kan gå på Alko. I morgon. Der sel dei vodka. Eg kan kjøpe ei flaske til deg der.

Asiatane braut ut i latter og sa det ikkje var slikt meint. Då rekninga kom til bordet, var det sjefasiaten som tok ho. Han såg ikkje ein gong på summen, og då han skulle signere digitalt, drog han berre ein strek over maskina med naglen. Dei andre asiatane lo høgt, det var vel ikkje fyrste gong han signerte på det viset. Dei reiste seg, dei gjekk, og det vart stille.

Så tusla eg heim i lett yr.

Etter frukosten pakkar eg sekken og leverer han til oppbevaring i resepsjonen. Det er same jenta som sjekka meg inn i går. Ho er frå Lahti, fortel ho, og har studert turisme i Jyväskylä. Det bur rundt 100.000 i Jyväskylä, og heile 42.000 studentar. Kvart tredje menneske du treffer, er student, seier ho.

– Eg tenkte å ta meg ei natt i Lahti.

– Ikkje gjer det, seier ho.

– Eg bør ikkje seie det, men Lahti... Det er ingenting å sjå og ingenting å gjere.

Ho lurer på om eg har plukka opp nokre finske ord langs vegen mot Leppävirta, og eg er ikkje tungbedd. Eg tel til ti og lirar av meg så mange gloser eg kan kome på, og ho bryt meg til slutt av med eit wow!

– Men finsk er komplisert, seier eg.

– Komplisert, ja? Det å snakke korrekt er ikkje lett sjølv for oss. Ungdommar forkortar og forenklar. Miksi tyder «kvifor», mens unge folk seier berre miks. Og det å skrive finsk er det mange som slit med. Det er så mange variasjonar av eit ord, og orda kan bli veldig lange.

– Kva er det lengste ordet du kan?

– Det er eitt ord… eeeh… Jo! Eg skal skrive det ned for deg.

Ho finn ein lapp, byrjar å skrive, men undervegs blir ho usikker på stavinga og må kontrollsjekke på Google, og så gjev ho meg lappen. Lento­kone­suihkutur­biinimoottoria­pumekaanik­koaliupseeri­oppilas.

– Det tyder noko slikt som jetfly­turbin­hjelpe­mekanikar­assistent.

Ho sjekkar togtidene til Kuopio og skriv dei ned på same lapp.

Eg sparkar til turistkontoret som ligg i Kauppakatu, same gate som turistfella Harald. Eg trillar inn, seier terve, og ei av dei tre der inne reiser seg straks. Eg stiller spørsmålet som eg vakna opp med i dag tidleg.

– Kva gjer eg her i Jyväskylä?

– Vel, seier Rinna Valjakka. Kor god tid har du?

– Eg skal rekke eit tog som går 16.41.

– OK, no er klokka snart elleve. Lat meg sjå...

Ho finn fram eit kart, ringar inn med kulepennen.

– Her ligg utsiktstårnet, der du kan sjå heile byen med omland.

– Ja?

– Men tårnet er stengt måndagar. Så har vi cruisebåtane som går på Jyväsjärvi, og frå Jyväskylä kan ein faktisk køyre heilt ned til Lahti…

– Lahti?

– Ja, men ikkje reis til Lahti. Det er ingenting å gjere der. Båtane går uansett ikkje på måndagar.

– Kva med Alvar Aalto-museet?

– Det er stengt for renovering og opnar ikkje før neste sommar. Det ville uansett vore stengt sidan det er...

– Måndag. Kva med statuen av Matti Nykänen?

– Han er ikkje komen opp enno, men om du vil sjå der han skal stå, seier ho, og set ein ny ring på kartet, så er det her ved idrettsplassen.

– Kva med grava hans?

– No er det slik at familien helst ikkje vil at vi fortel kor han ligg gravlagd. Ho har vore utsett for hærverk.

– Hærverk?

– Ja. Han var jo litt, eh...

– Kontroversiell?

– Ja, det er ein måte å seie det på. Men gravplassen ligg her, seier ho og teiknar ein ny sirkel.

Så kva gjer eg i Jyväskylä? Ho foreslår at eg lastar ned appen Citynomad og følgjer The Aalto Route, som vil ta meg til alle dei 29 bygningane som Alvar Aalto fekk sett opp. Ingen byar i verda har fleire.

– Og så er sjøsida fin, dei har nettopp opna ein ny restaurant der, og så går det ein tursti rundt Jyväsjärvi.

Det er ikkje enkelt å vere turist i Jyväskylä på måndagar. Utsiktstårnet er stengt og cruisebåtane ligg til kai.

Ute i Kauppakatu slår eg gravplassen inn på telefonen, og skulle eg gått dit, ville det nok teke meg ein halvtime. Med Arja tek det ti minutt, trass fleire omvegar på grunn av vegarbeid. I det eg nærmar meg, ser eg at grava til salige Matti Nykänen er merkt av på Google Maps. Ho er lett å finne. Han ligg ikkje åleine, men deler gravstein med oldemora Anna og faren Hilmeri. Eg tek bilete. Ein mann kjem forbi.

– Matti Nykänen, seier eg forklarande.

Han ser forvirra ut og mumlar noko på finsk.

Ski jumper, seier eg, og går ned i hockey med armane bak, tek sats og landar med telemarkstilling i grusen.

Yes, I know, seier han, og smiler.

Sjølvsagt veit han kven det er. Alle i Finland veit kven han er.

«Livet er livet» er eitt av dei mange visdomsorda som er tillagde Matti Ensio Nykänen. På internett ligg der fleire samlingar med sitat etter skihopparen, og ikkje alle er like forståelege. Noko går nok godt tapt i omsettinga, men her eit døme: «Når eit menneske søv, skjer det ingenting. Men når han ikkje søv, kan han fange ein fisk.»

Matti Nykänen blei fødd i midten av juli 1963 og vaks opp saman med tre systrer. Faren Hilmeri sende tidleg den hyperaktive gutungen opp i hoppbakken, og den uredde Matti hadde kropp og sinn for å fly langt. Frå 1982 til 1989 vann han det meste som var: fire OL-gull, fem VM-gull, VM i skiflyging, fire gonger hoppveka og to gonger verdscupen, og så sette han verdsrekord i skiflyging. Kvifor var han så suveren? Her må eg sitere Magne Sørestrand frå Vossestrand. Han har vore hopptrenar og hoppdommar, og han har nok sett fleire hopprenn enn sjølvaste Arne Scheie.

«Matti Nykänen utvikla sin eigen hoppstil. Han hoppa med skia på skrå i lufta slik at kroppen låg litt utanfor skia. Då han kom ut frå hoppkanten og vidare ut over kulen, vrei han skia til høgre og heldt kroppen på venstresida. Kroppen låg altså ikkje parallelt over skia, slik det var vanleg å gjere på den tida. På den måten laga han ei større bereflate under svevet nedover.»

Ein annan ting var at han var uredd, meiner Sørestrand. «I Finland er det ofte ustabile vindtilhøve i hoppbakkane, fordi det er flatt, og ein treng store hoppstillas. Ein vert tøff av å hoppa mykje i vind, og Nykänen var uredd og hoppa stabilt godt uansett vindtilhøva.» På tidleg 80-tal var Sørestrand i Midtstubakken i Oslo for å observere Nykänen. Han ville finna ut korleis finnen varma opp og førebudde seg til hoppinga – om han gjorde noko spesielt: «Han varma ikkje opp. Han sat for det meste i ro, røykte litt, og gjekk rett opp for å hoppa. Han må ha hatt ei særleg evne til å kopla ut og berre tenkja på sin eigen måte å gjera det på.»

Under VM i Val di Fiemme i 1991 hoppa Matti for siste gong og hamna på 50. plass. Matti Nykänen var 28 år, blakk, plaga av ryggsmerter og forfallen til rusdrikk.

«Det er som det er to personar inne i meg. Han eine er snill og god. Han andre er ein vill drøymar som må ha alkohol», skal han ha sagt. Når han var edru, var han stille og inneslutta, ja, sjenert, men alkoholen forløyste han. Han blei praten, glad og blid, han blei rasande, svartsjuk og valdeleg.

Han var glad i jenter, og dei var glade i han, og til saman blei det fem–seks ekteskap. Fyrst var han gift i to år med fotomodellen Tiina Hassinen, sidan i tre år med den 80-talsvakre Pia Hynninen, sidan to år med restauranteigaren Sari Paanala. Det var då han tok etternamnet Paanala, flytta til Uurainen som ligg ei halvtimes køyring nord for Jyväskylä, og arbeidde som bartender. Men som han sjølv har sagt: «Kjærleik er som eit garnnøste – det har ei byrjing og ein ende.»

Han var snart klar for sitt fjerde og femte ekteskap, no med den ni år eldre pølsemakararvingen Mervi Tapola frå Tampere. I Finland er Tapola vidkjend for mellom anna den gode svartpølsa si. Det blei endå eit turbulent ekteskap. Dei fauk på kvarandre rett som det var, med brødkniv og flasker, dei slo, sparka, lugga og kvelte, og våren 2004 blei Matti dømd til fire månadar i fengsel. Mervi fekk 20 dagar for å ha slått han i hovudet med ei flaske. Matti sa: «Vi har alle ete pølser. Men kor mange av oss har ete ei overkokt Tapola-pølse?»

I august var Matti på permisjon og blei invitert til Tapola-familiens sommarhus ved ein innsjø nær Nokia. Ein krangel med ein 59 år gamal familieven om reglane for korleis ein dreg krok, enda med at Matti trekte kniven. Han blei dømd til fengsel i to år og to månadar for grov vald. Matti sona halve straffa, men var knapt utkomen før han igjen fauk på Mervi Tapola, og det bar rett tilbake i fengsel. To gonger gifta dei seg med kvarandre, og med sine 15 skilsmissekrav sette ho ein rekord som står framleis.

Heile Matti Nykänens historie etter at han landa tungt på 90 meter i Val di Fiemme i 1991, er ein tragedie, så lat oss berre summere opp. Det blei fleire fengslingar for vald, fyll og fart. Han forsøkte seg som plateartist, strippar, politikar og barsongar på Gran Canaria, men fekk ikkje godt fotfeste i noko. Han hadde fått diagnosen ADHD og leid av angst, depresjon og utmatting. Men som han sa: «I morgon er alltid framtida.»

I 2014 inviterte han vener til sitt sjette bryllaup – denne gong med sjukepleiaren Pia Talonpoika. Dei busette seg i eit kvitmåla trehus i den vesle byen Joutseno i Sør-Karelen, eit par mil frå grensa til Russland.

Der budde dei saman med den tibetanske tempelhunden Tico, sidan ein liten terrier som fekk namnet Diego etter Maradona. Matti spelte konsertar i helgene, og tida elles gjekk med til hund, hus og hage. Jo, han drakk, men ikkje som tidlegare. I stille Joutseno var det knapt restaurantar og ikkje noko natteliv. Dessutan var han diagnostisert med diabetes.

Matti Nykänen deler gravstein med oldemor Anna og faren Matti. En liten bronsefugl til minne om faren blei tatt av vandalar.

Fredag 1. februar 2019 hadde Matti Nykänen ein spelejobb på restauranten Pallogrill i Helsinki. Lokalet var nær fullt og stemninga i taket då han gjekk på scena ved midnatt ikledd ei raud Adidas T-skjorte som var stappa stramt ned i den tronge jeansen. I halvannan time heldt han det gåande med allsong frå eit oppglødd publikum. Mellom songane sa han:

«Eg er ikkje homofil eller lesbisk eller noko imellom. Alt er bra.»

Det skulle bli hans siste sitat. Han reiste heim til Joutseno. På søndagskvelden kjende han seg svimmel og kvalm. Ved midnatt fann Pia han liggande på vaskerommet. Matti Ensio Nykänen hadde landa for godt.

Han lét etter seg tre barn, kan hende fire, og fire barnebarn, kredittkortgjeld og eit billån på 40.000 euro. Dødsårsaka var betennelse i bukspyttkjertel og lunger. Familien takka nei til gravferd på statens kostnad, og urna blei sett ned på den gamle gravplassen i Jyväskylä med berre dei næraste til stades.

I mange år har det vore planar om å sette opp eit minnesmerke over Matti Nykänen i Jyväskylä, og for igjen å sitere han: «Jesus blei også steina i si tid, men no er mannen verdsberømt.» Debatten har gått om korleis minnesmerket over Finlands kongeørn skal sjå ut, men arbeidet skrid langsamt fram.

Jo, dette hærverket... Sommaren 2020 reiv einkvan laus ein bronsefugl frå gravsteinen. Nokon ville vel ha eit minne. Men den vesle fuglen var ikkje Mattis. Han blei sett på steinen då faren Hilmeri døydde.

Monumentet til ære for Matti Nykänen blei avduka i Jyväskylä 7. september. Enka Pia var aldeles ikkje nøgd med utføringa. Ho ville ha noko som likna på Matti, ikkje denne skulpturen i stål og granitt som førestilte ei fjør sett saman av skiliknande delar. Mattis 93 år gamle mor var meir nøgd, men trong tid til å fordøye det, før ho sa noko bestemt. Ein feil blei straks påpeika. Det er inngravert i monumentet at Matti Nykänen fekk sølv i stor bakke under OL i Sarajevo i 1984. Han vann sjølvsagt gull.

Foto: WSP Design Studio Finland

Eg har ikkje forstand på arkitektur, dessverre, men eg køyrer no til byteateret som Alvar Aalto har teikna, og sidan til universitetet. Flotte greier, bevare meg. Han var jo ein banebrytar innafor moderne arkitektur og fekk ført opp 300 bygningar, og 10 prosent av dei ligg her. Kvifor? Fordi Alvar Aalto vaks opp i byen. Han kom hit då han var fem år, og dei nasjonalistiske foreldra hadde sine grunnar til å flytte til nettopp Jyväskylä.

Etter frigjeringa frå Sverige i 1809 skylde ei nasjonalkjensle over Finland, det som på svensk heiter finskhetsrörelsen. Ho gav seg utslag i målarkunst, musikk og litteratur, og Jyväskylä skulle bli eit senter for finsk språk. Ein pådrivar var distriktslækjaren Wolmar Styrbjörn Schildt. Han meinte at finsk høva godt til dagleg bruk, men kunne to finnar føre ei danna samtale om eleverte tema? Nja, der meinte han vel at finsk vanta litt, difor snakka Finlands overklasse like godt svensk.

Schildt ville opphøgje det finske språket og skape ei finskstalande skravleklasse. Gjennom åra skapa han eit halvt tusen nyord. Vetenskap blei tiede, konst blei taide, individ blei yksilö, författare blei kirjailija og så bortetter. I 1858 gav Schildt ut det første finske lærarverket, og same år opna landets fyrste finskspråklege gymnas i Jyväskylä. Seinare kom ein lærarskule og ein jenteskule. Og alt dette skal vere årsaka til at landmålarane Johan Henrik og Selly Matilda Aalto flytta til Jyväskylä i 1903. Vesle Alvar skulle gå på finsk skule.

Etter å ha studert arkitektur ved Tekniska högskolan i Helsingfors flytta han heim att og opna arkitektkontor i Jyväskylä. Dei fleste av bygningane hans står i Finland, mellom anna konserthuset Finlandia i hovudstaden, men han fekk òg sette opp bygg i Sverige, Sveits, USA og Iran. Saman med kona Aino teikna han òg møblar, lys og glaskunst.

Det mest kjende verket deira er kan hende Savoy-vasen, laga til opninga av Savoy Restaurant på Esplanaden i Helsinki i 1937. Somme meiner at vasen er inspirert av innsjøar, andre at han er inspirert av av falden i kjolane til samekvinner. Alvar Aalto sjølv kalla arbeidsteikningane Eskimåkvinnans skinnbyxa. Ja. Slik er no det.

Eg sparkar nedom Alvar Aalto-museet, i fall dei skulle ha blitt ferdige før tida. Nei, det er framleis ein byggeplass. Deretter trillar eg rundt heile innsjøen og kjem til hamna. Eg har sett det som er å sjå i Jyväskylä, og svingar oppom turistkontoret for å spørje Rinna om det er noko meir å forstå seg på.

Ho foreslår at eg kan ta ein tur opp til hoppbakkane. Eg byrjar på turen, men tida renn frå meg og eg må snu. Etter å ha plukka opp sekken på hotellet sparkar eg ned til jarnbanestasjonen. Det er ein time til toget skal gå, men eg likar å vere ute i god tid. Men så får eg hakeslepp. Ifølgje resepsjonisten på Scandic Jyväskylä City skal toget gå 16.41. På skjermen ser eg at toget til Kuopio fyrst går 19.41. Det inneber at eg har tre timar igjen i Jyväskylä!

Kva i alle dagar skal eg fylle dei med? Eg er mentalt ferdig med heile staden, blir motlaus og set meg på ein benk inne på stasjonen.

I motsetnad til på stasjonen i Pieksämäki er det ein pølsekiosk her, så eg kjøper ei feittglinsande baconpølse. Og det er medan eg langsamt tygg pølsa at eg ser ut vindauga: bussar. Det kan vel ikkje vere slik at det går buss til Kuopio?

Bussen er ein dobbeldekkar, og sjåføren seier at eg kan setje meg kor eg vil. Oppe òg, spør eg, oppe òg, seier han, og eg spring opp trappa, går framover i bussen, og hosianna, der er to ledige sete heilt fremst til høgre. På seta til venstre breier ein kar seg. Han har solbriller og kaps, han ser opp frå telefonen, helser kort, ser ned att i telefonen, men skuler mot meg. Han spør.

– Har du billett her framme?

– Billett?

– Ja, det kostar ekstra å sitje fremst i bussen.

Eg fortel at sjåføren sa at eg kunne sitje kor eg ville. OK, seier han. Han måtte betale ekstra for å sitje heilt framme. Eg syner han billetten min, han trekker på skuldrene, mumlar nok ein gong OK. Bussen rullar ut frå stasjonen.

Ikkje ante eg då at mannen som sat surmulande ved mi side, var popstjerna Jani Wickholm. Og altfor seint skulle eg oppdage at han i 2010 bidrog med ei låt på hyllingsalbumet Pispalassa Jytää, ei plate som heidra låtskrivaren Juice Leskinen.

Jani Wickholm song «Han smiler som et barn».

Alt heng saman med alt.

Halleir Opedal

Framhald neste veke

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis