JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Der alt er salt

Kall henne Saltruta, ferda frå Saltfjorden til Nordland nasjonalparksenter i Saltdalen, for her ligg dei tett, stader med salt i namnet.

Landegodefjorden med Landegode i bakgrunnen og Bodø sentrum og Aspmyra og Skolegrus stadion i framgrunnen.

Alle foto: Håvard Rem

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
16181
20221209

Salten

Del 2.

I desember skriv Håvard Rem frå Salten, distriktet nord for Helgeland og sør for Ofoten.

2.12. Del 1. I låg sol

9.12. Del 2. Namn og natur

havard@dagbladet.no

Som Noreg i eit nøtteskal vert Salten ein meir og meir demografisk polarisert region – slik slutta reportasjen førre veke. For å peika på dei tre busetjingsmønstera i Salten: urbant, ruralt og verna.

Avfolking og fråflytting pregar denne regionen òg, men i tillegg har Salten både vekst- og verneområde som er større enn vanleg. Regionen er ein tredjedel bygd, ein tredjedel kyststorby og ein tredjedel nasjonalpark.

Busetjingsmønster

Då kan ein sjå tre busetjingsmønster:

1) Urbant – mange bur i eit lite område. Salten har åtte kommunar, men sju av ti saltværingar har klumpa seg saman i éin av dei, i Bodø. Bykommunen utgjer 13 prosent av flatemålet i regionen, men nærmar seg 75 prosent av folkesetnaden.

2) Ruralt – få bur i store område. Som einaste storbyområde nord for Trondheim, ved sida av Tromsø, ligg Bodø og Fauske-byen midt i ein region med sparsamt folkesette fråflyttingskommunar, prega av ein overgang frå fast busetjing til sesongbasert hytte- og fritidsvitjing.

3) Verna –?ingen bur i enorme område. Den tredje demografiske kategorien er sterkt til stades i Salten, den òg. Ein tredjedel av flatemålet i regionen er nasjonalpark. Av dei ni nasjonalparkane i naturfylket Nordland er heile fem samla i Salten – som elles berre er éin av dei fem regionane i fylket.

Storjord

Salten er bygd, ja, og storby, ja, men Salten er natur òg. I tillegg til dei fem nasjonalparkane hyser Salten ti verneområde. Regionen har 2,5 prosent av Noregs flatemål, men meir enn 10 prosent av nasjonalparkane.

Nordland nasjonalparksenter er målet for ferda i dag. Der skal eg møta dagleg leiar Kari Nystad-Rusaanes, naturfagleg leiar Benny Sætermo og nasjonalparkforvaltar Inge S. Ingvaldsen. Dei held til på Storjord i Saltdal kommune, på veg sørover mot Saltfjellet, tolv mil frå Bodø.

Norske nasjonalparkar har vanlegvis kvart sitt besøkssenter, men i Salten ligg nasjonalparkane så tett at fem besøkssenter er samla i eitt.

Eit språkleg spor

Ferda frå bysenter til Nordland nasjonalparksenter, frå øygard og fjordmunning mot innland og fjell, er ei ferd i eit språkleg spor òg. Kvifor går forstavinga salt att i så mange stadnamn her?

Ferda byrjar i Saltfjorden, passerer Saltstraumen, held fram til Saltdalsfjorden, passerer Saltnes og fylgjer Saltdalselva gjennom Saltdalen mot Saltfjellet – og alt saman i Salten!

At eitt grunnamn går att som forstaving i mange stadnamn i ein region, er eit mønster i heile landet – med døme som Raum- eller Rom- i Romsdal og Num- i Numedal. Men sjeldan går ei forstaving att i så mange stadnamn som her.

For å finna ut kva salt kan tyda, lyt ein fyrst finna ut kva salt har vore det opphavlege namnet på. Var det eit fjordnamn som sidan vart nytta på elva og fjellet òg? Eller var det fyrst namnet på dalen?

Ferdesveg

Få norske stadnamn har valda forskarane meir hovudbry. «Salten-namnet», skreiv lingvisten og språkvitskapsprofessoren Oddvar Nes (1938–2016) i 1983, «har i lange tider vore eit crux for stadnamngranskarane».

Men salt-jakta fører oss ikkje på viddene. Ordsporet frå den eine salt-staden til den neste, fylgjer E6 og Nordlandsbanen. Har ein reist med tog, buss eller bil sørover frå Bodø, har ein reist Saltruta – den eldste ferdsleåra.

På vegen har me nasjonalparkar og verneområde kring oss i alle himmelretningar og på båe sider av vegen. Men Saltruta kryssar ingen nasjonalpark –?eller motsett. Salt-namna dukka ikkje opp i aude område som sidan vart verna, men der det alltid har vore og framleis er folk og ferdsle.

Teikning: Mirjam Clement

Saltfjorden

Ferda byrjar om morgonen ute i øygarden, kring Bliksvær og Landegode. Når ein kjem inn frå havet og Vestfjorden –?som ikkje er ein fjord, men eit havstykke mellom Salten og Lofoten –?og kan sjå Bodøs omdiskuterte skyline, reist i eit tysk bombekrater, er ein inne i Saltfjorden – somme seier Saltenfjorden.

Saltfjorden er det fyrste salt-namnet me kjem til, men var fjorden den fyrste staden som vart kalla noko med salt? Ja, fleire stadnamngranskarar har meint at dei andre salt-namna går attende til fjordnamnet. Kvifor? Fjorden kan ha vore ein stad der ein kokte salt, har forskarar føreslått. Men forstavinga vår er nok ikkje salt ein har i maten. I gamle dagar vart namnet skrive salpt. Fyrste gong ein les om saltværingar, heiter dei salptverjar.

Salpt knytte språkforskaren Sophus Bugge (1833–1907) til eit gamalt ord for svane – og eureka! Svanefjorden må ha vore det fyrste salt-namnet. Det sym jo svaner i Saltfjorden. Men nei.

Saltstraumen

Han er ein brei fjord som går fire mil inn i landet. Der lukkar fjorden seg.

Men ikkje heilt. Hadde landhevinga etter siste istid vore endå større, kunne fjordbotnen ha kome der. Men eit smalt og verdskjent sund er ope mellom Saltfjorden og fjorden innanfor.

Sundet er verdskjent av di det har så uvanleg stri straum. Sterk straum har ein mange stader i Salten – som i Straumen i Sørfold og Straumen i Valnesfjord. Men Saltstraumen er ifylgje leksikon «den sterkaste tidvasstraumen i verda».

Kom namnet fyrst i bruk om Saltstraumen? Ja, slik forskarar har vridd salpt til å tyda svane, har andre vridd det til å tyda straum. Saltstraumen vert då Straumstraumen. Straum er ei tolking av raum-forstavinga i Romsdal òg.

Rett nok, har andre stadnamngranskarar meint, har det med straum å gjera, men salpt kjem av eit gamalt ord for fargen grøn – vatn vert jo grønt i sterk straum. Men nei.

Sjunkhatten

Nordaust for Saltstraumen ligg det som vert kalla «nasjonalparken til borna», Sjunkhatten, drygt 400 kvadratkilometer midt i den folketettaste regionen i Nordland, innanfor kommunegrensa til Bodø.

Sjunkhatten er lett tilgjengeleg for unge og gamle, i gang-, ski- og sykkelfråstand frå byen, med område som dels er lagde til rette for menneske med funksjonshemming, men òg med tindar å klatra for dei sprekaste.

– Naturen, svarar saltværingar når eg spør om kva dei er opptekne av.

Slik svarar òg den Sørfold-busette journalisten og forfattaren Eva Salhus Winther, som i desse dagar turnerer Salten med debutboka si, Lukk meg i ditt hjerte inn:

Ka som e vektig førr Sajlten? Mange her har eit tilhøve til naturen. Rett nok er det ikkje som i gamle dagar då ein var avhengig av jakt og feske, men naturen betyr ikkje mindre for oss no.

Saltdalsfjorden

Etter Fauske kjem me til Saltdalsfjorden, den inste mila i fjordsystemet som byrjar i øygarden utanfor Bodø. Attmed austsida av Saltdalsfjorden går jarnbanen og E6, stundom i tunell, stundom i vasskanten. Utsynet er fjetrande i dei fleste tider på døgeret i dei fleste fasar av året. Nattoget frå Trondheim køyrer attmed Saltdalsfjorden klokka åtte om morgonen. Om det då er dagsljos eller demring, skal du setja deg på venstre side i kafévogna og tinga frukost.

I nordaust no, i Sørfold, ligg nasjonalparken Rago med eit dyrerikt fjellandskap som er urørt. Urørte er siktlinene òg, og difor vert dei møtte med motstand, planane om ein vindkraftpark rakt i sør.

Av Saltens nasjonalparkar er Rago den eldste, skipa alt i 1971, og den minste, mindre enn Moskenesøya, men ser ein bort frå svenskegrensa, er han på sett og vis størst. Slik Salten som region går saumlaust over i det ti gonger større grannefylket Norrbotten, held Rago fram som ti gonger større Padjelanta, eit høgfjellsplatå og Sveriges største nasjonalpark. Dei to, i lag med Sarek og Stora Sjöfallet, utgjer eit av Europas største samanhengande verneområde.

Om Sjunkhatten høver til dagsturar, kan ein i det nemnde verneområdet gå i månadsvis. Samar har i lang tid kryssa Kjølen, men for turgåarar er det utfordringar av di ein i norske nasjonalparkar har meir liberale reglar for til dømes hundehald og fiske enn i dei svenske, dels av di det bur færre folk på den svenske glesbygden, dels av di svenske sameorgan har meir påverknad enn norske.

Saltdalsfjorden med Saltnes og Rognan inst ved munningen til Saltdalselva.

Saltnes

Inst i Saltdalsfjorden ligg ein salt-stad som ikkje er merkt av på Salten-kartet her i reportasjen, men staden finn du nøyaktig der du finn Rognan. Namnet er Saltnes – eit nes som stikk ut i Saltdalsfjorden ved munningen av Saltdalselva. I dag er Saltnes eit vanleg bustadområde med barnehage, og namnet lever vidare i Saltnestunellen som E6 fylgjer under neset.

I namnejakta står Saltnes sentralt. Namnet sette verdølingen, arkeologen og stadnamngranskaren Oluf Rygh (1833–1899) på sporet av det han konkluderte med som opphavet til salt-namnet: elva.

Neset ved elvemunningen fekk namn etter elva. Når «der ved Elvens Udløb ligger en Gaard Saltnes, bliver der Grund til at formode at Elven har hedet Salpt eller Solpt, og at Fjordnavnet er dannet deraf», skriv han i Norske Fjordnavne (1896).

Nær hundre år etter, når Oddvar Nes i artikkelen «Salta-namnet» (1983) oppsummerer dei mange salt-hypotesane, står Rygh att som den mest truverdige.

Oftast er det elvenamnet som syner seg som det eldste i eit område. Raum- og Rom-namna i Romsdal, og Num-namna i Numedal, kjem til sjuande og sist av elvane Rauma og Nume.

Sidan fekk dalen namn etter elva: Romsdal og Numedal, Lærdal og Saltdal. Om det opphavlege elvenamnet vart gløymt, fekk elva nytt namn – no etter dalen. Romsdalselva (Rauma), Numedalselva (Lågen) og Lærdalselva vert nytta som nyare namnekonstruksjonar no – berre google.

Saltdalselva

At salt opphavleg var eit elvenamn, er sannsynleg, men samstundes eit dårleg nyhende. Kvifor? Jau, då er nok namnet så gamalt at me truleg aldri får vita kva det tyder.

Medan stadnamnledd som hov i Torshov og vin i Bjørgvin har eit kjent opphav og forståeleg innhald, er det ofte ikkje tilfellet med elvenamn. Eit døme er nid i Nidelva. I leksikon freistar ein å skjøna forstavinga med å lesa henne som gamalnorsk, gotisk, latin, nyislandsk og protoindoeuropeisk – til lita eller inga nytte.

Kan henda av di alle lesemåtane er opp mot levande, utdøydde eller tenkte indoeuropeiske språk? Kva om elvenamnet kjem frå tida og språka som var her før dei indoeuropeiske språka kom hit for kan henda 4000 år sidan?

I så høve er det forståeleg at salt-namnet er uforståeleg, for dei gamle språka veit me inkje om.

No er me vel ikkje lenger på E6, men på viddene –?for kan stadnamn leva i meir enn 4000 år?

Storjord

Same kva tek eg av frå E6, for no har eg nådd Storjord i Saltdalen, der Nordland nasjonalparksenter ligg. Enden på Saltdalselva har eg òg nådd, for det er her på Storjord dei to elvane Lønselva og Junkerdalselva møtest og vert til Saltdalselva.

Kva gjer eit senter med ansvar for så mange nasjonalparkar? Her driv dei med forvalting, formidling og oppsyn. Senteret vart skipa i 2005 og har i dag 19 tilsette, med ymse arbeidsgjevarar.

Ansvar for forvaltninga har nasjonalparkforvaltar for Midtre Nordland nasjonalparkstyre, Inge S. Ingvaldsen, med eit stort styre for alle fem nasjonalparkane. Han fortel at dei har ansvar for 4363 kvadratkilometer verna areal i Salten-regionen, mellom anna fem nasjonalparkar, litt meir enn Østfold fylke. Og her i Saltdal kommune er heile 70 prosent av flatemålet verna.

Ansvar for formidlinga har naturfagleg leiar Benny Sætermo, som vitjar Salten-borna frå barnehage til ungdomsskule, når dei er store nok til å vera med han på overnattingsturar.

Han rekkjer meg ein rullestein og fortel:

– Når eg sender steinen kring i ein klasse, går han runden på fem minutt. Men når eg fortel at det er gull i steinen, nyttar elevane resten av timen på å granska han.

Han tek seg av omvisingane på senteret òg, men korleis leggja opp ei utstilling som ikkje skal presentere éin, men fem nasjonalparkar?

Benny Sætermo, naturfagleg leiar ved Nordland Nasjonalparksenter, med Ølfjellet i bakgrunnen.

Benny Sætermo, naturfagleg leiar ved Nordland Nasjonalparksenter, med Ølfjellet i bakgrunnen.

Alle foto: Håvard Rem

Naturarv og kulturarv

Kari Nystad-Rusaanes er dagleg leiar for Nordland nasjonalparksenter, som har nasjonal autorisasjon som besøkssenter. Ho fortel:

– Her i landet har me diverre ikkje ein overordna strategi for kva me vil med naturarven. Det er stor skilnad på korleis me forvaltar naturarven og kulturarven.

Eg lærer: Medan kunnskapssenter og museum har årlege grunntilskot på meir enn 50 prosent av driftskostnadene, er det årlege grunntilskotet her på drygt ein million kroner, som utgjer berre kring 12 prosent av drifta.

Resten lyt dei skaffa sjølve, gjennom eit lappeteppe av finansieringskjelder. Mykje tid går med til å utvikla og skriva søknader.

Eg visste ikkje at det gjeld så ulike reglar for kulturarven og naturarven. Om kulturarven vert lønt som ein fast tilsett, vert naturarven lønt som ein frilansar.

– Besøkssenteret her vart bygd utan statlege middel, fortel ho og legg til:

– Me er stolte og audmjuke over å ha dette ansvaret for informasjon om og formidling av nasjonalparkane våre.

Bak oss slikkar sola Ølfjellet, laga av granitt og dimed det nest høgste i Salten, 1751 moh.

Kari Nystad-Rusaanes, dagleg leiar ved Nordland nasjonalparksenter, med Solvågtinden på skjerm.

Svartisen

No står ikkje anna att av Saltruta enn sjølve Saltfjellet, som eg skriv frå neste veke etter å ha vitja ein reindriftssame der.

Når ein er på Saltfjellet, har ein i vest Láhko, ein nasjonalpark som er rik på kalksjøar og grotter, takk vera særeigne bergartar og uvanleg mykje alpin karst, som vil seia landformer i kjemisk oppløysing.

Og når ein tek E6 eller Nordlandsbanen over Saltfjellet, har ein i sørvest Saltfjellet–Svartisen, ein nasjonalpark så stor at han breier seg inn i granneregionen Helgeland.

Dei fire andre nasjonalparkane ligg heilt og fullt i Salten. Av di 85 prosent av dei fem nemnde nasjonalparkane ligg i Salten, og berre kring 15 prosent i Helgeland, var planen å kalla dei «nasjonalparkane i Salten», men namnet vart endra til «nasjonalparkane i Midtre Nordland».

Saltfjellet–Svartisen strekkjer seg frå fjord til ein bre som er nest størst i Noreg og størst i Nord-Skandinavia. Nasjonalparken er på meir enn 2200 kvadratkilometer, like stor som Vestfold fylke, fattigare på menneske, men rikare på dyreliv, med aure, laks og røye, kongeørn og rype, fjellvåk og jaktfalk, jerv og fjellrev, elg og rein, gaupe og stundom ein bjørn.

Saltfjellet

Her i høgda er det tid for høgtflygande tankar. Kan salt-namnet vera meir enn 4000 år gamalt? Frå tida før indoeuropearane kom hit?

Moderne lingvistar ser det som mogeleg, spesielt for eit elvenamn. «Namna på store elvar er over tid mellom dei mest stabile av alle ord. Av namna på dei største europeiske elvane er 87 prosent i dag dei same som for 2000 år sidan», skriv forskaren Carsten Peust i Linguistik Online og held fram:

«50 prosent av dei store moderne elvane i Europa har truleg fått sitt noverande namn før 8000 f.Kr. Dette inneber at størstedelen av desse elvenamna ikkje kan vera av indoeuropeisk opphav, slik ein til vanleg har trudd.»

Men kvifor er elvenamna eldst?

Me tenkjer oss gjerne at indoeuropearane kom med jordbruk og fast busetjing. Og at det skjedde eit kultur- og språkskifte, og truleg eit trusskifte, det vil fleire hevda, men ikkje naudsynleg eit skifte av folkesetnad, kan henda berre av eliten. Døma er fleire på at eit område, som Nord-Afrika på 700–800-talet, får nytt språk, ny tru og nye herskarar, men held på den opphavlege folkesetnaden.

Den opphavlege før-indoeuropeiske folkesetnaden i Noreg har då ikkje vore bønder, men jegerar, samlarar og nomadar. Kan henda har elva definert biotopen deira, og kan henda er difor elvenamnet det fyrste, og så innarbeidd at det overlevde eit språkskifte.

At dalen og fjorden har vorte viktigare enn elva, kjem kan henda ikkje berre av overgangen til fast busetjing, men òg ei landheving som gjennom så mange tusen år har gjort elvar mindre farbare.

Saltmørker

Ferda og vinterdagen er enda, og mørkeret lukkar seg om Salten, og om Salt-namnet. Truleg får me aldri vita kva det tyder.

I vinter skal saltdalingane høyra smella frå isen som pakkar seg i Saltdalselva. Det er dei smella ho er kjend for.

Somme elvar har onomatopoetiske namn, ljodmålande namn etter ljoden dei lagar, som elva i Kvinesdal i Agder. Slike namn er fysiske og høyrer ikkje naudsynleg til éi språkgruppe. Kva er det som kvin? Kvina. Kva var det som small? Salpt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Samfunn

Handlingsplanar til liten nytte?

Forskarar, tenkjetankar og byråkratar har produsert ei mengd rapportar og planar til hjelp for norske born og kvinner med minoritetsbakgrunn som er stranda i utlandet.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis