JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Eit liv i reindrift

RØKLAND: Olof Anders Kuhmunen kom til verda året etter tvangsflyttinga av samane i 1949. No ser han attende og seier: – Når eg ser stolt sameungdom, kan eg døy lukkeleg.

Teikning: Mirjam Clement

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
16442
20221216

Salten

Del 3.

I desember skriv Håvard Rem frå Salten, distriktet nord for Helgeland og sør for Ofoten.

2.12. Del 1. I låg sol.

9.12. Del 2. Der alt er salt

16.12. Del 3. Reindrifta

havard@dagogtid.no

Lidenskapen for stadnamn og etymologi er stor her i landet. Før eg går i gang med tredje episode i Salten-serien, lyt eg takka dei mange eg har motteke post frå, jamvel om e-postadressa mi i førre reportasje var feil; ho er rett no. Folk frå heile Nordland fylke har rost og retta (ikkje «Lofoten-øyriket», men «Lofot-øyriket»; ikkje «Saltfjorden», men «Landegodefjorden»; takk), men fyrst og fremst har mange lesarar kome med innspel kring salt-namnet som går att i regionen.

Eitt av breva fører oss til denne episoden. Vigleik Haga i Mo i Rana siterer frå Knut Bergslund og Lajla Mattsson Maggas Åarjelsaemien-daaroen baakoegærja. Sydsamisk-norsk ordbok (Idut/ Samisk utdanningsråd, 1993) der saelhtien, det sørsamiske ordet for at noko, til dømes reinkjøt, er salta, har ei sidetyding: hav. Havet er jo salta, det òg.

Reinranchen

Men i dag er eg så langt frå hav ein kjem i Salten, inne på fjellet. Frå Hardangervidda, der eg var i haust, er det langt til Saltfjellet, der eg er no, men når eg kjem ned frå fjellet og inn på tunet til Olof Anders Kuhmunen her i Lønsdal i Saltdal kommune, får eg same kjensla som då eg kom inn på tunet til Johan Bojer Vaa i Rauland: Dette liknar ikkje eit hus på landet eller ei hytte utanfor hyttefelta, nei, det liknar ein ranch.

Ranchkjensla kjem av næringa til dei som bur her. Ein ser det på driftsbygningane, på maskinparken, ja, på familiebilen òg, gjerne ein pickup. Næringa har med dyr å gjera, men dei står ikkje på bås.

Næringa er rein – villrein og jakt i sør, tamrein og drift her nord. Men kvinnfolk har Olof Anders Kuhmunen henta seg i sør. Randi Taarneby Kuhmunen kjem frå tjukkaste Austlandet.

– Set deg inn, seier han og peikar på plassen ved vindauget kring kjøkenbordet.

– Eg har varma kaffi, seier ho og set fram bakverk, reinpølse og ei kanne.

– Her er smør. Såg du noko rein no oppi Saltfjellet, spør han.

– Nei, eg såg ingenting. Sola var så låg og skarp.

–?Skjer brødet i to, så vert det plass til meir smør, seier han.

Teikning: Mirjam Clement

Skridinga

Smør har alltid vore verdfull sikringskost for ein som alt for seksti år sidan var borte på fjellet i vekevis.

– Då hadde me ikkje snøskuter, men dreiv på gamlemåten, på ski, fortel Olof Anders.

Skulle ein fylgja reinen, laut ein ha noko på føtene. Av di samane skreid så godt på ski, vart dei i norrøn tid kalla skridfinnar.

– Olof Anders er ein kløppar på ski. Du skal sjå korleis han køyrer ned bakkane. Og han har aldri gått med anna enn kommagar, seier Randi.

Kommagar er ein hællaus sko av reinskinn.

– Du er god til å gå på ski og på skeiser og alt saman. Du har særs godt herredøme over kroppen. Me har gått på skeiser og ski midt i New York, på Rockefeller Center, seier Randi.

– Under reinflyttinga frå Sverige gjekk me seksti mil på ski, skyt Olof Anders inn.

– Det er tolv femmil, seier eg.

–?Eg skal ikkje skryta, men eg kan stå på éi ski òg, seier Olof Anders og smiler lunt og lurt.

Saltfjellet

Randi overlèt karane til seg sjølve på kjøkenet. Eg kjem frå ein snartur på Saltfjellet ­– utenkjeleg ein vinterdag då Olof Anders og eg var gutungar. Bilvegen over fjellet, som ikkje vart opna før i 1937, var vinterstengd til 1968, og asfaltert fyrst i 1972. Jarnbanelina over fjellet vart opna i 1947 og er framleis ikkje elektrifisert. I dag er det folk som dagpendlar over fjellet.

Det er det einaste fjellet som kryssar heile landet frå havet til svenskegrensa. Det strekkjer seg på tvers av heile landet som ein bom og barriere – ein ferdslemessig og økologisk barriere. Saltfjellet som ei grense –?mellom landsdelar og biotopar –?vert understreka av at den nordlege polarsirkelen kryssar fjellet. Kombinasjonen av høg breiddegrad og høgd over havet gjer fjellet fiendsleg. Verda nord for fjellet er ei anna enn verda sør for fjellet, og fjellet i seg sjølv er ei eiga verd. Det går ingen nord–sør-dal gjennom fjellet for ei elv, ein bilveg, ein skjenegang. Det går ingen veg utanom fjellet heller, anna enn ute på Norskehavet i vest eller langt inn i Sverige i aust.

Uvanleg nok ligg den inste, austlege delen av fjellet lægst, så det var her ein kunne byggja veg og jarnbane. Over den ytste, vestlege delen ligg ein bre, den største i Nord-Skandinavia. Det er den lægstliggjande breen i Fastlands-Europa og endar berre få meter over havet.

Olof Anders Kuhmunen sit på kjøkenet heime i Saltdalen og minnest dei fyrste snøskuterane midt i 1960-åra: – Dei gamle skuterane med éinsylindra Rotax-motor var totaktarar som spydde eksos og bråka og rista stygt, og ein sat ofte på kne og styrte. Nei, at ein ikkje har fått gikt i knea.

Tvangsflyttinga

– Når kom slekta di hit til Salten?

– Me kom hit i 1949, året før eg vart fødd. Då vart me tvangsevakuerte hit. Me kom då frå Karesuando i Sverige.

Karesuando ligg heilt nord i Norrbotten, berre eit lassokast frå grensa til Finland.

– Før hadde me hatt vinterbeite i Sverige og sumarbeite på norsk side, oppi Lyngen. Men frå 1919 hadde dei norske styresmaktene stengt grensa. Og då me vart utestengde frå sumarbeitet, vart det så mykje folk og rein oppi Nord-Sverige at dei svenske styresmaktene tvangsflytta oss sørover, heilt ned til Jämtland og Härjedalen.

Tusen kilometer frå Karesuando, på høgd med Trondheim og Røros, ligg Jämtland og Härjedalen som to av dei mest grisgrendte områda i Sverige. Før 1645 høyrde dei til Noreg.

Hundre år seinare vart grensene mellom Danmark-Noreg og Sverige-Finland trekte, fyrst med rett til fri ferdsle for samane, men mindre med kvart, og minst etter 1919 og Noregs sjølvstende tidleg på 1900-talet.

–?I heile dette beltet vart me tvangsflytta, og eg har slekt heile vegen, i Jokkmokk, til dømes. Det var mange tragediar som fylgde. Det var born som vart sette bort. Det var gamle og sjuke som ikkje kunne fylgja med. Det var folk som døydde under vandringa. Dei vart berre gravlagde der dei døydde. Dette heldt på i tiår. Eg har slektningar som kom hit til Salten i 1920-åra òg. Men det har eg berre lese meg til.

–?Du høyrde ikkje om det av slektningar?

– Det vart ikkje snakka om. Men ho har skrive ei bok om det no, ho Labba.

På bordet ligg Herrarna satte oss hit. Om tvångsförflyttningarna i Sverige (Norstedts, Stockholm 2020; norsk utgåve 2022), boka til journalisten Elin Anna Labba, som fekk Augustpriset i utgjevingsåret. Labba er busett i Jokkmokk, og ho kjem sjølv frå ein familie som vart tvangsflytta i 1920-åra.

Internatskulen

– Du vart fødd rett etter tvangsflyttinga?

– Eg vart fødd her i 1950, året etter at besteforeldra mine kom hit. Vinteren 1952 vart eg med dei attende til Sverige, til Arjeplog. Dei ville ha meg med, så dei kunne ha ein å ta vare på, så dei ikkje vart åleine der. Eg var der til eg var seks–sju år. Då kom mor mi og henta meg.

Ikkje alle kulturar har reindyrka kjernefamilien me feirar no i jola, med far og mor og barn, eller berre mor og barn. Eg har budd i område i Asia der det er vanleg at dei sprekare foreldra dreg for å arbeida medan dei minste er hjå dei nokså unge, kring 40 år gamle besteforeldra.

Æ visst itj kem det va førr ei ukjend dame – som va mi mor. Bestefar og bestemor var min familie. Eg var så redd henne. Eg låg i senga og tenkte å rømma, men det var minus tjue grader ute. Men så kom eg no hit, og hadde ein bror her, og ei syster. Og born gløymer fort.

– Og sidan vart du i Salten?

–?Eg var her eit år. Så fór eg over til Arjeplog att. I mellomtida hadde bestefar skadd seg på ein stein nedi vegen. Han låg på sjukehus, og eg freista å prata til han, men han vart aldri bra att. Han hadde fått ein lasso kring foten og vart dregen inn i ein stein.

På samiske språk finst eit eige ord for ein fot – menneskefot eller reinfot – som sit fast mellom stein.

– I Arjeplog byrja eg på internatskule, nomadskolan, som han vart kalla. Sverige var eit langt rikare land enn Noreg på den tida. Me vart mykje mobba av di me var norske, fattige og samar. Alt var imot oss. Eg gjekk med samisk kufte, samisk hue, samiske sko. Me vart fortalde at me ikkje fekk prata samisk. Eg hadde vore så lenge i Sverige at eg kunne svensk, men mange av dei andre samiske borna kunne ikkje svensk.

–?Så det var forsvenskingspolitikk i Sverige, slik det var fornorskingspolitikk i Noreg?

–?Å ja, å ja. Det var nok meir i Sverige enn her. I Sverige var det verkeleg hårda bud. På internatet var det berre svenske lærarar, ingen samiske, for dei skulle få oss bort frå det samiske. Men vi lurte oss unna og prata samisk i lag. Prata me samisk på skulen og internatet, vart me straffa. Det var så mange av internatelevane som prata samisk, og det var slåsting mellom grupper av samar òg. Me var reindriftssamar, men på ein annan skule gjekk samiske born som ikkje var reindriftssamar, og me slost mot dei, særleg på ishockeybanen. Midt i kampen vart køller slegne i hovudet på einkvan.

–?Og sånn vart du god til å gå på skeiser?

Han ler. Låtten er som røysta – ein svak vind over snøvidder, ein lyt lytta godt, for han pratar på lyttande vis, lågmælt og lett. Kan det ha vore slik Ivar Aasen prata? Eg spør av di han elles, i det fysiske, i andlet, hovud og høgd, liknar så på Aasen.

–?Ja, ja, og då eg vart tretten år, var skulegangen over, og då kom eg hit opp til Saltfjellet. Eg hadde jo vore her i sumarferiane, men ikkje om vinteren, for då var eg i Sverige. Det var rart å koma hit som trettenåring og skulle byrja med rein. Det var hardt. Når me drog til fjells, var me borte i vekevis. Ikkje hadde me mobiltelefon, ikkje hadde me walkietalkie, ikkje hadde me noko.

Skredet

–?Ein gong eg tok Telegrafruta opp i fjellet, vart eg teken av eit stort skred og mista ei ski. Eg fór nedover på ei snøblokk, men eg makta å balansera på skia som var att. Det var samiske ski, breie med høg tupp. Eg hugsar ljodane og braka då eg balanserte på blokka. Det var som om jorda var i rørsle. Då eg kom ned, var det blikstilt. Ikkje ein ljod. Det var om kvelden.

Når eg ser føre meg korleis han surfar på skredet nedover fjellsida, skjønar eg kva han meinte i stad då han sa at han kunne stå på éi ski òg.

– Eg mista ryggsekken inn i skredet òg. Det var oppi Krukkitind. Me hadde lege fast oppi fjellet i uvêr, og no hadde eg vore nedi Lønsdal og henta mat.

Krukkitind ligg høgt i Saltfjellet, i vest, mot Svartisen.

–?Kor gamal var du då?

–?Eg kan ha vore fjorten eller femten år. Det var nære på. Heldigvis var me to. Han gjekk lenger framme, den andre, og såg at det gjekk skred. Hadde eg vore åleine, hadde dei aldri funne meg att.?Me hadde ei lita hytte i nærleiken, så då fór me dit og venta på at det vart ljost nok til å leita etter skia neste dag. Eg var heilt handikappa med berre éi ski. Men så klarte me å finna skia, og då var eg på topp att.

–?Men sekken fann de ikkje att?

–?Nei, og han var full av mat.

–?Kva for mat?

–?Enkel mat. Ting me handla i bygda, ting me trong. Smør og sukker, kaffi og mykje gahkko.

–?Gahkko?

– Det er eit brød. Me brukte å laga gahkko med hòl midt i, og så hengde me dei opp under taket. Så tok me dei ned og kokte dei i buljong, i kraft av kjøt.

–?Med smør til?

–?Ja, ja. Me var borte i vekevis, men når det var dårleg vêr, heldt me oss i hytta. Me fór aldri ut før me visste at det stilna.

– Korleis var hyttene?

–?Ofte vart dei sure. Me laut hogga ved og fyra, men det rauk inn, og me måtte ut i sprengkulda og spy, og så inn att. Så hadde me nokre gammar her og der, og ei av dei hugsar eg var varm og god.

– Attmed Telegrafruta hadde de vel nytte av telegrafhyttene?

– Å ja, dei var ikkje isolerte, det bles rakt gjennom, men for den tida var det reine luksushytter.

Skuteren

– Du har drive med rein i seksti år?

–?Ja, sidan 1963.

–?Kva har du likt best med jobben?

–?Livet har vore fritt. Eg har byrja med klokke nu på mine gamle daga, men før hadde ein aldri klokke. Me fór når det vart lyst, og kom att når det vart halvmørkt. I uvêr har ein tenkt at ka e det ein held på med? Det har vore dårlege år med lite rein og mykje rovdyr, men så kjem ein solskinsdag. Då er alt gløymt. Då er det: Oi, så lukkeleg eg er!

–?Reinjegeren eg nemnde på Hardangervidda –?han nyttar ikkje klokke, han heller. Og saltværingen Hamsun presiserte at eit tidspunkt var så eller så «efter klokken».

–?Som reindrivar lærte eg å kjenna naturen. I gamle dagar, då ein gjekk med ski, var det noko heilt anna. Ein øydelegg sansane når ein køyrer skuter. Eg hugsar før –?då høyrde me ein fugl. Me høyrde ein vind. Me høyrde ein ljod. No, no høyrer ein ingenting. No køyrer ein berre rakt fram med skuter. Dei nye skuterane har GPS. Det øydelegg retningssansen. Og dei gamle skuterane med éinsylindra motor, dei spydde eksos og bråka og rista stygt, og ein sat gjerne på kne på dei. Nei, at ein ikkje har fått gikt i knea.

–?Når kom dei fyrste skuterane hit til Saltfjellet?

–?Dei kom i 1965, i 1966. Dei hadde éinsylindra Rotax-motor med berre åtte hestekrefter. Ein familie hadde berre éin skuter, så resten av familien hang etter på ski. I dag fer me av garde med fleire skuterar.

–?Med «gamle dagar» meiner du då tida før skuteren?

–?Ja, ja, med skuteren byrja den nye tida, då ein mista tilhøvet til naturen, til ljodane, til luktene, til spora. Ein høyrde berre motoren. Eg fekk med meg tida før, og det var ei fin tid. Eg lærte mykje, mykje av naturen då. Ein kan seia at skuteren har gjort helvta godt og helvta vondt.

Olof Anders Kuhmunen. Måleri av Lisel Shelley Tverrlie.

Sametinget

–?Og så sat du på Sametinget?

–?Eg sat på Sametinget i sju–åtte år. Det var ei lærerik tid for ein med berre sju års skulegang. Eg fekk halda tale på Stortinget i Oslo. Men så vart ein jo lei. Det vart mykje reising.

Sámediggi, Sametinget, ligg i Karasjok, 1000 kilometer frå heimen til Olof Anders.

På veggen ved peisen heng familiefoto.

–?Eg har tre born, to døtrer som er sjukepleiarar, og ein son, Jon Anders, som har teke over flokken min. Ja, syskena mine har eigne flokkar, dei òg. Eg er så glad for at ungdomen har teke over. Eg hadde vore ein fattig mann om ikkje gutungen skulle ha teke over. Då hadde slitet vore bortkasta.

–?Eg var litt aktiv i Alta-kampen, og har sidan vore meir aktiv i Spar Saltfjellet-aksjonen. Der kjempa me skulder ved skulder.

–?Det har vore ei oppvakning på dei førti åra frå Alta-kampen til i dag?

–?No ser eg mange stolte ungdomar som kler seg i samekufte. Eg vert så varm om hjarta. For det var ei skam, men det har skjedd ei stor endring, og me har mange å takka. Eg har sagt til borna mine at om eg skulle råka å døy, så døyr eg lukkeleg, for eg har fått sjå kor stolte dei er. Eg vert sjølv stolt av å sjå samisk ungdom.

Simlene

– Rein er eit hjortedyr, og hjort av mange slag finst på dei fleste kontinenta, men reinen er det einaste hjortedyret der både hannane og hoene har horn?

–?Ja, ja. Eg kan fortelja. Oksane har horn for at dei skal vera mandige og stolte. Simla får horn, og ber hornet heilt til i mai, til den fyrste veka etter at ho har kalva, for å verna den nyfødde kalven, men når kalven byrjar å gå, då ramlar horna av.

– Det er barske tilhøve for både folk og rein her oppunder polarsirkelen. Har hoene til alle tider måtta vera litt barskare her nord enn i sør?

– Ja, jo, dei har vore barskare her, hatt horn eller banna.

– På horna er det eit hudlag òg, men før dei går i brunst, lyt dei skrapa av hudlaget?

– Ja, og alle gjer det. Eg trur det er for at dei skal synast betre, at dei skal verta blanke og store når dei går i brunst. Han er fint laga, naturen. Mekanismane er fine heilt ut i fingerspissane.

Naturen

–?Naturen er så ømfintleg og fin. Då lauvet gjekk på austerveg og det ikkje var snø, då såg eg at me ville koma til å få lite snø her. På denne tida før var det vinter, kaldt og snø. No vert det berrfrost. Me får ikkje mange lag med snø, men mange lag med is. Han er knallhard, isen og snøen som er oppi fjellet no.

– Reinen kjem ikkje ned til det som veks på bakken?

– Nei, ikkje om isen legg seg rakt på fjellet. Men om det legg seg is på snøen, klarar han å banka seg gjennom. Naturen har laga det slik at det skal koma i rekkjefylgje.

–?Du er framleis med?

–?Kong Harald spurde om det same då eg møtte han til lunsj i 2017, og han humra godt av svaret: Etter at sonen tok over, heng eg i eit reinsdyrhorn på veggen, og stundom plukkar dei meg ned for å spørja om korleis ein gjer ditt eller datt, og så hengjer dei meg opp att.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Samfunn

Handlingsplanar til liten nytte?

Forskarar, tenkjetankar og byråkratar har produsert ei mengd rapportar og planar til hjelp for norske born og kvinner med minoritetsbakgrunn som er stranda i utlandet.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis