JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Salmonella

Avgrensa utbrot av salmonellose hos menneske er ikkje uvanleg i Noreg, og berre det siste året har vi påvist Salmonella frå såpass ulike matvarer som vassmelon, Kinderegg og tysk kjøtdeig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Internasjonal handel og industrielt dyrehald førte til ein eksplosiv auke i Salmonella blant slaktekylling og verpehøns over heile verda.

Foto via Wikimedia Commons

5063
20221209
5063
20221209

Folkehelseinstituttet melde nyleg om eit nasjonalt utbrot av bakterien Salmonella Agona. Og er det noko du ikkje skal ønskje deg til jul, så er det Salmonella. Agona tyder interessant nok «smertefull dødskamp», og salmonellose er ein tarminfeksjon som kan føre til både diaré, magesmerter og feber. Nokre gonger blir plagene langvarige og i dei verste tilfella kan bakterien spreie seg med blodet til fleire organ og gje langvarige og livstrugande lidingar.

Avgrensa utbrot av salmonellose hos menneske er ikkje uvanleg i Noreg, og berre det siste året har vi påvist Salmonella frå såpass ulike matvarer som vassmelon, Kinderegg og tysk kjøtdeig. Kjelda til det siste utbrotet er enno ikkje kjend, men det er nært slektskap mellom dei analyserte isolata, og smitten kjem truleg også denne gongen frå eit parti med importert mat.

Spreidd med handel

Hadde vi arrangert ei kåring av suksessrike sjukdomsbakteriar i nyare tid, ville Salmonella garantert vore ein av finalistane. Det er det mange grunnar til. Salmonellabakteriar finst i eit utal av variantar (det skal vere meir enn 2500). Dei er tarmbakteriar som kan infisere og gje sjukdom hos omtrent alle typar landdyr, samtidig overlever dei lenge i miljøet, men ikkje minst; desse bakteriane har ei eineståande evne til å trengje inn i cellene til verten og på det viset skjule seg for immunforsvaret til verten.

Difor er slike infeksjonar ofte langvarige, og hos både dyr og menneske er det vanleg med friske smitteberarar. Grovt sett kan vi skilje mellom to typar av Salmonella: Dei som trivst best hos spesifikke dyreartar og dei som er litt mindre kresne i val av vert, og som lett vert spreidde mellom ulike dyreslag, eller mellom dyr og menneske (zoonosar). Salmonella er lett å drepe med varmebehandling av maten, men skal du handtere smitta kjøt, er det lett å ureine kjøkenbenk og utstyr og på det viset pode smitten over til salat eller andre rettar som ikkje blir steikte eller kokte.

Handel er den viktigaste grunnen til den verdsomspennande spreiinga av Salmonella dei siste tiåra, nærare bestemt handel med husdyr, husdyrfôr og matvarer. Industrielt husdyrhald speler òg ei viktig rolle. I store fjøs som er fullpakka med dyr, vil introduksjon av smitte føre til rask formeiring av bakteriane, med stor risiko for vidare spreiing mellom dyra i fjøset, og til menneske, andre gardar og miljøet. Dette har vi særleg sett i dei mest intensive husdyrsystema, som fjørfebesetningar og grisefjøs.

Lite i Noreg

Før andre verdskrigen hadde vi i Noreg og andre vestlege land mest av dei variantane som berre rammar menneske (Salmonella Typhi og Paratyphi). Smitte med slike tyfoide salmonellabakteriar er svært smittsamt, og symptoma på infeksjon kan vere svært alvorlege, som blodig diaré og høg feber. Menneske som blir smitta med dei variantane av Salmonella som kjem frå dyr, får som regel litt mildare symptom.

Etter krigen endra situasjonen seg, med auka import av kraftfôr fekk vi fleire nye variantar inn i landet. Salmonellasmitten spreidde seg i norske fjøs, og sjølv om problema var aller størst i grisefjøsa, har vi også hatt utbrot av sjukdom hos hest og storfe. Streng kontroll med importert fôr sidan 1960-talet er årsaka til at vi i dag, saman med grannelanda Sverige og Finland, har lite Salmonella hos alle husdyrartar (i Noreg under 0,3 prosent).

Vi har òg lite smitte i mat og fôr, samanlikna med dei fleste land både i Europa og andre delar av verda. Her i Noreg er det òg verdt å nemne at Salmonella Typhimurium er blitt ein vanleg infeksjon hos ville fuglar og piggsvin, og er difor ei mogleg kjelde til infeksjonar hos både husdyr og menneske.

Pandemi

På 1980-talet dukka det opp ein global pandemi av Salmonella, noko som i stor grad kom frå handel med smitta egg og fjørfe. Hundretusenvis av menneske blei sjuke, egg og kylling blei brått rekna som helsefarleg mat. Fjørfenæringa i Europa gjennomførte på slutten av 1990-talet eit omfattande vaksineprogram og brukte store ressursar på å redusere smittespreiinga. Førekomsten av Salmonella i egg og kylling har gått kraftig ned, noko vi også ser på statistikken her heime. Langt færre menneske blir no sjuke etter feriereiser til Europa.

Ei siste åtvaring: Salmonellabakteriar er raske til å utvikle resistens mot antibiotika, og uvettig bruk av antibiotika i husdyrhaldet har vore med på å drive fram fleire multiresistente variantar. I tillegg til at det er vanskeleg å behandle desse tilfella, ser det ut til at dei resistente bakteriane er meir aggressive og gjev meir alvorleg sjukdom.

Dette er ein utriveleg situasjon, og det viser oss tydeleg kor tett samband det er mellom miljø, dyrehelse og folkehelse.

Arve Nilsen

Artikkelen er, som så ofte før, skriven med god fagleg hjelp frå dyrlege og forskar Eystein Skjerve.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Handel er viktigaste grunnen til den verdsomspennande spreiinga av Salmonella dei siste tiåra.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis