Er det godt nok å vera best?
I den femte VM-kampen sidan 2013 møter verdsmeister Magnus Carlsen ein motivert barndomsven og sparringpartnar som har ein russisk superdatamaskin i ryggen.
«Nepo» veit at han har sitt livs sjanse til å bli verdsmeister.
Foto: Maria Emelianova/Chess.com
VM-kampen
Dubai, Dei sameinte arabiske emirata
26.11.–14.12.2021.
VM-kampen vert spela over 14 parti. Vinnaren er fyrste spelar til 7,5 poeng. Ved sluttresultat 7-7 vert det omspel i snøggsjakk den 15. desember for å kåra verdsmeisteren.
VM-kampen vert send direkte på NRK.

I dag kl. 13.30 norsk tid set spelarane seg ned ved brettet til fyrste VM-parti i Dubai. Røynde Carlsen vil vera uvanleg roleg etter omstenda. Den jamaldrande utfordraren Nepomnjasjtsjij vil vera uvanleg nervøs, men vil freista gøyma kjenslene sine bak ein klossete og sjarmerande geip. Korleis har dei førebudd seg til den største hjerneduellen i (sjakk)verda på tre år?
Alvor og fjas
Eit tenkt scenario: Magnus Carlsen er i fleire månader i strekk før VM på treningsleir på ein hemmeleg stad. Sekundantane til verdsmeisteren arbeider døgeret rundt i eit høgteknologisk laboratorium der dei polerer detaljane i den nye, revolusjonerande Carlsen-opninga. Motstandaren Jan Nepomnjasjtsjij er på fotballkamp i London og spelar kveld etter kveld tullesjakk på Internett med eitt minutt på heile partiet.
I eit slikt scenario hadde russaren vore sjanselaus. Men i røynda er det ganske motsett: «Nepo» veit at han har sitt livs sjanse, er asketisk fokusert på VM-kampen og har alliert seg med dei kraftigaste maskinane i Russland frå Skolkovo-instituttet. Carlsen, på si side, var berre tre veker før fyrste VM-trekk på fotballkamp med Erling Braut Haaland i Tyskland og kosa seg med sjakkfjas på Internett.
Likevel seier alle at Carlsen er favoritt. Verdsmeisteren sjølv formulerte det slik: «Eg vinn av di eg er den beste sjakkspelaren.» Lat oss freista skjøna psykologien til sjakkgeniet.
Magnus Carlsen vert motivert av negativ energi, men utfordraren no er ein god ven.
Foto: Maria Emelianova / AP / NTB
Kvar er lukka?
Carlsen har vunne alt i sjakkverda. Mange gonger. Han har vore klassisk verdsmeister sidan han tok tittelen frå Vishy Anand i 2013. Han forsvarte tittelen i 2014 (mot Anand), i 2016 (mot Karjakin) og i 2018 (mot Caruana). Like fullt: Carlsen er ærleg og seier rett ut at tittelen ikkje gjer han lukkeleg. VM-tittelen er ei bør.
Den livsnytande russaren Boris Spasskij var letta då han tapte VM-krona til amerikanaren Bobby Fischer i 1972. Men Carlsen er ikkje der, for som han seier: «Tanken på å mista tittelen er uuthaldeleg.» Det er ikkje så viktig å ha tittelen, men det er veldig viktig ikkje å ikkje ha han. I vanleg logikk vil to negasjonar nulla kvarandre ut, men vi skjønar paradokset til Carlsen.
Carlsen vert motivert av negativ energi. Då sjakkgudinna Calssa peika ut den norske guten som sin utvalde, la ho inn raseriutbrota hans som norske TV-sjåarar elskar å hata. Den krafta Carlsen finn i desse utbrota, maktar han gong på gong å omforma til gode trekk på brettet.
Men kva vil skje no? Det er eit av dei store psykologiske spørsmåla før denne VM-kampen. Carlsen likar utfordraren Nepomnjasjtsjij, og Nepomnjasjtsjij likar Carlsen. Dei har vore vener sidan barndomen då russaren sette seg i respekt og banka vesle Magnus 3–0 i kampen om EM- og VM-titlar for born. Som vaksne har dei trena saman og utveksla idear og skjemt, aldri eit vondt ord. Carlsen scorar difor dårlegare på motivasjon denne gongen i «terningkasta» mine.
Han er òg dårlegare i opninga enn utfordraren, som stiller med datakrafta til Putin. Sjefsekundanten til Carlsen, dansken Peter Heine Nielsen, seier rett ut: «Vi kan ikkje matcha russarane. Målet vårt er berre å overleva opninga. Men gjer vi det, så vinn Carlsen.»
Dette er eigenleg den urgamle Carlsen-oppskrifta. Eg skreiv mitt einaste sjakkdikt om idékampen mellom Carlsen og motstandaren før VM i 2013. Moralen i diktet er framleis gyldig, no med «Nepo» i rolla til Anand:
Diktanalyse før VM-kampen
Har «Nepo» nokon sjanse?
Om slaget står i opninga, er svaret ja.
Om slaget står i sluttspelet, er svaret nei.
Om slaget står i midtspelet, veit eg ikkje.
Har «Nepo» nokon sjanse?
Om sjakk er vitskap, er svaret ja.
Om sjakk er sport, er svaret nei.
Om sjakk er kunst, veit eg ikkje.
Atle Grønn
Kjelder:
Podkast Wolfgang Wee uncut:
gjest Carlsen (aug. 2021)
Podkast Løperekka:
gjest Carlsen (nov. 2021)
Podkast Børsen (dansk):
gjest Heine Nielsen (nov. 2021)
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Tanken på å mista tittelen er uuthaldeleg.»
Verdsmeister Magnus Carlsen
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.