JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Turku i toppfart

I staden for eit kongehus blei Finland velsigna med Carl Gustaf Mannerheim og universets vakraste kvinne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Året 1952 var eit vendepunkt i Finlands historie. Krigserstatninga til Sovjetunionen var nedbetalt, dei olympiske sommarleikane blei arrangerte i Helsinki, og den 17 år gamle Armi Kuusela frå Norra Österbotten blei verdas første miss Universe.

17621
20220902

Les også

På ein steinholme ligg borga Olavinlinna, eller Sankt Olofsborg, kalla opp etter Olav den heilage. I borggarden fekk eg i juli 1983 oppleve min første opera, Tryllefløyta. Det var ei openberring, og opera har sidan vore ein pasjon.

Foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Snaps ved reisas slutt

Les også

Slik var det å vakne på golvet i dette vesle Mummi-huset av ei hytte på Mansikkaharju Holiday Camp ein onsdags morgon i juni 2022. Neste gong vel eg spahotellet.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Norjalainen kryssar sitt spor

Les også

Jyväskylä er heimbyen til skihopparen Matti Nykänen og arkitekten Alvar Aalto. Kven som har sett tydlegast sport etter seg, er ikkje godt å seie. Her er uansett ein av 29 bygnader i byen teikna av Aalto.   Alle foto: Hallgeir Opedal

Sveve over Jyväskylä

Les også

Så var det i Pirkkala eg skulle sleppe opp for straum. Nokre gonger er ulukka betre enn forstanden. Paavo på butikken Sale ordnar opp.

Straumlaus i Pirkkala

Les også

Eit av slaga under den finske borgarkrigen stod på kyrkjegarden Kalevankangas i Tampere. Fleire gravsteinar har merke etter kuler. Etter krigen oppretta dei kvite ein fangeleir her, og ein av fangane var den 15 år gamle Jussi Hietanen. Han laga monumentet som blei reist i 1941.

Det egentliga Finland

Les også

Målet for reisa er Leppävirta, men eg skal gjennom mykje finsk historie og melankoli før eg kjem fram.

Illustrasjon: Nerliens Kjemisk-Tekniske Aktieselskap

Feature

Verdas lukkelegaste land

God morgon, Finland! Det er knapt femten minutt sidan eg brutalt blei vekt av ein ilsken reinhaldar om bord i finlandsbåten «Galaxy», men no står eg her på finsk jord – på finsk asfalt. I lufta eit skarpt, nattkjølig drag, men i aust heng ei kvitskarp morgonsol på djupblå himmel. For ein fredag dette kan bli!

Eg har reisesekken på ryggen, set solbrillene på nasen og losar den elektriske sparkesykkelen Arja mellom hundretals båtpassasjerar som ventar på buss, taxi og annan transport. Vel gjennom set eg høgre fot på brettet, trykker inn gassen med tommelen og rekk ikkje eingong å sparke frå før Arja med eit rykk spinn av garde – ut frå hamneområdet og inn mot sentrum av Åbo, eller Turku, som finnane seier.

Arja er topplada og vel kvikk, synest eg, ho er vinglete og ekstremt kjensleg på gassen. Eg held hendene stramt på styret. Hjula klaprar over dekksteinen i fortauet, og heile eg ristar.

Det er no oppkvikkande å suse slik av garde i 22 kilometer i timen, eg kjenner meg effektiv, og klokka er ikkje meir enn kvart over seks. Altså, her i Finland er ho kvart over sju, men i Noreg er ho kvart over seks, og mi biologiske klokke er norsk, men eg finst ikkje trøytt, tvert om, eg er grunnglad og oppspilt.

Sett bort frå vegskilta er Finland så langt ikkje ulikt Noreg. Det er om lag dei same bilane, dei same lauvtrea, den same gråsporven og om lag dei sama vekstane i vegkanten, men snart klaprar vi langs ein kvit borgliknande bygning. Slikt har vi ikkje heime. Skal eg ta det no eller vente? Eg tek det no, gjer ein krapp sving og køyrer tilbake. Åbo slott, står det på eit skilt. På finsk: Turun linna. Linna må vel tyde slott, men kvifor har dei ikkje skrive Turku linna? Dette må eg finne ut av. Slottet opnar ikkje portane før ti, og eg får eventuelt køyre tilbake, men eigentleg har eg heilt andre planar denne fyrste dagen på finsk jord. Eg vil heim til marskalk Carl Gustaf Mannerheim.

Uansett kor ein reiser i Finland, vil ein støyte på namnet Mannerheim. Alle byar har ei Mannerheimgate eller eit Mannerheimtorg, eller ein park, eit museum, ein statue eller eit anna minnesmerke over Finlands store son. Carl Gustaf Mannerheim rakk uhorveleg mykje i levetida si og blei ein hylla krigsførar og ein høgt akta statsmann som utstrålte ei grandios sjølvtillit, større enn landet skulle tilseie. Han var for mange ein landsfader og enda den politiske karrieren sin som republikken Finlands sjette president.

Mannerheim var populær og respektert, men etter den brutale borgarkrigen var han òg omstridd og avskydd. Han var pertentleg i klede og danna i framtoning, glad i god mat, franske vinar og elegante bilar, sjølv om han sjeldan køyrde sjølv. Han var ein framifrå språkmann som snakka flytande svensk, russisk, engelsk, tysk og fransk, men ikkje finsk. Det blei nok for komplisert, sjølv for han.

Carl Gustaf Emil Mannerheim blei fødd ein junidag i 1867 på Villnäs slott, som ligg 34 kilometer nordvest om Turku. Rekkevidda til Arja er oppgitt til 55 kilometer, men vi veit alle korleis det er med slike spesifikasjonar – dei er alltid overdrivne. Nei, skal eg til Villnäs og tilbake, må eg nok ta buss, men kva buss? Det skal eg spørje om på turistkontoret. Eg susar vidare, no langs kanalen, eller er det ei elv?

Turku er Finlands eldste by, og så lenge svenskane rådde, var han hovudstaden i landet. Det er ikkje fyrste gong eg er her. I 1990 var eg sommarvikar i Haugesunds Avis, og det året gjekk dottera til ein golvslipar i Olav Kyrres gate til topps i Miss Norway. No skulle den fagre Hege frå Haugesund til Turku for å delta i Miss Scandinavia, og eg blei send med for å dekke hendinga. Det var den fyrste utanlandsreisa mi som journalist, og eg følte at eg måtte skrive godt for å rettferdiggjere dei dyre flybillettane.

På Salutorget i Turku fotograferte eg miss Norway saman med miss Island, men eg tykte dei begge hadde ei flirfull og ironisk distanse til heile tevlinga. Eg måtte skrive ho opp, som det heiter, og det er noko vi journalistar ofte gjer. Vi skriv hendingar og menneske større enn dei eigentleg er.

Det var eigentleg uventa lett, for i Finland var misseshowet ei rikshending som skulle direktesendast på fjernsyn: «Skal en dømme ut i fra avisene, er misse-show svært populære i ‘de tusen sjøers land’», rapporterte eg heim til Haugesunds Avis. «Riksavisene – og spesielt da de mer lettbeinte kveldsavisene – bringer daglige rapporter om hva de ti finalistene foretar seg. I går kunne de berette at miss Danmark hadde sklidd på badegulvet, og at Miss Island var plaget av feber.»

Eg siterte òg ein finsk pressefotograf: «For tiden er missene – og da i særdeleshet finske Nina og Tiina – det nærmeste vi kommer kongelige personer i Finland.» Hah, tenkte eg den gongen.

Fyrst mange år seinare lodda eg djupna i den utsegna.

Året 1952 blir trekt fram som eit vendepunkt i Finlands historie, ja, det var eit slikt det-er-typisk-finsk-å-vere-god-år. Det året betalte den finske staten siste avdrag på krigserstatninga til Sovjetunionen. Det var Finland som hadde yppa til krig, meinte Josef Stalin i Moskva, og det skulle dei sanneleg betale for. Ikkje i reine pengar, men i materiell.

Gjennom seks år sende audmjuke finnar 619 skip til den overmektige naboen i aust, vidare 525 lokomotiv, 1140 transformatorstasjonar og rundt 50.000 elektriske motorar. I september 1952 gjekk dei siste jarnbanevognene med utstyr over grensa. Finland var skuldfritt og kunne endeleg nytte statsinntektene på eige folk. Men 1952 baud på så mykje meir.

I slutten av juni sette den 17 år gamle Armi Kuusela frå Norra Österbotten seg på eit Pan Am-fly og flaug over Atlanterhavet, og med ho følgde storesystera. Dei landa i Los Angelos i California, og blei køyrde til Long Beach, der den fyrste Miss Universe-tevlinga skulle haldast. Den blonde og grannbygde Armi vann! Ho var 165 centimeter høg, 49 kilo tung, og som ein journalist skreiv: «Hennes øyne er fiolette, og med en slik dybde, at synker man i dem, kommer man aldri opp igjen.»

At Finland hadde fostra universets vakraste jente, var ein kveik for eit krigstrøytt folk: «Armi Kuusela förmedlade framtidstro till ett folk som levde under knappa förhållanden efter kriget och främjade Finlands strävanden efter en starkare anknytning till väst», står det å lese i Biografiskt lexikon för Finland.

For nordmenn flest er OL i 1952 synonymt med vinterolympiaden i Oslo. Det var ein liten krinsmeisterskap for spesielt interesserte samanlikna med sommarleikane i Helsinki.

Men det hende endå meir i 1952. I juli byrja dei olympiske sommarleikane i Helsinki med nær 5000 utøvarar frå 69 nasjonar, inkludert Sovjetunionen og Japan. Aldri hadde leikane vore større, det var the best games ever «vilket likaså bidrog till att stärka Finlands internationella rykte och nationella självkänsla».

Armi Kuusela var ein sjølvskriven gjest, og utanfor Hotel Vaakuna i Helsinki samla fleire tusen finnar seg for å få eit glimt av ungjenta frå Norra Österbotten som amerikanarane meinte var verdas vakraste. Med sitt varme vesen sjarmerte ho alle ho møtte, inkludert Norsk rikskringkastings wonderboy Rolf Kirkvaag, som fekk eit eksklusivt intervju på suiten hennar. I sjølvbiografien skriv han at ho var «usedvanlig vakker og meget høflig», at ho svara godt for seg på engelsk, «mens hennes svensk innskrenket seg til ja eller nei». Hadde Rolf Kirkvaag vit til å invitere universets vakraste til Noreg? Nei. Men det hadde ein filippinsk handelsdelegasjon.

Armi Kuusela flaug via Stockholm, Düsseldorf, Köln, Frankfurt, Roma, Napoli, Tel Aviv, Karachi, New Delhi, Calcutta og landa omsider i det klamme Manila på Filippinane. Det var i den høgtliggande og svale sommarhovudstaden Baguio ho dansa rumba, og trefte den åtte år eldre filippinske forretningsmannen Gil Hilario. Han sokk til botnar i dei fiolette auga hennar og fridde etter to veker, og dei gifta seg i Tokyo. «Hennes popularitet minskade inte, även om makens hudfärg till en början ådrog sig illvilliga kommentarer», står det å lese i leksikonet, og så kjem det:

«Hennes framgångs- och kärlekssaga uppvägde för mången det att Finland saknade en kungafamilj.» ?I finske vekeblad kunne husmødrer frå Åland, Södra Savolax og Lappland lese om Armi og Gils glamorøse liv i Manila, og «det finländska folket tog till sig Gil Hilario som en egen svärson».? Svigersonen på Filippinane skulle bidra til fem finsk-filippinske ætlingar som blei døypte Arne, Anna-Lisa, Jussi, Eva-Maria og Mikko. Utanfor Manila bygde familien eit tolvetasjes hotell – med sauna – som fekk namnet Hotel Gilarmi. I toppetasjen hadde familien si private leilegheit.

Etter kvart skulle dekninga i finske vekeblad handle meir om Gil Hilarios sviktande helse. Han hadde diabetes, fekk hjerneslag og blei delvis lam. I 1975 døydde han av eit hjarteattakk. Han blei 48 år.

Etter tre år som enke gifta Armi Kuusela seg på ny, denne gongen med ein amerikansk diplomat, og dei busette seg etter kvart i California. Der bur ho framleis, og i ein alder av 89 år er ho aktiv med velgjerd innan kultur og kreft. 60 år etter kroninga på Long Beach blei Armi Kuusela utnemnd til riddar av Finlands Vita Ros’ orden, ein orden innstifta av Carl Gustaf Mannerheim. Alt heng saman med alt.

Så korleis enda Miss Scandinavia i Turku i 1990? Dei finske finalistane Nina og Tiina gjekk til topps og begeistra eit publikum som då var hoiande kanakkas. Miss Norway og eg flaug heim til Haugesund. I Se og Hør har eg seinare lese at ho gifta seg med skøyteløparen Ådne Søndrål og fekk to born.

Hotellet Scandic Julia ligg i ei femetasjes betongblokk, men eg kan ikkje finne ut korleis eg kjem meg inn. Eg trillar Arja fram og tilbake på gata, før eg skjønar at eg kan nytte inngangen til lågpriskjeda Lidl. Derifrå tek eg heisen opp i resepsjonen og blir ønskt velkomen av ein overstrøymande glad resepsjonist.

– Nei, inte svenska, skrattar ho, English, please.

Rommet mitt er ikkje klart, og det var heller ikkje venta, klokka er berre åtte, men frukost kan eg få. Eg trillar Arja inn i frukostsalen. Det er ein heilt standard skandinavisk buffé, sett bort frå korga med pirogar, og så dette runde, brunsvarte, tunge rugbrødet som i 2017 blei kåra til Finlands nasjonalrett.

Turistkontoret i Turku ligg inne i eit kjøpesenter ved Salutorget. Alt ved inngangen blir eg ønskt velkomen av to blide jenter som lurer på kva eg lurer på. Det var då svært til service.

– Jag behöver hjälp att finna bussen till Villnäs slott?

What?

Bus to Villnäs? Tourist office?

Yes, it’s here!

Dei trekker kølapp for meg, og eg er ikkje eingong framkomen før det plingar og det er min tur. Jøye meg for ein effektivitet! Det er ikkje til å undre seg over, for her er ei, to… seks, sju luker! Turisme må vere enormt i Turku.

Eg legg fram ønsket mitt til kvinna i skranken, men heller ikkje ho vil snakke svensk. Eg tek det heile om att på engelsk.

Are you the journalist from Norway?

– Ja! Er du Jeni?

Yes!

Eg sende e-post til Turku City Tourist Information for nokre dagar sidan og fekk eit hyggeleg svar frå Jeni. Og no sit ho her føre meg, lys levande. Det var litt av eit samantreff.

– Som eg skreiv til deg, er det ikkje så lett kome seg til Louhisaari…

– Loui…?

– Villnäs in Swedish. Du må i tilfelle ta bussen mot Uusikaupunki…

– Øh…?

– Uusikaupunki. Nystad in Swedish. Men du må hoppe av på haldeplassen Järäinen og så gå ti kilometer, forklarer Jeni og svingar skjermen mot meg. Ho peiker på kartet med ein kulepenn. Eg forklarer at eg har med elektrisk sparkesykkel, så ti kilometer skal ikkje by på noko problem. Ho prentar ut bussrutene, gir meg eit kart over Turku og ringar inn busstasjonen med kulepennen, så nokre attraksjonar som katedralen, Saluhallen, gamle Turku og slottet.

– Er det ikkje noko Mannerheim-monument i Turku?

– I Turku? Nei, du tenker kanskje på ryttarstatuen i Helsinki?

Nei, eg gjer ikkje det, men alle byar skal vel ha eit Mannerheim-monument. Eg vil ikkje krangle på det. Vi er eigentleg ferdigsnakka, men eg synest det er triveleg å prate med ho Jeni. Eg ser meg ikring i lokalet.

– Ja, de er no godt rusta til å ta imot turistar her i Turku.

– Nei, nei. Det er berre eg som driv med turisme. Dei andre lukene er såkalla Welcome Desks for innvandrarar.

Og eg som trudde at Finland knapt hadde innvandrarar. Dette må eg finne ut av. Eg kjem opp til busstasjonen, men har undervegs blitt usikker på om eg skal ta turen til Villnäs. Det er slik ein nydeleg dag, og vil eg bruke fyrste dagen min i Finland på å køyre lokalbuss? Og kva er det eigentleg å sjå der ute på Villnäs? Eit lite slott, meir ein herregard har eg sett av bileta, og Carl Gustaf flytta derifrå då han var 13 år.

Då hadde far hans grev Carl Robert spelt seg frå gard og grunn og reist til Paris med elskarinna si, Sofia. Året etter døydde mora av hjarteinfarkt, og Carl Gustaf og dei seks syskena blei sette bort til ymse familielemar. Farbroren Albert von Julin blei verje for Carl Gustaf og skulle etter kvart finansiere militærutdanninga hans i Russland. Og kor fekk farbror Albert pengar frå? Jo, han var arving til jarnverket Fiskars bruk, ja, dei som i dag produsere sakser og slikt.

Men poenget er: Det er meir enn 140 år sidan Mannerheim trakka ungdomsskoa sine på Villnäs. Det er langt å reise og sannsynlegvis lite å hente.

Eg vil heller bruke dagen på å bli betre kjend i Turku. Dessutan er det nokre ting eg har gløymt som eg må handle inn: sykkelhanskar, sokkar, ei lett skulderveske…

Eg visste det! I eit almekratt finn eg ei byste på høg sokkel, med skinnhue på hovudet og dueskit på epålettane.

Klokka er blitt fire, og eg har vore over heile Turku. Til saman har Arja og eg køyrt 32 kilometer, og endå er det straum att. Eg har sett katedralen, geisp, gløtta inn bak gjerdet til Gamle Turku, stengd, sesongopning i morgon, vore i Saluhallen, der eg kjøpte eit nykelknippe med finsk flagg, og elles skaffa meg alt som stod på handlelista. No står eg i Åbo slott, eller Turun linna, som finnane seier. I 20 minutt har eg venta på at omvisinga på svensk skal byrje. Ei lyshåra ungjente i raud og grøn kjole kjem gåande over tregolvet.

– Är du den som vill ha en guidad tur på svenska, spør ho.

– Ja?

– Det blir bara du och jag.

Rose, heiter ho og studerer kunsthistorie. Det er den andre veka hennar som guide på slottet, og ho snakkar eit slikt varmt og syngande finlandssvensk.

– Slottet grundades på 1280-talet, fortel Rose.

Eg har i grunnen sett nok slott i mitt liv og er måteleg interessert i årstal, brannar og utvidingar. Eigentleg er eg meir nyfiken på kvifor ingen av dei eg har møtt i dag, vil snakke svensk. Slik eg har forstått det, skal heile sørkysten inkludert Åbo vere eit finlandssvensk område.

– Det er vanskeleg for ein finne å lære svensk, seier ho.

Dette har eg lese litt om. Finsk er eit agglutinerande språk, som kort fortalt vil seie at dei legg eit suffiks i enden av ord. I staden for preposisjonar som i, på, under, over og så vidare får substantivet eit etterledd. Eit hus på finsk er talo, mens i huset blir talossa og på huset – talolla. Vidare blir mitt hus taloni og ditt hus talosi. Heile språkoppbygginga er altså annleis enn i germanske språk, men når det er sagt: Engelsk er også eit germansk språk.

– Men så er det jo slik, fortel Rose, at mange finnar har eit anstrengt forhold til svensk. At svensk er obligatorisk i skulen, fører til ein viss motvilje.

Sjølv var Rose så heldig at ho lærte svensk heime, fortel ho.

Mor hennar snakkar svensk, far hennar finsk.

– Kva språk drøymer du på?

– Jag tänker och drömmer på båda språken.

Rose viste meg rundt på Åbo slott, eller Turun linna, som finnane seier. Eg var meir oppteken av kvifor finnar ikkje vil snakke svensk.

Omvisinga er over, eg seier kiitos, takk, og leitar fram mobilen. Jeni på turistkontoret har sendt meg eit e-brev. Ho skriv at Turku faktisk har eit monument over Carl Gustaf Mannerheim. Eg visste det! Ho legg ved adressa Puutarhakatu 24, som viser seg å vere ein liten park nokre kvartal frå jarnbanestasjonen. Og der i eit almekratt finn eg ei byste på høg sokkel. Han har skinnhue på hovudet og dueskit på epålettane: «Carl Gustaf Mannerheim 1867–1951».

På solsida av kanalen, som også er ei elv, sit glade finnar tett som på eit fugleberg. Verdas lukkelegaste menneske drikk øl og vin, dei speler musikk, rører og skrattar, og båtar i alle storleikar seglar nedstraums og oppstraums. Sjølv sit eg på skyggesida på Ravintola Mami, som tyder Restaurant mamma. Det var ein ting eg gløymde å spørje Rose om. Dette finske namnet på Åbo slott – Turun linna. Kvifor heiter det ikkje Turku linna? Eg hukar tak i servitøren som ber ein tallerken med sild og nypoteter til bordet.

– Å, seier ho og ler, it’s because finnish is very, very complicated.

– Ja?

– Veldig. Sjølv for oss finnar er det vanskeleg å snakke finsk korrekt. Men dette med Turun linna… det har å gjere med eh…

Ho ser seg rundt etter hjelp, men der er ingen.

– På engelsk blir det Turku’s castle.

– Aaah. Genitiv?

Yes, yes, genitiv.

Eg må sjekke Google translate. For kva blir «Armis slott» på finsk? Armin linna. «Mannerheims slott»? Mannerheimin linna. «Hallgeirs slott»? Hallgeirin linna. Jo, eit slags system er det vel?

Verdas lukkelegaste folkeslag har vagla seg langs kanalen gjennom Åbo. Eller Turku. Dei glitrar av vin og lukke.

Eg har fått rom i femte etasje på Scandic Julia, og frå vindauget ser eg rett ut på ei vindeltrapp i stål og taket av eit parkeringshus. Statsminister Sanna Marin har ikkje lagt ut noko innlegg på Instagram i dag heller, kan ho vere på ferie? Eg plundrar med å bestille togbillett og overnatting i Tampere, eller Tammerfors, som svenskane seier. Togbilletten får eg rett og slett ikkje til, men hotellrom klarar eg til slutt å finne. Det er styggdyrt her i Finland, så eg vel det billegaste som er.

Å vere gniten er ikkje lurt, skal det vise seg.

Hallgeir Opedal

Framhald neste veke

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis