JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Salten i låg sol

BODØ: Alle veit kvar Bodø ligg, for dit kjem ein med fly og ruteskip, bil og jarnbane, men langt frå alle veit at Nordlands fylkeshovudstad ligg i ein region med namnet Salten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kystlandskap, Salten.

Kystlandskap, Salten.

Alle foto: Håvard Rem

Kystlandskap, Salten.

Kystlandskap, Salten.

Alle foto: Håvard Rem

15587
20221202
15587
20221202

havard@dagogtid.no

Salten-ferda byrjar i Bodø. Fylkeshovudstaden er knutepunkt. Byen er i praksis endestasjon på Nordlandsbanen. Bodø har stor lufthamn med direkteflygingar til hovudstaden. Byen er ei viktig hamn for kystruta.

I hamna ligg eit flott fuglefjell av eit bibliotek- og konserthus, der sal og scene har utsyn mot himmel og hav, element som på si side speglar seg i dei mastehøge vindauga i Stormen.

Gaukungen

Der førebur dei ei helg med litteraturfestival når eg kjem til Salten ein torsdag i november. Det er tiande året på rad dei arrangerer Det vilde Ord, ein moderne Salten-tradisjon der namnet, med ein liten vri, er henta frå tittelen på ei diktsamling av ein saltværing, Det vilde Kor (1904), av Knut Hamsun (1859–1952) frå Hamarøy i Nord-Salten, der ein finn Hamsunsenteret. Festivalsjef for Hamsundagene på Hamarøy har teke turen frå den eine Salten-festivalen til den andre for å halda opningstalen på Det vilde Ord.

Festivalhelga er ein grei start på Salten-ferda, for til Stormen kjem ei rekkje kunstnarar og forfattarar med røter og/eller bustad i Salten, som Egon Holstad, Morten A. Strøksnes, Eva Salhus Winther og Hugo Aasjord.

Men held ikkje festivalen til i Bodø? Jau, i Bodø i Salten. Men er ikkje byen fylkeshovudstad i Nordland, ved sida av å vera den største byen i Nord-Noreg etter Tromsø? Jau, men Bodø er ein av dei ni kommunane i Salten òg. Salten? Kva og kvar er det? Det er slikt folk ikkje lurar på om du fortel at du er i Telemark eller Gudbrandsdalen, eller i Lofoten eller Helgeland, granneregionar av Salten. Lofoten veit alle kvar ligg.

Når du så har hjelpt dei med å plassera Salten på det indre noregskartet deira, spør dei kan henda: Er det fyrste gong du er der, eller har du vore der før? Då lyt eg svara at jau, eg har ofte vore der – utan å vita det. Vita kva? At eg var i Salten. Av di du var i Bodø? Nei, eg var fleire gonger i Fauske og Rognan òg før eg tenkte at ja, no, no er eg i Salten.

At regionnamnet ikkje er Noregs sterkaste merkevare, har fleire årsaker. Ei av dei er gaukungen Bodø, som har vakse seg større og meir kjend enn regionen byen ligg i. Ei anna er at Salten har vorte liggjande i skuggen av meir kjende regionar i nord og sør. Lat oss sirkla inn Salten via dei meir kjende granneregionane.

Grannar i nord og vest

Grannane til Salten i nord og nordvest er som eit rimpar: Ofoten og Lofoten, regionnamn som eg sjølvsagt har vore medviten om når eg har vore der. Grannedistriktet til Salten rakt i nord, Ofoten, er for bilturistar kan henda ikkje like kjend som Lofoten, men for togentusiastar er det det, på grunn av Ofotbanen, mellom svenskar kjend som Malmbanan, ein av Europas, ja, verdas mest spektakulære jarnbanetrasear, der toget heng i fjellsida over fjorden.

Mest kjend av Salten-grannane er han i nordvest: Lofoten. Når eg har ete utandørs kvalbiff i hamna i den nest største byen i regionen, Svolvær, har eg eigenleg ikkje visst at landet på hi sida av fjorden, Vestfjorden, høyrer til Salten. Og når ein er heilt i sør på Lofoten-halvøya, i Reine, er ein på same breiddegrad som Nord-Salten. Og held ein fram sørover til Øy-Lofoten, til Sørland og Røst, er ein like langt sør som Bodø. Så kva er næraste grannar i vest når ein kjem mot Sør-Salten? Island og Grønland.

Granne i sør

I sør grensar Salten til Helgeland. Kven har ikkje høyrt om Helgeland, kjend for Brønnøysundregistera og bryggjeri, polarsirkelen og Petter Dass? Regionen nord for Trøndelag er sett saman av atten kommunar, frå Bindal i sør til Rødøy i nord, med Mo i Rana som hovudstad.

Dit kom eg alt i 1975, med Nordlandsbanen, som yngstemann i ein politisk delegasjon som skulle gjera seg kjend med Norsk Jernverk. Den kritiske stoda for jarnverket må ha halde meg vaken på Rana-hotellet, der eg vart vekt av ilter banking på døra, av di morgontoget stod nede på stasjonen og ikkje kunne lata ein mindreårig søring vera att nordpå. Ferda til jarnverket som sekstenåring var fyrste gong eg var i Nord-Noreg.

Sett bort frå transportetappar gjennom Helgeland med kystruta og Nordlandsbanen var eg ikkje attende i regionen før etter ein mannsalder, under Petter Dass-dagane for ti år sidan, ei vekes tid med Sandnessjøen som base.

Granne i aust

Av di eg er glad i jarnbane, har eg òg vorte kjend med distriktet som er granne til Salten i aust, Norrbotten fylke, Sveriges nordlegaste, som har fått namnet sitt av di det i aust når ned til botnen av Austersjøen, medan det i vest deler grense med Salten. Norrbotten er stort, med eit flatemål på 100.000 kvadratkilometer, nær ein firedel av heile Sverige, og ti gonger større enn Salten. Eg reiste i Norrbotten med Inlandsbanan, ein svensk jarnbane som no berre går sumartid, frå sør til nord, der han held fram som Ofotbanen frå Kiruna til Narvik.

For Salten er svenske Norrbotten like viktig som dei norske granneregionane Helgeland, Lofoten og Ofoten. Det kjem me attende til ei anna veke, men kort no: For somme av folkegruppene i Salten, lule- og pitesamane, har heimedistriktet i alle tider vore frå kyst til kyst, frå Bottenviken og Austersjøen til Vestfjorden og Norskehavet.

At Salten og Norrbotten er skilde av fjell, ein god bit av dei norsksvenske grensefjella Kjølen, har for dei ikkje vore eit skilje, tvert om – fjella har bunde norsk og svensk del saman, for det er i fjella dei tradisjonelt har hatt næringa si.

Salttal

Salten er den fyrste regionen ein kjem til etter at ein har kryssa polarsirkelen sørfrå. Salten ligg midt i det sørlegaste av dei nordnorske fylka, Nordland. Salten er ein av dei fem regionane i Nordland, ved sida av – rekna sørfrå –?Helgeland, Ofoten, Lofoten og Vesterålen.

Men Salten er meir enn ein femtedel av Nordland. Litt omtrentlege vert tala av di grensene til Ofoten i nord og Helgeland i sør stundom er i endring, og regiontilhøyrsla i grensekommunar kan skifta.

Men sett bort frå det: Når det gjeld både flatemål og folketal, utgjer Salten-regionen ein tredjedel av Nordland fylke – ikkje verst for ein region som er den minst kjende av nordlandsregionane.

Av Nordlands om lag 38.000 kvadratkilometer ligg om lag 10.000 i Salten, som med andre ord er større enn Rogaland. Og av den kvarte millionen med menneske som bur i Nordland, held 75.000 til i Salten, like mange som i dei to oslobydelane Sagene og Grorud til saman.

Tviljoset

Då eg flaug til Salten, sette eg meg på høgre side om bord. Til vanleg når eg har fare til Nordland, oftast med tog, har eg sett meg til venstre, for å sjå fjorden og kysten, men denne gongen, vil eg sjå mot indre Salten, mot aust, mot Kjølen og Sverige. Eg er heldig. Eg fer i dei halvljose føremiddagstimane, og det er klårvêr.

Salten førebur seg på at sola forsvinn. Inni Saltdalen er ho alt forsvunnen. Rein mørketid kjem ikkje, av di me er så nær polarsirkelen at atmosfæren får bøygd ein rest av solljos ned mot Salten, jamvel midtvinters.

No er det framleis ljos nokre føremiddagstimar, ute ved kysten og oppe på Saltfjellet, men kva for ljos? Det liknar ein soloppgang som berre vert verande soloppgang, og det liknar ein solnedgang som varar i timar. Det liknar både demring og skumring. Har me eit ord for noko som både er demring og skumring? På engelsk har ein twilight, og det har ein på norsk òg: tviljos.

– Det er den finaste tida å fara dit på, sa ein nordlandskjennar då eg midtveges i november førebudde meg på ferda.

Eg var ikkje så sikker, for eg har vore i Salten nesten kvar november dei siste ti åra, som nærmast årviss gjest på Det vilde Ord-festivalen, og seinhaustes er gjerne Salten samanhengande vind og regn.

Men nordlandskjennaren fekk rett denne gongen. Det er klårvêr frå eg kjem til eg dreg. Salten ligg i tviljos ein fjerdedel av døgeret. Føremiddagane liknar ei flyreise mot vest, frå Asia mot Europa, der me ei lang stund held fylgje med solnedgangen, som liksom aldri tek slutt.

Om lag slik er det i Nordland no. Og slik den ljose tida av døgeret ikkje er heilt ljos, er den mørke tida av døgeret ikkje heilt mørk. Somme kveldar er Salten like farga av grønt nordljos som Oslo av blåljos.

Bil til Salten

For å vri på det dei sa om den gamle verdshovudstaden Roma: Alle vegar fører til Salten. Hit kjem ein med jarnbane og kystrute, med bil og fly. Meir presist er det nok å seia at alle vegar fører gjennom Salten. For mange reisande er Salten ein transportetappe, ein region ein passerer i transitt.

Dei som køyrer Europaveg 6, køyrer gjennom heile Salten frå sør til nord eller motsett. Kan henda kjem dei frå Lofoten med båt til Bognes ferjekai på Hamarøy i Nord-Salten, og då er det fire timar og tretti mil før dei ser det blå skiltet til Rana kommune øvst på Saltfjellet, heilt sør i Saltdal kommune. Så er dei ute av Salten, stundom utan å ha vore ute av bilen, anna enn for ein kopp kaffi eller ei pølse på ein bensin- og ladestasjon i Fauske, midtveges, midt i Salten. Og frå kommunegrensa på Saltfjellet er det berre seks mil att til regionhovudstaden Mo. Mo kva og kvar? Mo i Rana, i Helgeland, i botnen av Ranfjorden som fører ut i havet.

Teikning: Mirjam Clement

Båt til Salten

Salten vert gjerne ein transportetappe for dei som kjem sjøvegen òg. Kystruta har nær førti anløp på ferda mellom Bergen og Kirkenes, men berre halvtanna av dei ligg i Salten. Fyrst – om ein kjem sørfrå – er Ørnes i Meløy kommune, som berre gjeld som eit halvt Salten-stopp av di Meløy, til liks med grannekommunen Rødøy, ikkje heilt får bestemt seg for om dei høyrer til Salten eller Helgeland ­–?der skipet har heile tre anløp, Brønnøysund, Sandnessjøen og Nesna. Det er gjævare å høyra til kjende Helgeland enn ukjende Salten.

Det andre og siste Salten-stoppet for kystruta ligg berre halvveges i Salten, det òg, for det ligg i Bodø, meir kjend som hovudstad i fylket enn i regionen. Det er synd for Salten. Om bilistane på E6 stogga eit kvarter for ein kaffi i Fauske, vert nordgåande kystrute liggjande i to og ein halv time i Bodø, midt på dagen, og for mange av passasjerane vert dette einaste staden dei set føtene sine i Salten, gjerne utan å vita det.

Tog til Salten

Salten skulle berre ha vore ein transportetappe med jarnbanen òg, nokre stasjonar og vene fjord- og fjellandskap på togferda mellom Trondheim og Tromsø. Og då utan stans i Bodø, for byen ligg ikkje attmed den planlagde Nord-Noregbanen, men i enden av ein liten sidebane.

Slik gjekk det ikkje. Om ein ser bort frå dei fem mila med sidebane ut til kysten og Bodø, er det ikkje berre toget som endar i Fauske – heile skjenegangen, heile Nord-Noregbanen endar der, midt i Salten, for somme i ingenmannsland. Kvifor? Det er ei soge så mørk og blodig at ein kunne ha ynskt at det ikkje gjekk jarnbane til Salten heller. Han vart bygd av jugoslaviske og russiske krigsfangar som slava og døydde for tyskarar og nordmenn under den andre verdskrigen. Då banen nådde Fauske, var det 25 mil att til Ofoten, der Nord-Noregbanen kunne ha knytt seg til Malmbanen mellom Narvik og Kiruna, men då kom freden.

Soga kjem me attende til. Fauskeværingen og saltdalingen Ronald Rusaanes, kunstnarleg leiar for Det vilde Ord, er til dagleg konservator i Nordlandsmuseet med særleg ansvar for eit Salten-museum med eit av dei dystraste museumsnamna som finst: Blodvegmuseet utanfor Rognan i Saltdal kommune.

Hamsuns Salten

Kvifor har Salten-namnet vorte så lite kjent? Det står ikkje på historikken. Salten er nemnd i norrøne kjelder for kring tusen år sidan og var eit etablert namn på len og futedøme i dansketida. Ein som sit langt borte og gjer ein freistnad på å definera Salten, er ein saltværing som Ronald Rusaanes har skrive bok om, Nirvanas bulder (2013).

I desember 1888 sit ein ukjend og fattig Knut Hamsun i København, på eit kvistrom der det blæs gjennom veggene, og skriv eit tiggarbrev til ein forlagsmann. «Med Hensyn til en Norgesrejse, saa ved jeg ikke, hvad jeg skal svare. Jeg har jo stor Lyst, men jeg faar vel vente med den endnu. Mit Hjem ligger i Salten,» fortel Hamsun, «og did nord er det saa grusomt langt og dyrt; herfra kan jeg lettere komme langt ind i Tyskland, end hjem til Salten. Jeg har rigtignok ikke været hjemme paa saa længe, men det faar nu ikke hjelpe. Det gaar ikke an. Saa jeg tænker, jeg faar blive, hvor jeg er, nu i Vinter.»

45 år seinare, i 1933, i eit brev til ein annan forlagsmann, Harald Grieg, svarar den no verdskjende og velståande forfattaren på spørsmålet om kvar handlinga i romanen Benoni (1908) går føre seg: «Hvor ’Benoni’ er fra maa Gud vite. Ikke noget geografisk Sted, jeg spinder op Stederne saa vel som Menneskene. Men det maa jo være nordlandsk i Tone og Sprog, vel? Det er Salten jeg kjender bedst dernord, ikke Lofoten, men nord for Bodø. Hamarøy, Steigen, Tysfjord.»

Saltens fire delar

Eg høyrer med ein nolevande forfattar, Eva Salhus Winther, som vitjar Det vilde Ord for å lansera og signera debutromanen sin. Ho kjenner Salten. Winther har vakse opp i Fauske, har budd på Hamarøy og bur no i Sørfold, i kommunesentret Straumen, med mann og seks born, bonusborn medrekna. Ho har i tjue år arbeidd som journalist i Saltenposten, ho underviser i kvart stilling ved journalistutdanninga her i Bodø, og i desse dagar bokdebuterer ho med kriminalromanen Lukk meg i ditt hjerte inn (2022), om Salten-journalisten Lena Berg, som vert vikla inn i ei drapssak i Sulitjelma i Fauske kommune, på Sjønstå gard, ei fråflytta grend, freda av Riksantikvaren som det einaste attståande klyngjetunet i Nord-Noreg.

Me set oss i lag med kartet mitt bretta ut på bordet. Eg var i bokhandlar som hadde Lofoten- og Helgeland-kart, men eit Salten-kart fann eg ikkje. Det næraste eg kom, var eit kart over det sørlege Nord-Noreg, som eg laga eit Salten-utsnitt av.

Ho peikar og forklårar:

– Salten er sett saman av fire område. Kjem ein frå nord, er det fyrste området Nord-Salten, som er sett saman av kommunane Hamarøy og Steigen. Tidlegare Tysfjord kommune høyrde til Nord-Salten òg, men no er Tysfjord oppløyst. Helvta høyrer til Narvik i Ofoten, medan vestsida av Tysfjorden høyrer til Hamarøy og dimed Salten. Avisa i Nord-Salten heiter rett og slett Nord-Salten.

Der Hamsuns rike låg, med andre ord. Peikefingeren flyttar seg mot midten av kartet:

– Eg bur her i Sørfold, som høyrer til indre Salten. Det er det andre området, sett saman av fire kommunar: Sørfold, Fauske, Saltdal og Beiarn. Indre Salten er dekningsområdet til Saltenposten, der eg er tilsett.

Me har flytta oss lenger sør:

– Det tredje området er Sør-Salten, der ein finn kommunane Gildeskål og Meløy. Somme reknar med Rødøy òg, men Rødøy vil helst høyra til Helgeland. Det vil somme i Meløy òg. Avisa i Sør-Salten heiter Kulingen og dekkjer dei tre kommunane.

Eg spør om det fjerde området, og ho fortel:

– Ja, og så har du Bodø. Bodø skil seg ut. Det er ein stor by og har alt me andre treng: sjukehus, lufthamn og universitet.

Salt-demografi

Eva Salhus Winther har rett. Bodø skil seg ut. Når det gjeld demografi, er Salten ein uvanleg polarisert region, ikkje berre i nordlandsk samanheng, men i norsk samanheng.

Polarisert korleis? Regionen har eit uvanleg stort spenn mellom det urbane og det rurale, mellom by og bygd. Salten har ni kommunar, men heile sju av ti saltværingar bur i éin av dei, i Bodø, med 55.000 innbyggjarar. Og det talet står ikkje stille. Skal ein tru folkesetnadsframskrivingane til Statistisk sentralbyrå, bur snart åtte av ti saltværingar i byen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Cecilie Hellestveit

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Bjørgulv Straume (1938–2024).

Bjørgulv Straume (1938–2024).

Foto: Leonhard Jansen / Setesdalsmuseet

MinneordKultur
Hallvard T. Bjørgum

Munnharpevirtuosen frå Setesdal

Med Bjørgulv Straume voks den landsomfattande bølgja for munnharpespel seg til høgder ingen kunne førestilt seg.

Julie Moe Sandø i rolla som Aase Ivarsen syng og dansar som ei stjerne. Dessutan har ho komisk talent.

Foto: Ole Heman Andersen / Det norske teatret

TeaterMeldingar
Christiane Jordheim Larsen

Ivar Aasen-musikal for massane

Det er like lett å like Spynorsk. The Musical, som det er å like vaflar. Vi snakkar koseteater utan altfor mykje næring til tankane.

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis